Statcounter

Viser innlegg med etiketten Mali. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mali. Vis alle innlegg

torsdag 26. mars 2020

Korona gir oss nye fellesskap i misjonen.

I kveld hadde NMS sitt første direktesendte misjonsmøte som blei overført på video via Microsoft-programmet Teams. Misjonen har alltid vore tidleg ute med å tilpassa seg nye tider og ny teknologi.  For meir enn hundre år sidan viste misjonærane lysbilde ved hjelp av parafin.

No er det korona-viruset som tvingar misjonen til å finna nye samværsformer, når dei fellesskapa me er vane med, ikkje er mogleg å gjennomføra lenger.

Kva slags fellesskap er misjonen?  "Forestilte fellesskap" er eit uttrykk som er blitt kjent gjennom ei bok av Benedict Anderson.  Kort fortalt skreiv han om at nasjonalisme utviklar seg i eit land når folk føler seg som eit fellesskap. Når me i kveld sat i stova vår og såg skjermane, så hjelpte det oss nok til å føla eit fellesskap.  Bildet på datamaskin og fjernsyn gjorde at me kom nærare kvarandre.  Samtidig er me noko meir enn eit forestilt fellesskap. Gud har kalla oss inn i eit fellesskap som er noko reelt.  Me høyrer saman som brør og søstre i eit verdsvidt fellesskap i Kristus.

Dette verdsvide fellesskapet kom også nærare oss gjennom skjermane i kveld, når Frode Brügger Sætre viste oss bilde frå Mali og fortalde om misjonsarbeidet der, og arbeidet med konfliktløysing mellom bufaste bønder i sør og kvegdrivarar frå nord som flyttar sørover. Frode kjenner me personleg frå tida vår i Bergen International Church for ein del år sidan. Han var aktivt med i kyrkjelyden, og blei ordinert som misjonær frå St. Markus kirke der kyrkjelyden held hus. No er han nett blitt evakuert frå Mali.  Takk, Frode, for di trufaste teneste i Mali!


Finst det unådde folkeslag 2000 år etter Jesus?

Det var flott å delta på Unåddkonferansen på IMI Forum i Stavanger i lag med meir enn 600 menneske som ivrar for misjon.   Unådd 2026 blei ...