Statcounter

lørdag 27. november 2021

NMS og bispedømet på flyttefot i Ålesund

 NMS flyttar kontoret til Kongens gate 3 i Ålesund, og Møre bispedøme sitt avdelingskontor i sunnmørsbyen følgjer med. Sjølv byter eg snart jobb, men blir verande på same kontoret. 


Det meste av flyttelasset tok me i snøkavet sist torsdag, 25. november. Det var kort veg å flytta frå Keiser Wilhelms gate like på sørsida av bysentrum, men alt måtte jo likevel pakkast i esker og berast ned i varebilane. Heldigvis slapp me å flytta alle kontormøblane, for huseigar kunne tilby oss det me treng av dette, og det meste av møblar kunne me la stå i det gamle kontoret. 

Inngangen til det nye kontoret ligg på sjøsida av huset me ser her på det øverste bildet, ved sida av gullsmedbutikken. Kontoret ligg i 3. etasje med utsikt til både Brosundet og gågata. 

Sjølv jobbar eg som misjonsrådgivar i Møre bispedøme no, men til nyttår byrjar eg i NMS som rådgivar for Midtausten og Pakistan. Då passar det jo godt at bispedømet og NMS deler kontor, så eg slepp å reisa langt til den nye jobben. Det er forresten ikkje heilt sant, for det blir sjølvsagt ein del reising til dei prosjekta som eg skal følgja opp - i den grad korona-situasjonen gjer det mogleg å reisa. Akkurat no held me på å planlegga ein tur til Kairo i januar og eg håpar me skal kunna gjennomføra den turen. Akkurat no kan det sjå ut til at det kan vera litt usikkert, med tanke på "omikron-varianten" av korona-viruset. 



tirsdag 9. november 2021

Samfunnsbygging med ringverknader

 

Otto i full sving med trekking av lodd.

Om nokre dagar reiser Otto Stornes og Åge Birger Hofseth til Nepal for å sjå til fabrikken som er under utvikling i Ghodaghodi, langt vest i landet. Sist laurdag var det misjonsmøte med utlodding til inntekt for Himalpartner, som driv mange ulike prosjekt i Nepal.

Sidesalen i Valderøy kyrkje var godt full, og rundt 50 stykke i alle aldrar hadde benka seg rundt borda. Generalsekretær Tor Kristian Birkeland fortalde om arbeidet i Nepal, og elles var det mange som bidrog på ulike måtar med å få til møtet.  

Otto og Åge Birger er to av fleire sunnmøringar som har investert pengar for å få i gang ein fabrikk i Nepal. Målet er å læra opp lokale fagfolk til å driva serieproduksjon av vindu og møblar på ein måte som etter kvart kan bli lønnsamt. På den måten fører dei arven frå den haugiansk-inspirerte småindustrien på Sunnmøre vidare, slik Himalpartner (tidlegare Tibetmisjonen) heile tida har arbeidd i Nepal. 

Dette fjellandet mellom India og Kina har aldri vore ope for tradisjonell, kyrkjebyggande misjon, men mange organisasjonar har i mange år samarbeidd om ulike utviklingsprosjekt gjennom paraplyorganisasjonen United Mission to Nepal. Ringverknadane av denne kontakten har så ført til at det har vakse fram eit livskraftig kristent samfunn i landet, og ulike kyrkjesamfunn er blitt etablert.     

Himalaya Møre er namnet på Himalpartner sin lokale støtteorganisasjon, og dei er særs aktive med å hjelpa til med pengeinnsamlingar og informasjonsarbeid. 

Valderøy sokn og Vigra sokn har to ulike misjonsprosjekt knytt til Himalpartner sitt arbeid i landet. «Mental helse Nepal» er namnet på Valderøy sokn sitt prosjekt, og Vigra støttar prosjektet «Gi ungdom et levebrød!». 

Du kan lesa meir om desse misjonsprosjekta her: 

https://kirken.no/nb-NO/fellesrad/giske-kyrkjelege-fellesrad/misjon/misjonsprosjekt/ 


Korleis går det med Dalia i Rafah?

Tidlegare denne våren fortalde den kristne TV-kanalen SAT-7 om 17 år gamle Dalia som hadde flykta frå Nord-Gaza til Rafah i sør . No e...