Statcounter

Viser innlegg med etiketten innvandrarar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten innvandrarar. Vis alle innlegg

mandag 22. desember 2025

Kristent fellesskap for afghanarar

 

«Gud bringer afghanarar og andre muslimar til oss. Dei kjem frå område i verda der misjonærane ikkje kan reisa, men no står dei ved dørstokken vår,»

Ein dag i desember har eg avtalt eit spennande møte. Ved julegrana på Sankten møter eg Naqib frå afghanistan og den norske kona hans, Inger-Anne, og me går i lag opp på NMS-kontoret for ein kopp kaffi og ein prat.

Naqib brenn for å dela trua si på Jesus med andre afghanarar, og han fortel meg historia si. Det var mor hans som først kom til tru på Jesus, heime i Afghanistan, og så begynte han også å følgja Jesus. I lag med andre landsmenn bygde dei opp eit kristent arbeid i heimlandet, men etter at Taliban fekk større makt, måtte dei reisa derfrå. Som flyktning i Hellas møtte han Inger-Anne. Dei gifta seg, og no bur dei i Ålesund og er aktive i menigheten Ålesund Vineyard i Spjelkavika. Naqib ventar enno på papir for å kunna arbeida, men på fritida si gjer han det han kan for å bygga eit kristent nettverk for afghanarar i Skandinavia.

Visjonen deira er å sjå eit levande kristent fellesskap for afghanarar slå rot i Skandinavia. Dei vil styrka dei som allereie er komne til tru og ønska velkommen dei som er søkande. Slik vil dei bygga fellesskap der menn og kvinner kan møta Jesu kjærleik og veksa i trua. Me lever i ei tid der folkeslaga er på flyttefot. No kjem det mange afghanarar og muslimar til Skandinavia og heile Europa, og det gir oss eit høve for oss til å delta i det Gud gjer mellom folkeslaga.

For å oppnå det vil dei etablera kyrkjer og husfellesskap over heile Skandinavia, arrangera leirar og samlingar og undervisa leiarar. Dei vil også nå ut til afghanarar og andre muslimar som ønskjer å vita meir om den kristne trua.   

«Gud bringer afghanarar og andre muslimar til oss. Dei kjem frå område i verda der misjonærane ikkje kan reisa, men no står dei ved dørstokken vår,» seier Naqib.  No har kyrkjene her i Skandinavia eit unikt høve til å ønska dei velkommen og dela evangeliet med dei. Han ser gjerne at fleire blir med han i dette arbeidet. 

mandag 13. juli 2020

Kristne migrantar i kyrkja

"Korleis kan kyrkja legga til rette for at kristne migrantar skal kjenna seg heime i norske kyrkjelydar og vera med og setta sitt preg på kyrkja?"  Kvifor er det eit viktig spørsmål for kyrkja vår?
Arkivfoto frå Bergen International Church

Den norske kyrkja misser medlemer kvart år, men talet på kristne innvandrarar aukar stadig. Problemet vårt er at berre eit fåtal av dei kristne innvandrarane kjenner seg heime i kyrkja vår. Då risikerer me at folkekyrkja etter kvart blir redusert til eit monokulturelt trussamfunn for ein mindre og mindre del av folket vårt, medan kyrkja i sitt vesen eigentleg er internasjonal og fleirkulturell.
Kyrkjemøtet skulle ha drøfta problemstillinga i vår, men i staden blir saka sendt ut på høyring i bispedøma, og denne sommaren arbeider eg med å gjennomgå saka på bispekontoret her i Møre. Så kan bispedømerådet sjå på saka i haust, før Kyrkjerådet gjer eit endeleg vedtak i desember. 

Ti kjenneteikn
For å vera folkekyrkje i tida framover, må Den norske kyrkja ha ti kjenneteikn, meiner Kyrkjerådet. Desse ti kjenneteikna, er: «Dialogisk ydmykhet, diakonal tilnærming, gode relasjoner, inkluderende fellesskap, mangfoldige gudstjenester, relevant forkynnelse, kultursensitiv trosopplæring, anerkjennelse av krysskulturelle barn og unge, representativt lederskap og økumenisk samarbeid.» Sjølvsagt går det ikkje an å berre vedta at kyrkja skal ha alle desse gode kjenneteikna. Det må følgjast opp av praktisk arbeid for å få det til. Men eit vedtak kan vera eit steg i rett retning.  

Sjølv hadde eg fleire spennande år som pastor i Bergen International Church, og fekk merka kor berikande det var å samlast som kristne frå mange ulike land og med ulik kulturell bakgrunn. Samstundes veit eg kor vanskeleg det kan vera å praktisera gode ideal om inkludering og mangfald i vanlege norske kyrkjelydar. Kor mange med innvandrarbakgrunn er med i sokneråd eller andre utval? Kor ofte høyrer me eit anna språk enn norsk? Med unntak av det hebraiske "halleluja", det greske "kyrie eleison" og det latinske "gloria" er det nokså sjeldan. 

Det er mange grunnar til at kristne innvandrarar ofte finn seg betre til rette i ulike norske frikyrkjelege trussamfunn, eller at dei samlar seg i eigne kyrkjelydar med sine eigne språk, slik nordmenn i utlandet ofte gjer. Men eg trur at kyrkja vår treng dei kristne innvandrarane. Anten gjennom godt samarbeid med migrantkyrkjelydar, eller ved å la innvandrarar som prøver å finna sin plass i lokalkyrkjelydane våre, bli ein synleg og aktiv del av fellesskapet. 


For dei som er interessert i å lesa saksdokument, står det meir konkret kva som er meint med kvart av desse ti kjenneteikna i dokumentet, som kan lesast her. https://kirken.no/globalassets/kirken.no/om-kirken/slik-styres-kirken/kirkeradet/2020/januar/kr_08_0_20_kristne%20migranter.pdf

Den danske folkekyrkja har også arbeidd med ei liknande sak, og dei har tilsvarande laga «8 teser om den nydanske folkekirke». Der har dei lagt ut nokre videoar som forklarar saka på ein enkel måte. 



Finst det unådde folkeslag 2000 år etter Jesus?

Det var flott å delta på Unåddkonferansen på IMI Forum i Stavanger i lag med meir enn 600 menneske som ivrar for misjon.   Unådd 2026 blei ...