Middle East Concern (MEC) melder at fleire kristne slapp
ut av iranske fengsel i februar, som del av eit generelt amnesti for mange politiske
fangar i samband med 44-årsfeiringa av den islamske revolusjonen. Presset mot
dei kristne er likevel ikkje mindre.
MEC er ein av NMS sine partnarar i Midtausten.
Organisasjonen jobbar særleg for kristne som blir forfylgde på grunn av trua si.
På heimesidene sine deler dei informasjon om nokre av dei som er lauslatne den
siste tida.
Den 8. februar slapp Saman (Saheb) Fadaye ut av
Evin-fengselet i Iran. Han vart arrestert i mai 2016 i lag med fleire andre konvertittar.
Han vart dømd til 80 piskeslag for å ha drukke vin under feiring av nattverd,
og seinare fekk han ti års fengselsstraff for å ha «handla mot nasjonal
tryggleik ved å utbreia huskyrkjer og sionistisk kristendom», som det heiter.
Ei veke etter, blei konvertitten Hadi (Moslem) Rahimi (33)
lauslaten frå Evin-fengselet. Moslem vart arrestert for tre år sidan i lag med
andre medlemmer av ein husmenighet i Rasht, nord i Iran. I august 2020 blei dei
alle tildelt fengselsstraffar på mellom to og fem år for «handlingar mot
nasjonal tryggleik». Moslem sjølv fekk ein dom på fire år. Han vart først
lauslaten mot kausjon, men har no sete i fengsel sidan januar 2022.
Pastor Yousef Nadarkhani slapp ut 26. februar i år. Han blei
arrestert i mai 2016 saman med kona si, Tina, og tre andre konvertittar. Ein av
dei var Saman (Saheb) Fadaye, som slapp ut av fengsel 8. februar. Ifølge
organisasjonen «For the Martyrs var Nadarkhani 19 år gammal då han konverterte
frå islam. Han blei medlem i den evangeliske kyrkja i Iran og er pastor for ein
husmenighet med rundt 400 medlemer. Pastoren er blitt arrestert minst fem
gonger, er blitt dømd til døden i minst 8 år no, og er blitt forsøkt pressa fleire
gonger til å forsaka trua si på Jesus, men har alltid nekta.
Amnestiet, som omfattar tusenvis av opposisjonelle, er ein
del av feiringa av 44-årsjubileet til den islamske revolusjonen. Det folkelege
opprøret tok til i januar 1978 og kulminerte i januar og februar 1979 med at Shahen
av Iran flykta. Seinare same våren erklærte Ayatollah Khomeini Iran som islamsk
republikk. Revolusjonen i Iran vart ein inspirasjon for islamistiske rørsler
over heile verda, og utløyste viktige endringar i geopolitiske alliansar som er
tydelege enno i dag, 44 år etterpå.
Sjølv om fleire kristne er lauslatne den siste tida, betyr
det ikkje at presset mot kristne iranarar er blitt mindre. Anahita (Anna)
Khademi, som slapp ut av fengsel mot ein kausjon på om lag 40 tusen kroner den
28. januar, er framleis skulda for «propaganda mot systemet» og for å ha «forstyrra
den offentlege opinionen». Ho er gift med pastor Abdolreza (Mattias) Hagnedjad,
som framleis sit fengsla i Lakan-fengselet i byen Rasht, etter å ha blitt
arrestert i lag med to andre konvertittar under ei julefeiring den 26. desember.
Han sonar ein dom frå 2014, og blei kalla «ein statsfiende» av dommaren under
ei rettssak tidlegare same året.
Amnestiet i Iran er også blitt kritisert av
menneskerettsorganisasjonar. Hadi Ghaemi, direktør ved Center for Human
Rights in Iran, seier at «den såkalla ‘benådinga’ ikkje er anna enn eit
skamlaust PR-stunt som viser kor fullstendig tilfeldig rettferda er i den
islamske republikken, der arrestasjonar og lauslatingar skjer etter innfall frå
staten».
«Her må dei heilage halda ut, dei som held seg til Guds bod og trua på Jesus» (Opb 14,12).
Bloggartikkelen er også publisert på NMS sin Midtøstenblogg.