Statcounter

Viser innlegg med etiketten kirke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kirke. Vis alle innlegg

søndag 5. oktober 2025

På besøk i Støperiet Ålesund

Ein fredagskveld i oktober tok eg meg ein tur innom Støperiet i Frikirken sine lokale i Storgata i Ålesund sentrum. Dette er Frikirken sin møteplass for unge vaksne. Me var to godt vaksne menn som  gjekk hit i lag denne kvelden, og det har sin gode grunn i at den eine av oss er far til pastoren, og den andre er far til kveldens talar.


Denne kvelden var det litt færre unge vaksne enn normalt, for det var starten av haustferien, men det var vel ein 30-40 som hadde samla seg rundt småborda i møtelokalet. Miriam Mulelid, nytilsett leiar i Imf Ung Sunnmøre, talte om å følga etter Jesus, og delte veldig personleg rundt kvifor dette kan vera så vanskeleg. Det var lett å sjå at folk hadde det fint, både før og under møtet. Me gamle gjekk heim tidleg, men ungdommane heldt det gåande ut i dei små timar.


Det er Joakim Solbakken som er pastor for Støperiet Ålesund. Han har eit varmt engasjement for Jesus, og brenn for at unge vaksne skal ha eit varmt og nært fellesskap. Dette skal vera ei kyrkje der ein lett kan ta med venner, der ein kan bygga vennskap og dela livet med kvarandre.  «Vi ønsker at dette skal være starten på noe stort i Guds rike. Mennesker skal få komme til tro, lære å leve nær Jesus og få dele Han videre med andre!» Slik står det på Støperiet sine eigne heimesider. Joakim Solbakken blei ordinert til pastor i Den evangelisk-lutherske frikyrkja i august, på gudsteneste i Sula Frikirke. Han deler jobben sin mellom menigheten på Sula og Støperiet. 

Navnet «Støperiet» er eit konsept utvikla av FriBU (Frikirkens barn og unge), og det handlar om å bli forvandla og foredla av Jesus: «Et støperi tar inn gammelt metall i ulike former, fasonger og kvalitet. Disse smeltes, raffineres, foredles og støpes om til vakre former med ny hensikt og verdi. Prosessen går til kjernen, den tar tid, og det er kostbart. Men den forvandler.»   

Det er godt at det er eit slikt godt tilbod for unge vaksne i sentrum. Den norske kyrkja har ikkje eit liknande tilbod, men heldigvis er Guds rike større enn våre ulike kyrkjesamfunn.  


mandag 2. oktober 2023

Sendt - til Ålesund?

 

Denne hausten har mykje endra seg. Eg har frivillig gått ned til 50% stilling i NMS og jobbar no deltid som prest i Ålesund. Samstundes er eg valt inn i soknerådet i Vigra, der eg bur. Dessutan er eg ektemann, far og bestefar, og eg er aktiv i eitt av dei lokale musikk-korpsa. Korleis i alle dagar skal eg klara å sjonglera alle desse rollene?

Mange har det på same måten. Me har ulike roller på ulike stader, og ofte samtidig, i yrkeslivet, i familien og i kyrkje og misjonsarbeid. Det hjelper å tenka at i alle desse rollene er me sendt av Gud. Ikkje berre til heile verda, men også til lokalsamfunnet.  

Den moderne norske misjonsrørsla som vaks fram for eit par hundre år sidan, var opptatt av å senda misjonærar til land langt borte. Det er ikkje noko gale i det. Trass alt sa Jesus at disiplane skulle gå ut i heile verda og forkynna evangeliet for alt som Gud har skapt (Mk 16,15). Då må nokon reisa ut, slik dei gjorde, dei første apostlane. Men dei reiste ut frå ein lokalkyrkjelyd som sende dei. Slik var det også med dei norske misjonærane. Dei fekk misjonærkallet med utgangspunkt i den lokale kyrkja dei høyrde til i. Dei var ein del av ei åndeleg vekking, og dei hadde fått ein nød for å dela evangeliet med andre.   

Kyrkja er alltid både lokal og global. Det høyrer me faktisk kvar gong nokon er blitt døypt og skal presenterast for kyrkjelyden: «Dette er NN, døypt inn i vår kyrkjelyd og i Kristi verdsvide kyrkje». Derfor har kyrkjelyden også sitt misjonsprosjekt. For Ålesund og Volsdalen sin del støttar me
Himalpartner sitt arbeid i Nepal. Det gjeld også Vigra sokn, der eg er i soknerådet.  

Men kan me vera misjonærar i Ålesund? Eg håpar no inderleg det. Det er derfor eg er prest. For å vitna om Jesus og det håpet me har i han. Men det er ein heilt annan kontekst enn misjonsarbeidet i Kairo eller i Katmandu. Her går eg inn i ein kyrkjelyd med ein lang historie og med sine eigne tradisjonar og sosiale nettverk. Mange har lagt ned ein stor innsats her i tidlegare tider. Eg er klar over at eg berre er ein liten brikke i eit arbeid som er mykje større enn meg sjølv.

Likevel trur eg at me skal tenka stort om det arbeidet me er med på – uansett kva rolle me har. Dei møta me får med menneske gjennom ein dag eller ei veke, dei kan få stor betydning. Kan du få peika på Jesus i møte med konfirmantar, med dåpsforeldre, med menneske i sorg, med eldre og sjuke, då er du misjonær. Det gjeld alle kristne.

På konfirmantleir tidlegare i haust brukte eg «misjonstauet». Alle konfirmantane fekk halda i tauet. Ein var Jesus, ein annan apostelen Peter, nokre representerte dei 3000 som vart døypte på pinsedagen i Jerusalem. Slik gjekk det vidare gjennom historia fram til vår tid. Men enno var det meir tau å halda i. Kven skal ta utfordringa vidare? Kallet gjeld alle døypte: Me er kalla av Jesus til å følga han og sendt for å vera hans vitne.

Ålesund og Volsdalen menighet har sine utfordringar. Kyrkjene her har vore fullare før, det kan me ikkje legga skjul på. Men den korte tida eg har vore her, har eg møtt på gode og dedikerte medarbeidarar i stab, sokneråd og frivillige. Dei er uvurderlege. Saman er me sendt av Jesus. Til byen. 



torsdag 23. februar 2023

Bølla som ville ha Bibelen



Ein svær, kraftig kar med store musklar kom inn i ein av bibelselskapet sine bokhandlar i Egypt ein dag. Han oppførte seg uhøfleg og prøvde å skremma butikkpersonalet til å gi han ein gratis bibel. 

Dei sa til han at det ikkje gjekk an, og viste han biblane dei hadde til sals. Men han heldt fram med å kreva ein gratis bibel. Til slutt seier ein av dei til han at dersom han vil ha ei personleg gåve, kan han komma tilbake etter arbeidstid dagen etter, så vil butikkmannen gi han ein bibel som ei gåve frå han personleg. Det gjorde mannen. Dagen etter kom han tilbake og fekk Bibelen. Ei veke etter kjem bølla tilbake til bokhandelen, som ein heilt annan person. Han var audmjuk, høfleg og snill og ba om unnskyldning igjen og igjen, og insisterte på å betala for Bibelen. Men butikkmannen nekta å ta imot pengar. «Dette var ei personleg gåve frå meg til deg», sa han. Det endte med at mannen bestemte seg for å gi ei gåve som takk til Bibelselskapet.

Denne historia finn me i Bibelselskapet i Egypt sin årsrapport for 2022. Organisasjonen har no 19 slike bokhandlar spreidde omkring i landet. Dei fungerer som viktige støttepunkt for lokalkyrkjene og er eit viktig kristent nærvær i samfunnet. Med utgangspunkt i desse butikkane distribuerte Bibelselskapet i Egypt meir enn 2,5 millionar trykte bibeldelar i 2022. Meir enn halvparten av desse er for born, og det var ein auke på 54% samanlikna med året før. 215 tusen heile biblar og nesten 90 tusen nytestament vart distribuerte, saman med meir enn 2 millionar studiehefte og ulikt materiell for born. I tillegg kjem digitale bibelversjonar, som også har mange brukarar.

Ein 71 år gammal mann fortalde kor viktig lydbibelen var for han. «Dei første 69 åra av livet mitt, las eg nesten aldri i Bibelen. Eg las litt her og litt der, men eg kom meg aldri gjennom nokon av skriftene. Men dei siste to åra, etter at eg mista synet, har eg lytta meir enn eg las nokon gong på 69 år. Eg har fullført Det nye testamentet, og no les eg Det gamle testamentet. Omtrent annan kvar dag legg eg lydboka ut i sola for å lada batteriet. Å ha MegaVoice-Bibelen i handa er som å vera i kyrkja!»  

I tillegg til bokhandlane, driv Bibelselskapet i Egypt eit eige bibel- og aktivitetssenter for born, og dei skipar til mange lokale arrangement for å skapa blest om Guds ord. Alt dette bidrar til Bibelselskapet sitt mål om at Bibelen skal brukast av folk i Egypt. Bibelen skal vera lett tilgjengeleg, til ein pris folk kan betala, og i relevante format som gjer det kjekt å lesa og lett å forstå. Bibelselskapet er ein organisasjon som har tillit på tvers av kyrkjene i Egypt, og NMS har støtta organisasjonen sidan 2008. Støtta vår er med på å gi økonomisk grunnlag til å drifta to bokhandlar i Kairo.

Teksten ovanfor vart først publisert på NMS sin "Midtøstenblogg".  

Neste månad planlegg kona mi og eg eit månadsopphald i Egypt for å følgja opp NMS sine ulike partnarar i landet, og mellom dei er Bibelselskapet. Me gler oss!

torsdag 27. oktober 2022

Presten med den ville draumen

Pastor John Samy, Maher Rizkallah og underteikna ved tomten.

«Du er ein gal prest! Vil du begynna på nytt ein ny plass no når du har brukt ein mannsalder på å bygga opp denne store kyrkjelyden frå ingenting? Du kunne slappa av og ha det trygt resten av livet, og så tar du ein ny jobb med ein brøkdel av inntekta du har no?» Slik reagerte dei i kyrkja då pastor John Samy bestemte seg for å planta ny kyrkjelyd i Kairo. Kanskje kan me vera med på å realisera draumen hans.

Eg kjenner pastor John frå den tida han var ung pastor i Omraniyya, ein folkerik bydel i storbyen ved Nilen. Eg møtte han i samband med arbeidet mitt i ungdomsbladet «Magalla», der han var med som frivillig rådgjevar for redaksjonen, og han inviterte meg til å preika i kyrkja hans eit par gonger.


No har 55-åringen doktorgrad i teologi, og har vore leiar for kyrkjeplantingsavdelinga i Nilsynoden, Den evangeliske kyrkja i Egypt. Etter 27 år i same kyrkjelyd valde han å bli hyrde for ein mindre kyrkjelyd i Maadi, sør i byen, og dei tar no sikte på nybrottsarbeid i Zahraa el-Maadi, ein ny bydel like ved ørkenen. Området har lenge vore tilhaldsstad for zabalinane, søppelhentarane, som lever av å samla og resirkulera det andre kastar. Då me budde i Kairo for mange år sidan, var det zabalinane frå Zahraa el-Maadi som henta søppelet vårt med eselkjerre kvar veke. I dag er området blitt ein ny bydel der mange frå middelklassen kjøper leilighet.  Pastor John sin draum er å bygga opp ein kyrkjelyd med plass for alle samfunnsklassar, der dei som har meir kan hjelpa dei aller fattigaste, slik at livet blir betre for dei.

Staten har gitt kyrkjetomt


I dag er den vesle kyrkjelyden utan eige kyrkjebygg, og har inntil vidare fått låna lokale i den katolske kyrkja. Men dei har fått beskjed om at dei snart må ut derfrå, og treng ein eigen stad å samlast. Heldigvis har dei fått tildelt eit mål jord til å bygga kyrkje på, men det er langt opp og fram før eit bygg står på plass. Landmålarar frå Kairo by var ute og målte opp tomten og skreiv ut eit målebrev tidlegare i år. Dette er ein del av politikken til regjeringa til president Sisi, som er ganske positiv til kyrkja, og opptatt av at det skal vera kyrkjer i nye bydelar, ikkje berre moskear.  Planen til pastor John og kyrkjelyden hans er at så snart alle papir og planar er i orden, skal dei gå i gang med å bygga ein mur rundt tomten og få ein vaktmann til å bu der. Det må til for å sikra at ingen andre tar seg til rette og bygger noko på tomten. Så vil dei så snart dei har midlar til det, begynna å bygga, noko enkelt til å byrja med, og så vil dei utvida etter som kyrkjelyden veks.

Folk er viktigare enn kyrkjebygget

Likevel er det ikkje sjølve kyrkjebygningen som er det viktigaste for pastor John, men folket som dei kan tena gjennom å vera til stades i drabantbyen. Her er det mange behov, særleg overfor dei fattigaste, og dei ønskjer å ha ei heilskapleg tilnærming til kyrkjelydsbygginga. Dei som har midlar, skal lærast opp til å gi, og dei som har behov for hjelp, skal få det. Dei fattige treng undervisning helse og personleg hygiene, skulegang for borna. Og alle treng det åndelege budskapet frå evangeliet om Jesus. Men, som pastor John seier det, Jesus var også opptatt av å dekka dei fysiske behova til folket han møtte.

Hundre frivillige

Eg kjem akkurat frå «Use Your Talents»-konferanse i Kamerun, og det fortalde eg pastor John om – korleis kyrkjene i Sentral- og Vest-Afrika var samla for å dela erfaringar om korleis dei kan bruka dei lokale ressursane sine for å utvikla lokalsamfunna sine. Så me snakka litt om kva talent dei har i kyrkjelyden. Dei har no rundt hundre frivillige. Det er t.d. songarar og musikarar, søndagsskulelærarar og barne- og ungdomsleiarar og folk med diakonale oppgåver som er med i besøksteneste. Det er eit godt utgangspunkt for å bygga vidare på kyrkjelyden, men enno er det langt igjen til at dei har råd til å betala det som er gjennomsnittsløna til ein pastor, og pastor John må enno ei stund klara seg med ein god del mindre enn han hadde før han slutta i kyrkjelyden han bygde opp i Omraniyya. «Eg ville ut av komfortsona», seier han, og slik har det blitt.   

Eg håpar at nokre norske kyrkjelydar som har misjonsavtale med NMS om Midtausten, kan vera interesserte i å etablera venskapsband med denne kyrkja, og kanskje kan me få til eit samarbeidsprosjekt med NMS. Personleg vil eg iallfall vera interessert i å følgja med i korleis det går med nybrottsarbeidet ikkje langt frå der me budde for 20-30 år sidan.  

Finst det unådde folkeslag 2000 år etter Jesus?

Det var flott å delta på Unåddkonferansen på IMI Forum i Stavanger i lag med meir enn 600 menneske som ivrar for misjon.   Unådd 2026 blei ...