Statcounter

søndag 17. januar 2021

Dei tørre tala talar

 Januar er månaden for statistikk i kyrkja vår. Eg har sett litt på misjonsstatistikken i Møre. Talet på misjonsavtalar i Møre bispedøme held seg stabilt, men det er store forskjellar både mellom organisasjonane og mellom dei seks prostia i bispedømet.

70 av 96 sokn i Møre bispedøme har misjonsavtale (73%). 65 av desse har avtale med ein av dei 7 organisasjonane i SMM (67,7%). Totalt er det likevel 77 misjonsavtalar i Møre, fordelt på 96 sokn, fordi nokre sokn har meir enn ein avtale. Det har ikkje vore store endringar dei siste åra, men det er eit mål at alle sokn skal ha ein avtale, anten åleine eller i lag med andre sokn. 

Av dei sju misjonsorganisasjonane i SMM (Samarbeid menighet og misjon) er det NMS (Det Norske Misjonsselskap) som har flest avtalar (49 stk). Himalpartner kjem på andre plass med 14, deretter følgjer Normisjon (6), Misjonsalliansen (4), Stefanusalliansen (1), Areopagos (1). Israelsmisjonen har for tida ingen avtalar. Fem andre organisasjonar utanom SMM har dessutan avtale med eitt sokn kvar. Det er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband), Misjon uten grenser, NSP Aid (North-South Partnership Aid) og to lokale prosjekt i Sør-Afrika.

Når NMS har meir enn halvparten av alle misjonsavtalane, heng det saman med at dei brukar mest ressursar på kontakt med kyrkjelydane. NMS fokuserer ikkje så mykje på einskilde prosjekt lenger, men på land eller regionar. Dei landa/regionane som har flest misjonsavtalar for NMS i Møre, er Midtausten (12 avtalar), Madagaskar (11) og Etiopia (8). Dei andre landa er Estland (5), Kamerun (5), Thailand (4), Mali (3) og England (1).

Forskjellar mellom prostia


Det er store geografiske forskjellar innan bispedømet. Domprostiet og Søre Sunnmøre prosti skil seg ut med høgast andel sokn med misjonsavtale, med 90% eller meir, medan Ytre Nordmøre og Indre Romsdal har lågast andel sokn med misjonsavtale (50% og 36%). At det nokre stader er få avtalar, har nok mange ulike årsaker, t.d. at sokna er små og med få ressursar. Det som ein då kan gjera, er at fleire sokn kan samarbeida om den same avtalen. Andre stader kan misjonsengasjementet i soknet vera stort, men ein ikkje ønskjer å binda seg til avtale med berre ein organisasjon. Til det kan ein seia at alle dei sju organisasjonane i SMM er einige om at dei gjerne ser at kyrkjelyden vel seg ut ein organisasjon som ein gjer avtale med, eventuelt fleire dersom engasjementet er stort. Det går også fint å rullera avtalane, og byta organisasjon etter 3-4 år. Slik får kyrkjelyden tid til å fokusera ekstra på eit land eller eit prosjekt nokre år.

 Kva slags type misjonsprosjekt er mest populære?

Eg har ikkje noko tal for dette for Møre sitt vedkommande. Det er ikkje alltid like lett å kategorisera dei ulike prosjekta i anten det eine eller det andre, for organisasjonane tenkjer heilskapleg om engasjementet sitt. Prosjekta i Nepal er tydelege døme på dette. Misjonsorganisasjonane som arbeider der har sidan starten vore nøydde til å skilja tydeleg mellom prosjektarbeidet og kyrkja. Likevel har det vakse fram ei stor og livskraftig nepalsk kyrkje rundt misjonsarbeidet. NMS har få avtalar med eintydig profil, men «bekjemper urettferdighet, deler troen på Jesus og utrydder fattigdom» overalt der ein jobbar. Dei prosjekta som er tydelegast på evangelisering og kyrkjebygging, er i Europa for NMS sin del. For Normisjon sin del gjeld det særleg arbeidet i Mali og Senegal.

27% av kyrkjelydane i Møre er framleis utan misjonsavtale. Det er ei utfordring å gjera det talet mindre. 


1 kommentar:

  1. Flott Geir. Her er mykje godt stoff som kan brukast i årsrapporteringa til Møre bispedøme!!

    SvarSlett

Korleis går det med Dalia i Rafah?

Tidlegare denne våren fortalde den kristne TV-kanalen SAT-7 om 17 år gamle Dalia som hadde flykta frå Nord-Gaza til Rafah i sør . No e...