Statcounter

tirsdag 29. desember 2020

Julegåva som varmar på fleire måtar

Eg fekk det eg ønskte meg til jul. Ny hue av yak-ull frå Tibet. No har eg testa hua, og ho er ubegripeleg god og varm sjølv om ho er nokså tynn og lett. Ho er tettstrikka av finaste ull frå yak-oksar på den tibetanske høgsletta i Kina. Det var kona som gav meg denne hua, på oppfordring frå meg. Ho er elles ein racer i å strikka, og har gitt meg mykje flott og heimestrikka. Men akkurat denne hua er strikka av kvinner i Tibet, under namnet «CYAK Handicrafts». Dette er eitt av prosjekta som HimalPartner driv i Himalaya. 

  
På lappen som følgjer med hua står det: «Gjeterne i Yushu-området, som gjennomsnittlig ligger på 4400 meters høyde på Qinghai-Tibet-platået, samler om våren inn yakullen som kan virke nærmest verdiløs. Ved å betale gjetere en pris over gjennomsnittet, gjør CYAK Handicraft dem i stand til å bruke sine ferdigheter og naturressurser for å tjene til livets opphold med verdighet. Yakull er en naturlig, organisk, bærekraftig og fornybar ressurs. Yak’en sin «frakk» består av et ytre tykt lag med grov pels og et indre lag av myk dunull av høy kvalitet. Denne dunullen er grunnmaterialet for CYAK Handicraft sine produkter» Det beste med denne julegåva er at heile overskotet frå salet går tilbake til lokale prosjekt som HimalPartner driv i Himalaya, både i Nepal og på den tibetanske høgsletta. 


Så er det framleis ein lang vinter framfor oss. Det går an å handla denne hua og andre ting frå nettbutikken til eldsjelane frå Sunnmøre: https://butikk.gijernet.no/

onsdag 16. desember 2020

Religionsdialog i Møre

 

Foto: Andreas G. Hesselberg / Nytt i Uka

Saman med representantar frå Human-Etisk forbund, Den katolske kyrkja og muslimar i Møre og Romsdal, har eg fått vera med i førebuingane til å starta opp eit lokallag tilknytta STL – Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn.

Det blir lyst til stiftingsmøte i Molde i midten av januar, truleg tysdag 19. januar.  Tanken er at kvart trussamfunn kan ha inntil 2 representantar i rådet. Det kan gjerne vera andre enn meg sjølv som representerer Den norske kyrkja her, så eg håpar interesserte vil ta kontakt.

Initiativet kom frå Human-Etisk Forbund. Lokallagsleiar Inger Slinning tok kontakt med ulike trussamfunn, og fekk med seg Khiem Nguyen frå Den katolske kyrkja, Harald Abdel-Rehman Solar frå Waqf Nordmøre og underteikna frå Den norske kyrkja. Me møttest som interimstyre til to Teams-møte no i desember, og sist veke blei me intervjua av ålesundsavisa Nytt i Uka. Eg har også snakka med Vidar Hovden, pastor i Syvendedags Adventistkirken, som har sagt han ønskjer å delta i dialogforumet. Håpar me også får respons frå andre religionar.

Kvifor er eg som misjonsrådgjevar med på dette?

Eg huskar at for mange år sidan, hadde eg ein andakt på eit misjonsmøte, der eg åtvara sterkt mot dialog. Det kunne føra til religionsblanding, sa eg. Eg var teologistudent og hadde nok lese om dialog i den kristne dagspressa, reknar eg med. Den gongen, på åttitalet, var dialog heller ikkje så anerkjent i evangelikale kretsar. Mykje har endra seg sidan då, også inni mitt eige hovud. Dialog er ikkje det same som misjon, men det går an å driva dialogisk misjon. Lise Tørnby har skrive ein god artikkel om tilhøvet mellom dialog og misjon. I dag er ho generalsekretær for Fransiskushjelpen, men tidlegare har ho vore tilsett i NMS og arbeidd som dagleg leiar i STL – Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn.

Personleg har eg bak meg ein del år som misjonær i Egypt på 1990-talet. Dialog som sådan var ikkje eit tema den gongen. I Egypt er religionsdialog eit særs ømtåleg tema, og det vesle som finst av det, ber preg av å feia interreligiøse spenningar under teppet. Misjonsarbeidet vårt var likevel prega av ei dialogisk  haldning. Det våre lokale samarbeidspartnarar produserte, anten på ein direkte eller indirekte måte, bar preg av å ikkje konfrontera og provosera den muslimske majoriteten. Me ville målbera det positive ved trua vår, utan å kritisera det dei andre trudde på.

Tilbake i Bergen på 2000-talet var eg ei kort tid med på eit prosjekt som heiter «Religionsmøtet og menigheten». Gjennom dette arbeidet fekk eg mellom anna vera med på studietur til Leicester, ein engelsk by med mange innvandrarar med ulik religiøs bakgrunn. Eg prøvde også å etablera kontakt med muslimar i Bergen, men følte ikkje at eg kom nokon veg den gongen, så eg kunne ikkje bruka meir tid på det. Eg las nyleg ein stad at nokre av dei eg tok kontakt med på den tida, sjølv tok initiativet til å danna STL i Bergen etter terrorhandlingane sommaren 2011.

Som misjonsrådgjevar skal eg vera opptatt av misjon, og at kyrkjelydane i Møre bispedøme er misjonerande. Dialog som fagområde ligg i kryssingspunktet mellom misjon og diakoni.  Liksom Gud sende Son sin til verda, sender han kyrkja til verda, og me har ansvar for å bygga eit godt samfunn i lag med alle menneske av god vilje. Så får me håpa at STL Møre og Romsdal kan føra noko godt med seg.

Målet med dette, er ikkje å bli einige om alt mogleg, for trass alt er me veldig forskjellige, og me skal ta vare på eigenarten vår. Som kristen ønskjer eg sjølvsagt djupast sett at alle skal bli kjende med Guds kjærleik slik Jesus har openberra den for oss. Men det er saker der det er naturleg for meg å stå saman med muslimar – eller human-etikarar for den saks skuld.


Korleis går det med Dalia i Rafah?

Tidlegare denne våren fortalde den kristne TV-kanalen SAT-7 om 17 år gamle Dalia som hadde flykta frå Nord-Gaza til Rafah i sør . No e...