
Det var flott å delta på Unåddkonferansen på IMI Forum i Stavanger i lag med meir enn 600 menneske som ivrar for misjon.
Unådd 2026 blei halden for 8. gang, og dei siste åra har NMS vore ein av dei nesten 50 organisasjonane eller kyrkjesamfunna som arrangerer konferansen. Nytt av året var det såkalte "menighetssporet", som eg deltok på.
Viktigaste "takeaway":
- Meir enn halvparten av alle folkegrupper i verda er meir eller mindre unådde av misjon.
- Leiinga i kyrkjelydane er heilt sentrale i å gjera misjonsavtalen synleg.
- Det må vera samanheng mellom misjon lokalt og globalt.
![]() |
| Underteikna og leiar i Møre bispedømeråd, Arnt Ove Tennfjord på Unådd 2026 |
Kva vil det eigentleg seia å vera unådd?
Omgrepet kan absolutt diskuterast. Finst det i det heile tatt noko menneske på jorda som ikkje er nådd av Gud? "Han er då ikkje langt borte frå ein einaste ein av oss. For i han er det vi lever og rører oss og er til", seier Paulus i den berømte talen på Areopagos i Aten. Men i denne samanhengen handlar det om land eller folkegrupper med få kristne, eller der folk ikkje har tilgang til evangeliet.
Kva med Italia, med over 80 % kristne? Nokre organisasjonar reknar berre med dei evangeliske kristne i eit land eller ei folkegruppe, og inkluderer ikkje katolske eller ortodokse kristne i statistikkane. Dermed vil nokre også rekna Italia som eit "unådd" land fordi det har så få evangeliske kristne. For meg blir det smått absurd. Dette treng likevel ikkje bety at ein aldri skal driva misjon i land som har ei lang kristen historie.
Er for eksempel Egypt eit unådd land? Kristendommen kom dit med evangelisten Markus mindre enn ti år etter at Jesus sendte ut apostlane, og landet har fleire millionar kristne. Men i praksis kan likevel mange grupper i landet vera unådd av evangeliet. JoshuaProject, som kartlegger unådde folkeslag, opererer med 46 ulike folkegrupper i Egypt, og dei reknar 33 av desse som unådde, dvs. at det er ein svært liten prosentandel kristne i desse gruppene, sjølv om landet har sterke og livskraftige kyrkjesamfunn. NMS samarbeider både med den evangeliske kristne og med den koptisk-ortodokse kyrkja.
Totalt i heile verda reknar Joshua Project
med at det er mellom 10 000 og 16 000 folkegrupper i verda, alt etter
korleis ein tel dei, og at meir enn halvparten av desse er meir eller mindre
unådde av evangeliet. Sjølv om det går an å vera uenig med måten Joshua Project tel kristne
på, så har dei samla ganske mange
ressursar som det kan vera nyttig for oss å sjå på, og samanlikna med den
informasjonen me sit på i vårt eige arbeid rundt om i verda.
![]() |
| Generalsekretær Helge Gaard i "sofaprat" med Rune Edvardsen. |
Det som var nytt på Unådd dette året, var at det var eit eige "spor" for menighet og misjon, og det deltok eg på. Der diskuterte me korleis me kan få heile menigheten til å engasjera seg for misjon, og ikkje berre nokre få eldsjeler. Dette var veldig nyttig og inspirerande for meg, sidan ein del av jobben min i NMS handlar om å styrka misjonsavtalane i kyrkjelydane. For det er jo ein veldig variasjon i kor stort engasjement det er for misjon i dei menighetane som har misjonsavtale. Det var inspirerande å delta på, sjølv om det naturleg nok var prega av ulike frimenighetar, som har ein annan struktur enn i Den norske kyrkja. NMS har misjonsavtalar med 600 av kyrkjelydane, og i år blei det også underskrive ein sentral avtale mellom NMS og Den norske kyrkja.
Det viktigaste som eg tok med meg frå Unådd 26: Det blei endå meir tydeleg for meg kor viktig det er at leiinga i
kyrkjelydane, dvs. sokneråd, og stab, er heilt sentral i det å bruka misjonsavtalen i
menigheten, og at det må vera samanheng mellom misjon i nærmiljøet og misjon i
utlandet. Og så fekk eg innblikk i ein del av misjonsarbeidet i Midtausten som
skjer i regi av andre kristne kyrkjer.
Eg veit jo av eigen erfaring som menighetsprest at det kan vera vanskeleg nok å halda fokus på misjonsavtalen, til og med for dei som er motiverte. Det kan lett bli til at misjon druknar i alt anna arbeid, iallfall viss det blir berre ein av mange aktivitetar. Men dersom me kan sjå korleis alt heng saman, så kan menigheten bli misjonal på den måten at me ser at alt me gjer, har ein samanheng med at Jesus sender oss ut, både i lokalmenigheten og i det globale arbeidet.

