Statcounter

Viser innlegg med etiketten møre bispedøme. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten møre bispedøme. Vis alle innlegg

torsdag 29. oktober 2026

Finst det unådde folkeslag 2000 år etter Jesus?



Det var flott å delta på Unåddkonferansen på IMI Forum i Stavanger i lag med meir enn 600 menneske som ivrar for misjon. 

Unådd 2026 blei halden for 8. gang, og dei siste åra har NMS vore ein av dei nesten 50 organisasjonane eller kyrkjesamfunna som arrangerer konferansen. Nytt av året var det såkalte "menighetssporet", som eg deltok på.

Viktigaste "takeaway": 

- Meir enn halvparten av alle folkegrupper i verda er meir eller mindre unådde av misjon.

- Leiinga i kyrkjelydane er heilt sentrale i å gjera misjonsavtalen synleg.

- Det må vera samanheng mellom misjon lokalt og globalt. 

Underteikna og leiar i Møre bispedømeråd, Arnt Ove Tennfjord på Unådd 2026

Kva vil det eigentleg seia å vera unådd? 

Omgrepet kan absolutt diskuterast. Finst det i det heile tatt noko menneske på jorda som ikkje er nådd av Gud? "Han er då ikkje langt borte frå ein einaste ein av oss. For i han er det vi lever og rører oss og er til", seier Paulus i den berømte talen på Areopagos i Aten. Men i denne samanhengen handlar det om land eller folkegrupper med få kristne, eller der folk ikkje har tilgang til evangeliet. 

Kva med Italia, med over 80 % kristne?  Nokre organisasjonar reknar berre med dei evangeliske kristne i eit land eller ei folkegruppe, og inkluderer ikkje katolske eller ortodokse kristne i statistikkane. Dermed vil nokre også rekna Italia som eit "unådd" land fordi det har så få evangeliske kristne. For meg blir det smått absurd. Dette treng likevel ikkje bety at ein aldri skal driva misjon i land som har ei lang kristen historie.  

Er for eksempel Egypt eit unådd land? Kristendommen kom dit med evangelisten Markus mindre enn ti år etter at Jesus sendte ut apostlane, og landet har fleire millionar kristne. Men i praksis kan likevel mange grupper i landet vera unådd av evangeliet.  JoshuaProject, som kartlegger unådde folkeslag, opererer med 46 ulike folkegrupper i Egypt, og dei reknar 33 av desse som unådde, dvs. at det er ein svært liten prosentandel kristne i desse gruppene, sjølv om landet har sterke og livskraftige kyrkjesamfunn. NMS samarbeider både med den evangeliske kristne og med den koptisk-ortodokse kyrkja. 

Totalt i heile verda reknar Joshua Project med at det er mellom 10 000 og 16 000 folkegrupper i verda, alt etter korleis ein tel dei, og at meir enn halvparten av desse er meir eller mindre unådde av evangeliet. Sjølv om det går an å vera uenig med måten Joshua Project tel kristne på, så har dei samla ganske mange ressursar som det kan vera nyttig for oss å sjå på, og samanlikna med den informasjonen me sit på i vårt eige arbeid rundt om i verda. 


Generalsekretær Helge Gaard i "sofaprat" med Rune Edvardsen.
Menighet og misjon. 

Det som var nytt på Unådd dette året, var at det var eit eige "spor" for menighet og misjon, og det deltok eg på. Der diskuterte me korleis me kan få heile menigheten til å engasjera seg for misjon, og ikkje berre nokre få eldsjeler. Dette var veldig nyttig og inspirerande for meg, sidan ein del av jobben min i NMS handlar om å styrka misjonsavtalane i kyrkjelydane. For det er jo ein veldig variasjon i kor stort engasjement det er for misjon i dei menighetane som har misjonsavtale. Det var inspirerande å delta på, sjølv om det naturleg nok var prega av ulike frimenighetar, som har ein annan struktur enn i Den norske kyrkja. NMS har misjonsavtalar med 600 av kyrkjelydane, og i år blei det også underskrive ein sentral avtale mellom NMS og Den norske kyrkja. 

Det viktigaste som eg tok med meg frå Unådd 26: Det blei endå meir tydeleg for meg kor viktig det er at leiinga i kyrkjelydane, dvs. sokneråd, og stab, er heilt sentral i det å bruka misjonsavtalen i menigheten, og at det må vera samanheng mellom misjon i nærmiljøet og misjon i utlandet. Og så fekk eg innblikk i ein del av misjonsarbeidet i Midtausten som skjer i regi av andre kristne kyrkjer.

Eg veit jo av eigen erfaring som menighetsprest at det kan vera vanskeleg nok å halda fokus på misjonsavtalen, til og med for dei som er motiverte.  Det kan lett bli til at misjon druknar i alt anna arbeid, iallfall viss det blir berre ein av mange aktivitetar. Men dersom me kan sjå korleis alt heng saman, så kan menigheten bli misjonal på den måten at me ser at alt me gjer, har ein samanheng med at Jesus sender oss ut, både i lokalmenigheten og i det globale arbeidet.



lørdag 27. november 2021

NMS og bispedømet på flyttefot i Ålesund

 NMS flyttar kontoret til Kongens gate 3 i Ålesund, og Møre bispedøme sitt avdelingskontor i sunnmørsbyen følgjer med. Sjølv byter eg snart jobb, men blir verande på same kontoret. 


Det meste av flyttelasset tok me i snøkavet sist torsdag, 25. november. Det var kort veg å flytta frå Keiser Wilhelms gate like på sørsida av bysentrum, men alt måtte jo likevel pakkast i esker og berast ned i varebilane. Heldigvis slapp me å flytta alle kontormøblane, for huseigar kunne tilby oss det me treng av dette, og det meste av møblar kunne me la stå i det gamle kontoret. 

Inngangen til det nye kontoret ligg på sjøsida av huset me ser her på det øverste bildet, ved sida av gullsmedbutikken. Kontoret ligg i 3. etasje med utsikt til både Brosundet og gågata. 

Sjølv jobbar eg som misjonsrådgivar i Møre bispedøme no, men til nyttår byrjar eg i NMS som rådgivar for Midtausten og Pakistan. Då passar det jo godt at bispedømet og NMS deler kontor, så eg slepp å reisa langt til den nye jobben. Det er forresten ikkje heilt sant, for det blir sjølvsagt ein del reising til dei prosjekta som eg skal følgja opp - i den grad korona-situasjonen gjer det mogleg å reisa. Akkurat no held me på å planlegga ein tur til Kairo i januar og eg håpar me skal kunna gjennomføra den turen. Akkurat no kan det sjå ut til at det kan vera litt usikkert, med tanke på "omikron-varianten" av korona-viruset. 



onsdag 1. september 2021

Vellukka aksjon for søsterkyrkjer

 

Foto: Margit L. Holte

Aksjonen «Saman som kyrkje i heile verda» var vellukka i år som i fjor. Dette året var det tre gonger så mange sokn i Møre bispedøme som deltok i aksjonen, samanlikna med 2020, og meir enn tre hundre tusen kroner er samla inn på nokre få veker. Det er seks gonger så mykje som i fjor! Truleg blir aksjonen ei årviss hending.  

Margit Lovise Holte er sokneprest i Ulstein på Søre Sunnmøre. Hausten 2019 var ho med på bispedømet sin studietur til Egypt, der ho fekk sjå nærare misjonsprosjektet som kyrkjelyden støttar. Mellom anna var ho på besøk til Anafora, der ho møtte søster Theodora. Dette skriv Margit på Ulstein kyrkje si Facebook-side:

«Anafora er ein retreatstad, dagsenter, skule og heim for ungdom. Mange familier er så fattig at dei må sende frå seg ungdom som vert overlatt heimlause til kriminalitet og overgrep. Ved Anafora får dei hus, mat, skulegang, arbeidstrening og hjelp til å bearbeide traume etter overgrep.  Søster Theresa er eit vidunderleg menneske som gjorde sterk inntrykk. Ho kom ein gong hit som forkomen ungdom, no leier ho nonnene sitt arbeid og er ei kjelde av glede og visdom. Eg har sett at arbeidet vi støttar forandrar liv og gjev ungdom utan håp framtid og tryggleik. Det er bra meiningsfullt!»

Solidaritetsaksjonen for søsterkyrkjer og kristne over heile verda gjekk frå Kristi himmelfartsdag til Sankthans. 34 sokn i Møre bispedøme melde seg på til aksjonen, mot berre 11 i fjor. Totalt har Møre samla inn over tre hundre tusen kroner. Dei 32 sokna som har sendt inn rapport så langt, har i gjennomsnitt samla inn rundt 9500 kroner kvar til misjonsprosjekta sine i aksjonsperioden, det vil seia om lag 60% av det som normalt blir samla inn gjennom eit heilt år (ca seksten tusen). Det er dermed grunn til å tru at kyrkjelydane i Møre totalt vil samla inn meir enn normalt dette året. På landsplan er det per i dag rapportert inn meir enn 1,5 million kroner.

«Saman som kyrkje i heile verda» har vore eit vinn-vinn-prosjekt for alle involverte. Det betyr mykje for kristne søstre og brør i andre land å vita at andre står saman med dei i ein vanskeleg situasjon. For kyrkjelydane her hos oss har aksjonen gjort det lettare å nå innsamlingsmåla. Til dømes har Sykkylven kyrkje eit innsamlingsmål på tjuefem tusen i året, men berre under aksjonen samla dei inn nesten tjuefire tusen til dei kristne i Thailand.

Aksjonen har også gjort kyrkjelydane sine misjonsavtalar meir synlege. Gjennom sosiale medium, heimesider og lokalaviser har mange fleire fått vita kva kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt går ut på. Gjennom paraplyorganisasjonen SMM – «Samarbeid menighet og misjon» - kan norske kyrkjelydar velja mellom sju ulike misjonsorganisasjonar, som arbeider på ulik måte for å bygga levande kyrkjelydar over heile verda. På denne måten hjelper organisasjonane lokalkyrkjelydane våre til å gjennomføra kyrkja sitt globale oppdrag.

Kyrkjelydane i Møre bispedøme har vore med og samla inn pengar til prosjekt i Estland, England, Bolivia, Midtausten, Etiopia, Madagaskar, Nepal, Kina og Thailand. Dei fleste av desse prosjekta er i regi  av NMS (Det Norske Misjonsselskap), men også Stefanusalliansen, Misjonsalliansen, Himalpartner og Areopagos har kanalisert midlar frå Møre.


tirsdag 13. april 2021

Saman som kyrkje i heile verda


 

Eg er spent. No er me i gang igjen med aksjonen «Saman som kyrkje i heile verda», som skal gå frå Kristi himmelfartsdag til Sankthans. 

Eg er spent på kor mange fleire sokn me får med oss frå Møre i år. Kor mange lokalkyrkjelydar som vil laga ein digital innsamling og visa fram misjonsprosjektet sitt på nettet. I fjor var det berre 11 av 95 sokn som rakk å bli med, for aksjonen kom litt seint i gang. I år har me betre tid på oss, og me har fått ut informasjon ein god del breiare, så eg har tru på at det blir mange fleire kyrkjelydar med dette året.

Denne aksjonen er meir enn ei pengeinnsamling. Det hjelper oss også til å sjå at me er ein del av ein mykje større samanheng. Me høyrer saman med kristne over heile verda. Kvar for oss er me ein liten kvist på det store treet som er Guds rike, det som ein gong var eit frø som blei lagt i jorda ein stad i Midtausten, og som no breier greinene sine ut over alle kontinent. Misjonsavtalane er ein reiskap for å knyta oss saman med kristne i andre delar av verda.

Som misjonsrådgivar i Møre bispedøme er dette ei av dei viktigaste arbeidsoppgåvene mine. Å hjelpa lokalkyrkjelydar til å løfta fram misjonsavtalane sine. Og å inspirera fleire sokn til å få slik avtale. Me ligg faktisk litt under snittet her i Møre. Berre rundt 70% av sokna har misjonsavtale, mot 80% i heile landet. Kanskje denne aksjonen kan få fleire sokn til å få lyst til å inngå avtale?

søndag 17. januar 2021

Dei tørre tala talar

 Januar er månaden for statistikk i kyrkja vår. Eg har sett litt på misjonsstatistikken i Møre. Talet på misjonsavtalar i Møre bispedøme held seg stabilt, men det er store forskjellar både mellom organisasjonane og mellom dei seks prostia i bispedømet.

70 av 96 sokn i Møre bispedøme har misjonsavtale (73%). 65 av desse har avtale med ein av dei 7 organisasjonane i SMM (67,7%). Totalt er det likevel 77 misjonsavtalar i Møre, fordelt på 96 sokn, fordi nokre sokn har meir enn ein avtale. Det har ikkje vore store endringar dei siste åra, men det er eit mål at alle sokn skal ha ein avtale, anten åleine eller i lag med andre sokn. 

Av dei sju misjonsorganisasjonane i SMM (Samarbeid menighet og misjon) er det NMS (Det Norske Misjonsselskap) som har flest avtalar (49 stk). Himalpartner kjem på andre plass med 14, deretter følgjer Normisjon (6), Misjonsalliansen (4), Stefanusalliansen (1), Areopagos (1). Israelsmisjonen har for tida ingen avtalar. Fem andre organisasjonar utanom SMM har dessutan avtale med eitt sokn kvar. Det er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband), Misjon uten grenser, NSP Aid (North-South Partnership Aid) og to lokale prosjekt i Sør-Afrika.

Når NMS har meir enn halvparten av alle misjonsavtalane, heng det saman med at dei brukar mest ressursar på kontakt med kyrkjelydane. NMS fokuserer ikkje så mykje på einskilde prosjekt lenger, men på land eller regionar. Dei landa/regionane som har flest misjonsavtalar for NMS i Møre, er Midtausten (12 avtalar), Madagaskar (11) og Etiopia (8). Dei andre landa er Estland (5), Kamerun (5), Thailand (4), Mali (3) og England (1).

Forskjellar mellom prostia


Det er store geografiske forskjellar innan bispedømet. Domprostiet og Søre Sunnmøre prosti skil seg ut med høgast andel sokn med misjonsavtale, med 90% eller meir, medan Ytre Nordmøre og Indre Romsdal har lågast andel sokn med misjonsavtale (50% og 36%). At det nokre stader er få avtalar, har nok mange ulike årsaker, t.d. at sokna er små og med få ressursar. Det som ein då kan gjera, er at fleire sokn kan samarbeida om den same avtalen. Andre stader kan misjonsengasjementet i soknet vera stort, men ein ikkje ønskjer å binda seg til avtale med berre ein organisasjon. Til det kan ein seia at alle dei sju organisasjonane i SMM er einige om at dei gjerne ser at kyrkjelyden vel seg ut ein organisasjon som ein gjer avtale med, eventuelt fleire dersom engasjementet er stort. Det går også fint å rullera avtalane, og byta organisasjon etter 3-4 år. Slik får kyrkjelyden tid til å fokusera ekstra på eit land eller eit prosjekt nokre år.

 Kva slags type misjonsprosjekt er mest populære?

Eg har ikkje noko tal for dette for Møre sitt vedkommande. Det er ikkje alltid like lett å kategorisera dei ulike prosjekta i anten det eine eller det andre, for organisasjonane tenkjer heilskapleg om engasjementet sitt. Prosjekta i Nepal er tydelege døme på dette. Misjonsorganisasjonane som arbeider der har sidan starten vore nøydde til å skilja tydeleg mellom prosjektarbeidet og kyrkja. Likevel har det vakse fram ei stor og livskraftig nepalsk kyrkje rundt misjonsarbeidet. NMS har få avtalar med eintydig profil, men «bekjemper urettferdighet, deler troen på Jesus og utrydder fattigdom» overalt der ein jobbar. Dei prosjekta som er tydelegast på evangelisering og kyrkjebygging, er i Europa for NMS sin del. For Normisjon sin del gjeld det særleg arbeidet i Mali og Senegal.

27% av kyrkjelydane i Møre er framleis utan misjonsavtale. Det er ei utfordring å gjera det talet mindre. 


mandag 20. juli 2020

Frå Vågøy til Vågstranda


Legg du turen frå Vågøy i Hustadvika, via Tingvoll, Sunndal, Eidsvåg og Åndalsnes, kan du kjøra innom mellom 20 og 30 kyrkjer. Det gjorde me sist helg, mi kjære kone og eg. Litt vel mange, vil du kanskje seia, men eg er veldig glad for den rundturen. På turen vår stoppa me ved kvar kyrkje me kom til, me tok bilde og gjekk ein runde rundt kyrkja medan me bad ei bøn for bygda og dei som samlast i huset. Bildet er frå Voll kyrkje, ei av dei ti kyrkjene i Rauma kommune, og ei av dei siste på turen vår. Då var me altså innom rundt ein fjerdedel av alle kyrkjene i Møre bispedøme. Kvifor? 

Når eg jobbar på bispekontoret har eg med alle kyrkjene i bispedømet vårt å gjera. Som misjonsrådgjevar har eg mellom anna ansvaret for å oppdatera lista over alle misjonsavtalane i bispedømet. Då er det viktig for meg å sjå bygdene for meg, så dei skal vera meir enn namn på ei liste. No har eg iallfall sett landskapet kyrkjene ligg i. No veit eg kor Straumsnes kyrkje ligg.  Eller Øksendal. Eg ser for meg Eid kyrkje høgt oppe på åssida, eller den vesle, vakre kyrkja på Ålvundeid, ved porten til Innerdalen. Bilde frå alle kyrkjene me var innom, har eg lagt ut på Instagram, og du kan sjå dei her. 

Det eg ikkje veit noko om, er livet innanfor veggene i desse kyrkjene. Kven er det som kjem hit når det er gudsteneste? Kven er det som har sine kjære på gravplassen? Kven har arbeidsplassen sin her? Det håpar eg å få vita meir om etter kvart. Då eg starta i jobben i Molde i februar, hadde eg planane klare for besøk i fleire kyrkjelydar utover våren. Slik blei det jo ikkje. Berre eit par kyrkjelydar fekk eg komma innom før korona-pandemien stengde ned landet, og som så mange andre, blei eg stort sett sitjande på heimekontoret. 

Sjølv om me ikkje kom inn dørene på nokon av kyrkjene - med unntak av Gaustad kapell i Hustadvika, var det artig å sjå eit par lokale tiltak: I Hustadvika hadde dei laga til "Kirketur" med ein rebus. Her skulle dei som besøkte kyrkjene setta saman ord frå kvar kyrkje til eit bibelvers. I Rauma hadde dei laga ein eigen "Kirke Stikk UT!", med eit klippekort over alle dei ti kyrkjene i kommunen. Kanskje ein ide for fleire kommunar i bispedømet vårt? 


torsdag 11. juni 2020

Innsats for korona-råka Nepal

Foto: Ellen Wahlström
Mange kyrkjelydar i Møre har misjonsprosjekt i Nepal, der misjonærane Ellen og Calle Wahlström står midt oppe i arbeidet med å hjelpa dei som er hardast råka av korona-krisa. Ellen kjem frå Valderøya, og mannen Calle er frå Sverige. Dei er utsendingar for Himalpartner, og arbeider no ved Okhaldhunga sjukehus.

Då Korona-pandemien braut ut, valde Ellen og Calle å bli verande i hovudstaden Kathmandu i staden for å reisa heim. No er dei sende opp i fjella til sjukehuset som ligg ved foten av Mount Everest i Okhaldhunga-distriktet. Paraplyorganisasjonen United Mission to Nepal, som driv sjukehuset, har bede Himalpartner om å hjelpa til der nauda er størst. Ellen og Calle jobbar no i administrasjonen i sjukehuset og hjelper til med effektivisering av prosessar og kommunikasjon mellom UMN og Okhaldhunga sjukehus. «Vi er heilt avhengige av at folk vil støtte arbeidet vårt. Det gjelder alt frå privatpersonar til kyrkjer og store organisasjonar», seier Ellen i eit intervju med Øy-Blikk, lokalavisa for Giske, 11. juni i år.
Foto: Carl Anton Wahlström
Folk i Møre og Romsdal veit kor viktig det er med eit lokalsjukehus. Endå viktigare er det i det fattige  fjellandet Nepal, der dårleg infrastruktur gjer at dei fleste reisene blir lange, og det gjerne er fleire dagsmarsjar til næraste sjukehus. No under korona-pandemien er dette blitt endå vanskelegare. Transport er nesten ikkje tillete, folk må halda seg innandørs og sjukehusa slit med å finansiera arbeidet. Ellen fortel om stor auke i dødstala mellom dei fødande, om fleire sjølvmord og at folk døyr av svolt. Dersom sjukehusa blir nøydd til å seia opp folk av di dei manglar pengar til løn, vil krisa bli enorm, seier ho.

Nepal har opplevd krise før, og dei har kome seg gjennom det verste. HimalPartner har vore med på å bygga opp skular og infrastruktur etter det store jordskjelvet for fem år sidan (sjå video). Dette har kyrkjelydar i Møre vore med på. 
  
Femten sokn i Møre bispedøme har misjonsavtalar med Himalpartner. I tillegg er det nokre kyrkjelydar som har avtale med Normisjon eller Misjonsalliansen, som også driv arbeid i Nepal. Normisjon har i mange år hatt utsendingar til sjukehuset i Okhaldunga, der Ellen og Calle er no. Gjennom aksjonen «Saman som kyrkje i heile verda» (lenke) kan me løfta fram dette viktige arbeidet. Slik kan me gi ei handsrekning til våre kristne søsken i Nepal, som ønskjer å vera med på å føra landet sitt gjennom denne krisa også. 

Dei som ønskjer å gi ei gåve til arbeidet i Nepal, kan gjera det gjennom Valderøy kyrkjelyd sin facebook-aksjon for HimalPartner. 

mandag 11. mai 2020

Saman som kyrkje over heile verda



I desse dagar blir det lansert ein stor solidaritetsaksjon for søsterkyrkjer i land som er hardt råka av korona-pandemien. Me i Møre bispedøme ønskjer å henga oss på denne aksjonen, som har utgangspunkt i Agder og Telemark bispedøme. Aksjonen er eit samarbeid mellom kyrkja og dei misjonsorganisasjonane som er med i SMM - Samarbeid menighet og misjon. 

Me oppfordrar alle kyrkjelydar i Møre til å bli med på denne tidsavgrensa aksjonen frå no og til jonsok i år. Gåver kan kanaliserast gjennom kyrkjelyden sitt eige misjonsprosjekt, eller ein kan senda gåvene direkte til ein av dei sju organisasjonane som er med. 

På denne sida kan ein finna informasjon om ulike prosjekt knytt til solidaritetsaksjonen. 

Hovudsida for aksjonen er her: https://kirken.no/AGDsammen 

tirsdag 17. mars 2020

#hjemmekontor

På twitter er #hjemmekontor ein av dei mest populære emneknaggane denne veka. Med utbruddet av korona-viruset har mange av oss har fått kvardagen endra på fleire måtar, men for dei av oss som berre har kunna flytta arbeidet til heimekontoret, er det for tida lite dramatisk. Langt verre er det for dei som misser jobb eller inntekt, og dei som blir akutt sjuke. Og sjølv om det er dramatisk nok her heime, tenkjer eg på dei mange som er på flukt, dei som bur i overfylte flyktningeleirar, eller alle dei andre som ikkje kan ringa 113 for å bli innlagt på sjukehus.

Me som til vanleg har arbeidsplassen vår på bispekontoret i Molde i Møre bispedøme, har dei siste dagane hatt ein ganske bratt læringskurve i bruken av digitale plattformar for kommunikasjon.  Me er også imponerte over alle dei kreative og gode måtane folk kjem saman på no når kyrkjene er stengde. Sjølv feira me gudsteneste i lag med om lag 1000 andre som såg på overføring frå Nærbø kyrkje på Jæren. Då eg såg at det var Lars-Sigurd Tjelle som var prest, ein av dei eg studerte teologi med på Misjonshøgskolen i Stavanger (no VID Vitenskapelige Høgskole), måtte eg jo klikka meg inn på den gudstenesta.

Dette er det første innlegget eg skriv i den nye bloggen etter at eg slutta som prest i Giske. Kvardagen min endra seg ganske mykje då eg skifta jobb, og eg såg for meg mange timar på buss til Molde fleire dagar i veka. Eg såg også for meg at eg skulle få reisa mykje omkring i Møre bispedøme og besøka kyrkjelydar og snakka om misjon. Slik blei det ikkje. Akkurat timane på buss, er eg ikkje lei meg for at eg slepp, men eg ser at me no må jobba på ein heilt annan måte for å halda kontakt med folk rundt omkring. Som så mange andre, håpar eg me kan venda tilbake til kvardagen igjen nokså snart, men me veit ingenting. Enn så lenge får me gjera som me blir oppfordra til: vaska hendene.  Og så får me falda hendene og be Gud om hjelp.

Finst det unådde folkeslag 2000 år etter Jesus?

Det var flott å delta på Unåddkonferansen på IMI Forum i Stavanger i lag med meir enn 600 menneske som ivrar for misjon.   Unådd 2026 blei ...