Statcounter

torsdag 11. juni 2020

Innsats for korona-råka Nepal

Foto: Ellen Wahlström
Mange kyrkjelydar i Møre har misjonsprosjekt i Nepal, der misjonærane Ellen og Calle Wahlström står midt oppe i arbeidet med å hjelpa dei som er hardast råka av korona-krisa. Ellen kjem frå Valderøya, og mannen Calle er frå Sverige. Dei er utsendingar for Himalpartner, og arbeider no ved Okhaldhunga sjukehus.

Då Korona-pandemien braut ut, valde Ellen og Calle å bli verande i hovudstaden Kathmandu i staden for å reisa heim. No er dei sende opp i fjella til sjukehuset som ligg ved foten av Mount Everest i Okhaldhunga-distriktet. Paraplyorganisasjonen United Mission to Nepal, som driv sjukehuset, har bede Himalpartner om å hjelpa til der nauda er størst. Ellen og Calle jobbar no i administrasjonen i sjukehuset og hjelper til med effektivisering av prosessar og kommunikasjon mellom UMN og Okhaldhunga sjukehus. «Vi er heilt avhengige av at folk vil støtte arbeidet vårt. Det gjelder alt frå privatpersonar til kyrkjer og store organisasjonar», seier Ellen i eit intervju med Øy-Blikk, lokalavisa for Giske, 11. juni i år.
Foto: Carl Anton Wahlström
Folk i Møre og Romsdal veit kor viktig det er med eit lokalsjukehus. Endå viktigare er det i det fattige  fjellandet Nepal, der dårleg infrastruktur gjer at dei fleste reisene blir lange, og det gjerne er fleire dagsmarsjar til næraste sjukehus. No under korona-pandemien er dette blitt endå vanskelegare. Transport er nesten ikkje tillete, folk må halda seg innandørs og sjukehusa slit med å finansiera arbeidet. Ellen fortel om stor auke i dødstala mellom dei fødande, om fleire sjølvmord og at folk døyr av svolt. Dersom sjukehusa blir nøydd til å seia opp folk av di dei manglar pengar til løn, vil krisa bli enorm, seier ho.

Nepal har opplevd krise før, og dei har kome seg gjennom det verste. HimalPartner har vore med på å bygga opp skular og infrastruktur etter det store jordskjelvet for fem år sidan (sjå video). Dette har kyrkjelydar i Møre vore med på. 
  
Femten sokn i Møre bispedøme har misjonsavtalar med Himalpartner. I tillegg er det nokre kyrkjelydar som har avtale med Normisjon eller Misjonsalliansen, som også driv arbeid i Nepal. Normisjon har i mange år hatt utsendingar til sjukehuset i Okhaldunga, der Ellen og Calle er no. Gjennom aksjonen «Saman som kyrkje i heile verda» (lenke) kan me løfta fram dette viktige arbeidet. Slik kan me gi ei handsrekning til våre kristne søsken i Nepal, som ønskjer å vera med på å føra landet sitt gjennom denne krisa også. 

Dei som ønskjer å gi ei gåve til arbeidet i Nepal, kan gjera det gjennom Valderøy kyrkjelyd sin facebook-aksjon for HimalPartner

Sendt - kor hen?

Misjon handlar om å vera sendt. Sendt av Gud. Men ikkje berre til land langt vekke. Kyrkja er også sendt til lokalsamfunnet der me bur. Derf...