I Bibelselskapet i Egypt drøymer dei om å opna ein bokhandel
i den nye hovudstaden som er under bygging aust for Kairo. Dei vil i så fall få
eit strategisk bibelsenter plassert midt i handlesenteret i Nye Kairo, ein
bydel på størrelse med Singapore.
Eg fekk nylig tilsendt eit nyhetsbrev frå det egyptiske bibelselskapet. Der skriv dei at dei no går mot trenden når dei opnar fleire bokhandlar når mange elles i verda må stenga ned. Nedanfor er teksten til eit innlegg som er lagt ut på NMS sin Midtøstenblogg:
I Egypt er Bibelselskapet sine bokhandlar mykje meir enn ein
stad å kjøpa bøker. Dei er viktige senter som gjer Bibelen synleg og
tilgjengeleg i det offentlege rommet. Derfor har dei no nyleg opna bokhandel nr
18 i ein by sør i Egypt, og har planar om å opna ei ny avdeling i den nye
hovudstaden som er under utbygging 40-50 kilometer aust for sentrum av Kairo. Ein
investor som svært gjerne vil ha ein bibelbutikk i kjøpesenteret sitt, har gitt
dei eit svært godt tilbod om ein stad midt i handlesenteret i den nye bydelen.
Nye Kairo – stormannsgalskap eller framtidsretta
planlegging?
Den egyptiske hovudstaden har blitt utvida fleire gonger
gjennom historia, sidan den arabiske erobraren Amr ibn el-As etablerte
hovudstaden Fustat i år 641 e.Kr, like ved festninga Babylon. Denne bydelen
blir kalla «Det koptiske Kairo» på grunn av dei mange kyrkjene som ligg på eit
lite område.
Godt og vel 300 år seinare erobra dei nordafrikanske
shiamuslimske fatimidane Egypt, og grunnla ein ny hovudstad for kalifatet i
nærleiken av den gamle. Den nye bydelelen fekk namnet al-Qahira, som tyder «Den
sigrande». Det er dette som er det offisielle namnet på hovudstaden den dag i
dag, sjølv om egyptarar flest kallar både landet og byen for Masr – eit namn
som tyder «garnisonsby». Det har for øvrig same rot som det hebraiske
Mitserajim, som er det namnet på Egypt me finn i den hebraiske Bibelen. Det er
i denne fatimide-hovudstaden me finn alle dei kjende moskeane i «Islamic
Cairo», som t.d. den verdskjende al-Azhar-moskeen.
Seinare er byen utvida i alle retningar og sentrum er blitt modernisert
fleire gonger, til altså president Sisi no er i gang med å bygga «Nye Kairo». Den
nye hovudstaden blir på størrelse med Singapore, og skal husa om lag seks
millionar menneske. Her
er lenke til ein film på YouTube om byggeplanane.
Bygginga har ikkje vore utan problem, men arbeidet er godt i gang, og den nye hovudstaden har også fått plass til ei kyrkje. Framleis er det mange kristne rundt om i Egypt som ventar på ein stad der dei kan halda gudsteneste, men presidenten ønskjer å demonstrera eit godt samhald mellom muslimar og kristne, og har aktivt støtta bygging av kyrkjer mange stader. I Nye Kairo fekk han dermed bygd ein ny katedral for den koptisk-ortodokse kyrkja – Kristi fødsels-katedral, eller Cathedral of the Nativity of Christ. Denne blei opna i januar 2019, og er den største kyrkja i Midtausten, med plass til 8000 menneske. Like ved ligg den endå større Al-Fattah al-Alim-moskeen.
Den offisielle gode tonen mellom staten og den koptiske ortodokse kyrkja står likevel i sterk kontrast til den manglande fridomen til alle som er i opposisjon. Ytringsfridomen har endå dårlegare kår i dag enn før «den arabiske våren» som tok til i 2011, og staten slår hardt ned på meiningsmotstandarar.
NMS si støtte til Bibelselskapet i Egypt går til
drift av to butikkar i Kairo sentrum. Dei er som sagt viktige senter for å gjera
evangeliet tilgjengeleg for folk. Ein mann kom inn i ein slik butikk ein dag. Han
kjende ikkje til kristendomen frå før, men fekk sjå eit vakkert hefte med
Bergpreika, med tittelen «Ord som endra verda». Han kjøpte det og tok det med
heim for å lesa det. Ei veke seinare kom han tilbake og kjøpte 100 eksemplar
for å gi til naboar og venner!