Statcounter

mandag 20. april 2020

Kven er dei kristne i Midtausten?


Denne helga har dei kristne i Midtausten feira påske. Iallfall dei som følgjer kalenderen til dei ortodokse kyrkjene. I år blei det nok ikkje heilt som på dette bildet, som er frå kyrkja til biskop Thomas i Egypt, frå landsbyen El-Qusiyyah midt i landet. Den koptiske ortodokse kyrkja er berre eitt av mange forskjellige kyrkjesamfunn i Midtausten, og det kan vera nokså vanskeleg å få oversikt over kven dei er, alle saman, men eg har prøvd å laga ei enkel oversikt:

I masteroppgåva om NMS sitt misjonsarbeid i Midtausten sidan starten i 1990, skreiv eg eitt kapittel om dei kristne kyrkjene: Kap 3.3 Kristne i det muslimske Midtausten. Der kan du lesa meir om kven dei kristne er, og litt om korleis det er å vera kristen i eit muslimsk samfunn.

Masteroppgåva vart skriven som ein del av faget "kulturmøte" ved Høgskulen i Volda, og var ferdig hausten 2019.


tirsdag 14. april 2020

Den norske (medie-)kyrkja og norsk mediemisjon


Kyrkja feirar påske på drive-in-gudsteneste ved Molde stadion og overfører lyd gjennom nærradioen. Eg kjenner meg igjen frå tida som mediemisjonær i Midtausten når eg no ser prestar, diakonar, organistar og trusopplærarar legga ut filmsnuttar på Facebook, YouTube og Vimeo. Denne påska har tusenvis av nordmenn fått med seg ei gudsteneste gjennom NRK eller lokale sendingar via mange ulike former for massemedia. Når kyrkjene er stengde, må evangeliet likevel finna ein veg.

For om lag 30 år sidan byrja Det Norske Misjonsselskap (NMS) å leita etter nye måtar å dela evangeliet med menneske i hjartet av den muslimske verda. Problemet var at det ikkje var mogleg å driva misjonsarbeid i tradisjonell forstand. Då kunne massemedia vera ei løysing. Sjølv budde eg og familien i til saman sju år i Egypt utan noko offisiell rolle som misjonærar, og etter at me flytta tilbake til Norge, har arbeidet halde fram. Men det har også endra seg nokså mykje. Dette misjonsarbeidet skriv eg om i ei masteroppgåve som eg leverte ved Høgskulen i Volda sist haust, og eg har lyst til å legga ut nokre utdrag frå denne oppgåva her på bloggen innimellom, i tida som kjem.  

Her er lenke til eit kapittel i oppgåva. Det handlar om den generelle mediesituasjonen i Midtausten på den tida NMS begynte å engasjera seg i området.

(Bildet over er henta frå Møre bispedøme si facebook-side

Korleis går det med Dalia i Rafah?

Tidlegare denne våren fortalde den kristne TV-kanalen SAT-7 om 17 år gamle Dalia som hadde flykta frå Nord-Gaza til Rafah i sør . No e...