Statcounter

søndag 23. august 2020

Haugiansk møbelkompetanse frå Sunnmøre til Himalaya

Eg hadde gledd meg til gudstenesta i Vigra kyrkje i dag, for då skulle det nye misjonsprosjektet bli presentert. Det blei ei god oppleving. Nokså mykje folk var samla, og då vår gode prest Benjamin Anda var ferdig med preika, fekk me høyra om møbelfabrikken i Nepal, som blir Vigra sitt misjonsprosjekt for Himalpartner. Det nye prosjektet erstattar avtalen me har hatt med Normisjon i mange år.   Otto Stornes, Åge Birger Hofseth og Bjørn Ødegaard fortalde om arbeidet, som er eit misjonsprosjekt i haugiansk ånd, der forretningsdrift og kristenliv går hand i hand. Bjørn overrakte også eit par gåver til kyrkjelyden, mellom anna eit par nepalske flagg som kan minna oss på å be for Nepal.  

Lokal tilknytning

Misjonsprosjektet til Vigra kyrkjelyd har lokal tilknytning. Otto Stornes har eit ønske om å overføra ein del av den kompetansen han har frå «Dør og Vindusvern» på Roald, til landsbyfolk i Nepal. Saman med fleire andre sunnmørske forretningsfolk og møbelfabrikantar har han vore med og danna konsulentfirmaet «Himalayan Wood Systems DA» for å gi vegleiing og opplæring til dei som skal driva møbelfabrikk i Ghodaghodi. Denne landsbyen ligg langt vest i Nepal, på slettelandet like nord for grensa mot India.  Sjølve forretningsdrifta skal kyrkjelyden vår forresten ikkje ha noko direkte med å gjera. Det tar Otto, Åge Birger og dei andre forretningsfolka seg av sjølve. Turane dei har til Nepal for å bygga opp fabrikken, betalar dei av eiga lomme. Misjonsprosjektet går meir ut på dei ringverknadane ein ny møbelfabrikk kan ha i lokalsamfunnet, fortalde Åge Birger.


Berekraftig utvikling

Gjennom dette prosjektet vil folk i landsbyen få høve til å arbeida og få seg inntekt heime, i staden for å reisa til Midtausten for å jobba på dårlege slavekontraktar. Dessutan vil ein legga vinn på gode haldningar for å få bukt med korrupsjonen, som er så øydeleggande. Dette kan få gode ringverknadar i lokalsamfunnet.  Bjørn Ødegaard fortalde at då han i si tid var misjonær i Nepal, var det to tusen kristne i landet. No er det to millionar.  Misjonærane har aldri hatt lov til å driva aktiv evangelisering, men alle utviklingsprosjekta, saman med engasjerte lokale kristne, har ført til ein enorm kyrkjevekst i landet. Otto sa også at hans håp er at det kan veksa fram ei livskraftig kyrkje i Ghodaghodi, og at kyrkja kan vera med og endra dei negative haldningane som er med å halda folket nede utan anna framtidshåp enn ein litt betre situasjon i neste liv.   

Når eg skriv dette, sit eg på toget på veg gjennom Gudbrandsdalen. I morgon og tysdag skal eg vera med på møte i SMM – Samarbeid Menighet og Misjon. Misjonsrådgjevarane i dei 11 bispedøma i kyrkja vår skal samlast, og me skal møta SMM-rådet for å snakka om korleis SMM bør organiserast i framtida. Endeleg skal eg få treffa kollegane mine – det har vore eit merkeleg halvår. Men me har det likevel godt her til lands. Bjørn Ødegaard fortalde at Nepal enno ei gong går i «lock-down», noko som betyr at folk blir stengde inne i husa sine. Dei får ikkje gått på arbeid, frustrasjonen er stor, og ofte går det ut over dei svakaste, som blir utsette for vold og andre overgrep. Folk i Nepal treng både forbøn og praktisk hjelp.  Med dette prosjektet er to av sokna i Giske kommune engasjerte i Nepal. Frå før er Valderøy sokn med og støttar prosjektet «Mental helse i Nepal», som Ellen og Calle Wahlström arbeider i. Dei er no midlertidig flytta til sjukehuset i Okhaldhunga for å koordinera korona-arbeidet der.  

 

Korleis går det med Dalia i Rafah?

Tidlegare denne våren fortalde den kristne TV-kanalen SAT-7 om 17 år gamle Dalia som hadde flykta frå Nord-Gaza til Rafah i sør . No e...