Statcounter

tirsdag 10. oktober 2023

Be om fred for Det heilage landet

Den avskyelege terroren frå Hamas, der over tusen menneske blei slakta ned i eit blodbad som Israel ikkje har sett maken til sidan holocaust, blir med rette massivt fordømt frå heile den vestlege verda. Sjølv om eg har mykje sympati for saka til det palestinske folket, kan ingenting forsvara regelrett mord av sivile.  

Det er lett å forstå sinnet til det israelske folket i møte med slik terror, og me har naturleg nok full forståelse for at Israel skal kunna forsvara seg. Hamas må avvæpnast, og arbeid for å få til ein rettferdig fred for alle folkegruppene i området må gjenopptakast. Samstundes må me ikkje gløyma alle dei uskuldige sivile som blir offer for bomberegnet frå Israel, og no er det viktig å be om fred for alle som bur i Det heilage landet.



SAT-7 sin direktør, Rita El-Mounayer skriv følgjande i ei pressemelding:

Me i SAT-7 er i djup sjokk og sorg over hendingane me har vore vitne til i Det heilage landet. Me kan knappast forstå smerten, skrekken og tapet som både unge og eldre går gjennom. Tankane våre går til alle dei som står midt oppe i kamphandlingane, særleg dei som for alltid har fått liva sine endra gjennom tapet av sine kjære, eller på grunn av skade eller traume.

SAT-7 følgjer den pågåande krisa, og kanalane våre vil gi støtte til sjåarane, kor enn dei er, gjennom live-sendingar og på sosiale media i denne desperate tida.

Ei mor kontakta oss og sa:

«Borna mine og eg låste oss inne heime. Me skalv av lydane frå rakettane, men fann fred i bøna, i tillit til Guds kjærleig og vern. Be for oss, SAT-7. Me held stadig bønemøter på nettet for å halda saman og finna trøyst.»

Me oppmodar dykk, venner og støttespelarar, om å bli med oss i bøn:

·       Om at kamphandlingane må ta slutt umiddelbart

·       Om trøyst og styrke for alle som er påverka av valden

·       For fred, rettferd og fridom for folkeslaga i Det heilage landet

·       For den kommande generasjonen i heile regionen, at dei skal venda hjarta sitt til fred i staden for vald og hat.

Mine muslimske venner i Egypt har slett ikkje fordømt Hamas. Dei ser berre den eine sida av saka, at muslimar døyr av bombene frå Israel. Dei nemner ikkje at terroristane frå Gaza drap kvinner, barn og gamle i ei valdsbølge som Israel ikkje har sett maken til. I deira auge er blokaden og bombinga av Gaza like gale, og dei som storma over grensa og inn i Israel sist laurdag, dei er heltar, fridomskjemparar og martyrar. «Å Gud, gi ære til islam og muslimane, vanær vantrua og dei vantruande, og øydelegg trua sine fiendar», ber dei.

Heller ikkje Al-Azhar har fordømt Hamas sine terrorhandlingar. Al-Azhar er det eldste universitetet i Egypt, og eit av dei mest prestisjefylte islamske utdanningsstadene. Det var opprinneleg ein shia-islamsk institusjon, men er no eit viktig sunni-islamsk senter. Noverande «Sheikh al-Azhar» (rektor) Ahmed el-Tayeb gav laurdag uttrykk for støtte til motstandenfrå det palestinske folket og «martyrane deira», og sa at det internasjonale samfunnet må slutta å vera dobbeltmoralske i møte med den israelsk-palestinske konflikten. I ein artikkel om drapa på to israelske turistar i Alexandria skriv nettavisa Mada Masr søndag at utsegnene frå Al-Azhar har sett egyptiske styresmakter i forlegenhet.

Egyptiske styresmakter har samarbeidd med Israel om blokaden av Gaza, og er svært lite interesserte i å sleppa hordar av Hamas-tilhengarar over grensa inn i Egypt, noko som kan utgjera ein fare for destabilisering av landet. Nord-Sinai har allereie vore eit stort problem for president Sisi, og det vil ikkje bli betre dersom grensene blir opna. Derfor er det viktig for Egypt å prøva så godt dei kan å roa gemytta ned. Samtidig set Egypt i verk tiltak for å førebu seg på flyktningar frå Gaza. Sjukehus, skular, matdistributørar og bensinstasjonar blir sett i beredskap i nærliggande byar, og det ligg føre ein plan for å setta opp teltleirar i området.  

Det finst ingen enkle svar på konfliktane i Midtausten. Det veit me etter så mange år med forsøk på fredsforhandlingar. Eller – det finst enkle svar, men dei enkle svara inneber at det eine folket må vika og overlata landet til andre. Og så enkelt er det ikkje. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Korleis går det med Dalia i Rafah?

Tidlegare denne våren fortalde den kristne TV-kanalen SAT-7 om 17 år gamle Dalia som hadde flykta frå Nord-Gaza til Rafah i sør . No e...