Statcounter

onsdag 1. september 2021

Vellukka aksjon for søsterkyrkjer

 

Foto: Margit L. Holte

Aksjonen «Saman som kyrkje i heile verda» var vellukka i år som i fjor. Dette året var det tre gonger så mange sokn i Møre bispedøme som deltok i aksjonen, samanlikna med 2020, og meir enn tre hundre tusen kroner er samla inn på nokre få veker. Det er seks gonger så mykje som i fjor! Truleg blir aksjonen ei årviss hending.  

Margit Lovise Holte er sokneprest i Ulstein på Søre Sunnmøre. Hausten 2019 var ho med på bispedømet sin studietur til Egypt, der ho fekk sjå nærare misjonsprosjektet som kyrkjelyden støttar. Mellom anna var ho på besøk til Anafora, der ho møtte søster Theodora. Dette skriv Margit på Ulstein kyrkje si Facebook-side:

«Anafora er ein retreatstad, dagsenter, skule og heim for ungdom. Mange familier er så fattig at dei må sende frå seg ungdom som vert overlatt heimlause til kriminalitet og overgrep. Ved Anafora får dei hus, mat, skulegang, arbeidstrening og hjelp til å bearbeide traume etter overgrep.  Søster Theresa er eit vidunderleg menneske som gjorde sterk inntrykk. Ho kom ein gong hit som forkomen ungdom, no leier ho nonnene sitt arbeid og er ei kjelde av glede og visdom. Eg har sett at arbeidet vi støttar forandrar liv og gjev ungdom utan håp framtid og tryggleik. Det er bra meiningsfullt!»

Solidaritetsaksjonen for søsterkyrkjer og kristne over heile verda gjekk frå Kristi himmelfartsdag til Sankthans. 34 sokn i Møre bispedøme melde seg på til aksjonen, mot berre 11 i fjor. Totalt har Møre samla inn over tre hundre tusen kroner. Dei 32 sokna som har sendt inn rapport så langt, har i gjennomsnitt samla inn rundt 9500 kroner kvar til misjonsprosjekta sine i aksjonsperioden, det vil seia om lag 60% av det som normalt blir samla inn gjennom eit heilt år (ca seksten tusen). Det er dermed grunn til å tru at kyrkjelydane i Møre totalt vil samla inn meir enn normalt dette året. På landsplan er det per i dag rapportert inn meir enn 1,5 million kroner.

«Saman som kyrkje i heile verda» har vore eit vinn-vinn-prosjekt for alle involverte. Det betyr mykje for kristne søstre og brør i andre land å vita at andre står saman med dei i ein vanskeleg situasjon. For kyrkjelydane her hos oss har aksjonen gjort det lettare å nå innsamlingsmåla. Til dømes har Sykkylven kyrkje eit innsamlingsmål på tjuefem tusen i året, men berre under aksjonen samla dei inn nesten tjuefire tusen til dei kristne i Thailand.

Aksjonen har også gjort kyrkjelydane sine misjonsavtalar meir synlege. Gjennom sosiale medium, heimesider og lokalaviser har mange fleire fått vita kva kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt går ut på. Gjennom paraplyorganisasjonen SMM – «Samarbeid menighet og misjon» - kan norske kyrkjelydar velja mellom sju ulike misjonsorganisasjonar, som arbeider på ulik måte for å bygga levande kyrkjelydar over heile verda. På denne måten hjelper organisasjonane lokalkyrkjelydane våre til å gjennomføra kyrkja sitt globale oppdrag.

Kyrkjelydane i Møre bispedøme har vore med og samla inn pengar til prosjekt i Estland, England, Bolivia, Midtausten, Etiopia, Madagaskar, Nepal, Kina og Thailand. Dei fleste av desse prosjekta er i regi  av NMS (Det Norske Misjonsselskap), men også Stefanusalliansen, Misjonsalliansen, Himalpartner og Areopagos har kanalisert midlar frå Møre.


Korleis går det med Dalia i Rafah?

Tidlegare denne våren fortalde den kristne TV-kanalen SAT-7 om 17 år gamle Dalia som hadde flykta frå Nord-Gaza til Rafah i sør . No e...