Statcounter

mandag 20. juli 2020

Frå Vågøy til Vågstranda


Legg du turen frå Vågøy i Hustadvika, via Tingvoll, Sunndal, Eidsvåg og Åndalsnes, kan du kjøra innom mellom 20 og 30 kyrkjer. Det gjorde me sist helg, mi kjære kone og eg. Litt vel mange, vil du kanskje seia, men eg er veldig glad for den rundturen. På turen vår stoppa me ved kvar kyrkje me kom til, me tok bilde og gjekk ein runde rundt kyrkja medan me bad ei bøn for bygda og dei som samlast i huset. Bildet er frå Voll kyrkje, ei av dei ti kyrkjene i Rauma kommune, og ei av dei siste på turen vår. Då var me altså innom rundt ein fjerdedel av alle kyrkjene i Møre bispedøme. Kvifor? 

Når eg jobbar på bispekontoret har eg med alle kyrkjene i bispedømet vårt å gjera. Som misjonsrådgjevar har eg mellom anna ansvaret for å oppdatera lista over alle misjonsavtalane i bispedømet. Då er det viktig for meg å sjå bygdene for meg, så dei skal vera meir enn namn på ei liste. No har eg iallfall sett landskapet kyrkjene ligg i. No veit eg kor Straumsnes kyrkje ligg.  Eller Øksendal. Eg ser for meg Eid kyrkje høgt oppe på åssida, eller den vesle, vakre kyrkja på Ålvundeid, ved porten til Innerdalen. Bilde frå alle kyrkjene me var innom, har eg lagt ut på Instagram, og du kan sjå dei her

Det eg ikkje veit noko om, er livet innanfor veggene i desse kyrkjene. Kven er det som kjem hit når det er gudsteneste? Kven er det som har sine kjære på gravplassen? Kven har arbeidsplassen sin her? Det håpar eg å få vita meir om etter kvart. Då eg starta i jobben i Molde i februar, hadde eg planane klare for besøk i fleire kyrkjelydar utover våren. Slik blei det jo ikkje. Berre eit par kyrkjelydar fekk eg komma innom før korona-pandemien stengde ned landet, og som så mange andre, blei eg stort sett sitjande på heimekontoret. 

Sjølv om me ikkje kom inn dørene på nokon av kyrkjene - med unntak av Gaustad kapell i Hustadvika, var det artig å sjå eit par lokale tiltak: I Hustadvika hadde dei laga til "Kirketur" med ein rebus. Her skulle dei som besøkte kyrkjene setta saman ord frå kvar kyrkje til eit bibelvers. I Rauma hadde dei laga ein eigen "Kirke Stikk UT!", med eit klippekort over alle dei ti kyrkjene i kommunen. Kanskje ein ide for fleire kommunar i bispedømet vårt? 


onsdag 15. juli 2020

Iranske kristne arresterte i samordna aksjon

Iranske kristne bed om forbøn etter ein samordna aksjon 30. juni i tre byar. Minst tolv personar blei arresterte, melder Middle East Concern, NMS sin samarbeidspartnar for menneskerettsarbeid i Midtausten. 


Ein trur at informatørar har fått tillit hos kristne, infiltrert nettverka deira og hjelpt iransk sikkerhetspoliti med å identifisera einskildpersonar. Desse vart så arresterte under møte i private heimar. 

I Teheran var om lag 30 personar samla til møte heime hos ein kristen konvertitt. Tryggleikspolitiet, som filma raidet, oppførte seg først høfleg, men då dei slo kameraet av, skal dei ha blitt trugande. 
Dei kristne blei tatt med til ein parkeringsplass, der ei liste med namn blei lest opp. Dei som fekk namna sine oppleste, fekk på seg handjern og bind for auga og blei ført vekk. Les meir på MEC sine nettsider. 

mandag 13. juli 2020

Kristne migrantar i kyrkja

"Korleis kan kyrkja legga til rette for at kristne migrantar skal kjenna seg heime i norske kyrkjelydar og vera med og setta sitt preg på kyrkja?"  Kvifor er det eit viktig spørsmål for kyrkja vår?
Arkivfoto frå Bergen International Church

Den norske kyrkja misser medlemer kvart år, men talet på kristne innvandrarar aukar stadig. Problemet vårt er at berre eit fåtal av dei kristne innvandrarane kjenner seg heime i kyrkja vår. Då risikerer me at folkekyrkja etter kvart blir redusert til eit monokulturelt trussamfunn for ein mindre og mindre del av folket vårt, medan kyrkja i sitt vesen eigentleg er internasjonal og fleirkulturell.
Kyrkjemøtet skulle ha drøfta problemstillinga i vår, men i staden blir saka sendt ut på høyring i bispedøma, og denne sommaren arbeider eg med å gjennomgå saka på bispekontoret her i Møre. Så kan bispedømerådet sjå på saka i haust, før Kyrkjerådet gjer eit endeleg vedtak i desember. 

Ti kjenneteikn
For å vera folkekyrkje i tida framover, må Den norske kyrkja ha ti kjenneteikn, meiner Kyrkjerådet. Desse ti kjenneteikna, er: «Dialogisk ydmykhet, diakonal tilnærming, gode relasjoner, inkluderende fellesskap, mangfoldige gudstjenester, relevant forkynnelse, kultursensitiv trosopplæring, anerkjennelse av krysskulturelle barn og unge, representativt lederskap og økumenisk samarbeid.» Sjølvsagt går det ikkje an å berre vedta at kyrkja skal ha alle desse gode kjenneteikna. Det må følgjast opp av praktisk arbeid for å få det til. Men eit vedtak kan vera eit steg i rett retning.  

Sjølv hadde eg fleire spennande år som pastor i Bergen International Church, og fekk merka kor berikande det var å samlast som kristne frå mange ulike land og med ulik kulturell bakgrunn. Samstundes veit eg kor vanskeleg det kan vera å praktisera gode ideal om inkludering og mangfald i vanlege norske kyrkjelydar. Kor mange med innvandrarbakgrunn er med i sokneråd eller andre utval? Kor ofte høyrer me eit anna språk enn norsk? Med unntak av det hebraiske "halleluja", det greske "kyrie eleison" og det latinske "gloria" er det nokså sjeldan. 

Det er mange grunnar til at kristne innvandrarar ofte finn seg betre til rette i ulike norske frikyrkjelege trussamfunn, eller at dei samlar seg i eigne kyrkjelydar med sine eigne språk, slik nordmenn i utlandet ofte gjer. Men eg trur at kyrkja vår treng dei kristne innvandrarane. Anten gjennom godt samarbeid med migrantkyrkjelydar, eller ved å la innvandrarar som prøver å finna sin plass i lokalkyrkjelydane våre, bli ein synleg og aktiv del av fellesskapet. 


For dei som er interessert i å lesa saksdokument, står det meir konkret kva som er meint med kvart av desse ti kjenneteikna i dokumentet, som kan lesast her. https://kirken.no/globalassets/kirken.no/om-kirken/slik-styres-kirken/kirkeradet/2020/januar/kr_08_0_20_kristne%20migranter.pdf

Den danske folkekyrkja har også arbeidd med ei liknande sak, og dei har tilsvarande laga «8 teser om den nydanske folkekirke». Der har dei lagt ut nokre videoar som forklarar saka på ein enkel måte. 



Korleis går det med Dalia i Rafah?

Tidlegare denne våren fortalde den kristne TV-kanalen SAT-7 om 17 år gamle Dalia som hadde flykta frå Nord-Gaza til Rafah i sør . No e...