Statcounter

torsdag 19. mai 2022

Kyrkja i Pakistan

Denne våren har mykje handla om Pakistan for min del, etter at eg begynte å arbeida i NMS som rådgivar for Midtausten og Pakistan. Endeleg fekk eg til eit besøk dit – tretti år etter at me prøvde første gong! Etter teologistudiet var det jo meininga at me skulle flytta til Peshawar, og eg skulle vera prest i Church of Pakistan. Slik gjekk det ikkje, og me enda opp i Egypt i staden. Men det er ei anna historie.


I april fekk eg eit kort besøk som turist til Pakistan, der eg var innom den norske ambassaden, møtte representantar for samarbeidskyrkja vår, Church of Pakistan, og eg fekk sjå arbeidet til den kristne organisasjonen Centre for Legal Aid Assistance and Settlement (CLAAS). CLAAS får norsk utviklingsstøtte frå Norad, kanalisert gjennom NMS. Dessutan har eg heile denne våren vore med på ulike digitale konferansar og møtt folk som på ulike måtar er opptatt av å støtta den kristne minoriteten i Pakistan.

Med meir enn 200 millionar muslimar, er Pakistan det nest største muslimske landet i verda, etter Indonesia. Landet blei oppretta som eit heimland for muslimar i 1947, etter at britane oppgav India og landet blei delt. Pakistan er dominert av sunni-islam, men har også ulike religiøse minoritetar. Både shia-muslimar, ahmadi-muslimar, sikhar, hinduar og kristne.

Dei kristne er ein liten minoritet i Pakistan, og på den offisielle statistikken utgjer dei ikkje meir enn 1,27%. Halvparten høyrer til Den katolske kyrkja, og resten er protestantar av ulike grupper. NMS samarbeider med Church of Pakistan. Denne kyrkja blei etablert i 1970 som eit økumenisk samarbeid mellom fire ulike kyrkjesamfunn, mellom anna den lutherske kyrkja som norske misjonærar hadde vore med og etablert nord i landet. Sidan dei siste misjonærane avslutta arbeidet sitt, har NMS halde fram med eit samarbeid med kyrkja, særleg Peshawar bispedøme. På turen min til Pakistan sist månad fekk eg ikkje til å besøka Peshawar, men fekk treffa preses i kyrkja, biskop Azad Marshall og staben hans, som held til i Raiwind bispedøme i sørlege delen av storbyen Lahore i Punjab. Der fekk eg også møta den lokale presten, Yaqub Samuel, som me ser på bildet under. 


Dei kristne i Pakistan er svært glade for kontakt med kristne brør og søstre frå andre stader, og dei gjorde alt for at eg skulle føla meg velkommen i landet. Også for meg personleg var dette ei viktig reise, og eg håpar det lar seg gjera at eg får komma tilbake igjen. Lat oss huska på dei i bøn. 

Her er lenke til ein artikkel eg skreiv om tvangskonvertering og tvangsgifte:

https://nms.no/midtosten/2022/05/18/valdtekt-av-sjel-og-kropp/  

Korleis går det med Dalia i Rafah?

Tidlegare denne våren fortalde den kristne TV-kanalen SAT-7 om 17 år gamle Dalia som hadde flykta frå Nord-Gaza til Rafah i sør . No e...