Statcounter

Viser innlegg med etiketten Afghanistan. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Afghanistan. Vis alle innlegg

mandag 22. desember 2025

Kristent fellesskap for afghanarar

 

«Gud bringer afghanarar og andre muslimar til oss. Dei kjem frå område i verda der misjonærane ikkje kan reisa, men no står dei ved dørstokken vår,»

Ein dag i desember har eg avtalt eit spennande møte. Ved julegrana på Sankten møter eg Naqib frå afghanistan og den norske kona hans, Inger-Anne, og me går i lag opp på NMS-kontoret for ein kopp kaffi og ein prat.

Naqib brenn for å dela trua si på Jesus med andre afghanarar, og han fortel meg historia si. Det var mor hans som først kom til tru på Jesus, heime i Afghanistan, og så begynte han også å følgja Jesus. I lag med andre landsmenn bygde dei opp eit kristent arbeid i heimlandet, men etter at Taliban fekk større makt, måtte dei reisa derfrå. Som flyktning i Hellas møtte han Inger-Anne. Dei gifta seg, og no bur dei i Ålesund og er aktive i menigheten Ålesund Vineyard i Spjelkavika. Naqib ventar enno på papir for å kunna arbeida, men på fritida si gjer han det han kan for å bygga eit kristent nettverk for afghanarar i Skandinavia.

Visjonen deira er å sjå eit levande kristent fellesskap for afghanarar slå rot i Skandinavia. Dei vil styrka dei som allereie er komne til tru og ønska velkommen dei som er søkande. Slik vil dei bygga fellesskap der menn og kvinner kan møta Jesu kjærleik og veksa i trua. Me lever i ei tid der folkeslaga er på flyttefot. No kjem det mange afghanarar og muslimar til Skandinavia og heile Europa, og det gir oss eit høve for oss til å delta i det Gud gjer mellom folkeslaga.

For å oppnå det vil dei etablera kyrkjer og husfellesskap over heile Skandinavia, arrangera leirar og samlingar og undervisa leiarar. Dei vil også nå ut til afghanarar og andre muslimar som ønskjer å vita meir om den kristne trua.   

«Gud bringer afghanarar og andre muslimar til oss. Dei kjem frå område i verda der misjonærane ikkje kan reisa, men no står dei ved dørstokken vår,» seier Naqib.  No har kyrkjene her i Skandinavia eit unikt høve til å ønska dei velkommen og dela evangeliet med dei. Han ser gjerne at fleire blir med han i dette arbeidet. 

mandag 22. juli 2024

"Hadde eg venger, så ville eg fly"


"Hadde eg venger, så ville eg fly til til ein stad der eg kunne gått på skule, for her i Afghanistan får eg ikkje lov til å studera". Det er ei afghansk kvinne som seier dette til den kristne TV-kanalen SAT-7, ein viktig samarbeidsorganisasjon for NMS.        

SAT-7 melder at den farsispråklege kanalen deira no set i gang skulefjernsyn på dari, den varianten av persisk som er vanleg i Afghanistan. Dette kjem som ein respons på at Afghanistan har opplevd ei utdanningskrise etter at Taliban overtok makta for snart tre år sidan, i august 2021.  Ein reknar med at rundt 3,7 millionar born ikkje har tilgang til utdanning i Afghanistan, dette fjellandet som ligg midt mellom Midtausten, Sentral-Asia og Sør-Asia. For jenter er situasjonen aller verst, sidan Taliban legg store hindringar i vegen for dei. 

Programma som no blir laga, skal i første omgang gi grunnleggande lese- og skriveopplæring, og er retta mot små born. Dei kan også vera nyttige for eldre born og vaksne analfabetar, og ikkje minst for jenter og kvinner som må halda seg heime. Eit langsiktig mål for skuleprogramma til SAT-7 er å gi folk evne til å lesa, slik at dei også kan ta til seg dei gode nyheitene i evangeliet, seier Nader Taghizadeh, regissør for skulefjernsynet. Les meir her. 

Det er ikkje så lite ironisk at Taliban har medført ei utdanningskrise i Afghanistan. Då tenkjer eg på at namnet tyder "studentar". Taliban oppstod som ein maktfaktor i landet midt på 1990-talet. Dei var studentar som hadde gått på tradisjonelle islamske koranskular. I 1996 etablerte gruppa sitt første emirat i Afghanistan, og praktiserte ei streng tolking av den islamske sharia-lovgjevinga. Religiøse og etniske minoritetar blei diskriminerte, kulturelle monument blei øydelagde, det meste av musikk blei forbode og kvinner blei nekta utdanning. Etter den amerikanske invasjonen i 2001 flykta leiarskapet til Pakistan. Etter mange år med krigføring starta dei ein offensiv våren 2021, som kulminerte med den overraskande maktovertakinga i august same året.  


Finst det unådde folkeslag 2000 år etter Jesus?

Det var flott å delta på Unåddkonferansen på IMI Forum i Stavanger i lag med meir enn 600 menneske som ivrar for misjon.   Unådd 2026 blei ...