Statcounter

Viser innlegg med etiketten Korona. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Korona. Vis alle innlegg

lørdag 27. november 2021

NMS og bispedømet på flyttefot i Ålesund

 NMS flyttar kontoret til Kongens gate 3 i Ålesund, og Møre bispedøme sitt avdelingskontor i sunnmørsbyen følgjer med. Sjølv byter eg snart jobb, men blir verande på same kontoret. 


Det meste av flyttelasset tok me i snøkavet sist torsdag, 25. november. Det var kort veg å flytta frå Keiser Wilhelms gate like på sørsida av bysentrum, men alt måtte jo likevel pakkast i esker og berast ned i varebilane. Heldigvis slapp me å flytta alle kontormøblane, for huseigar kunne tilby oss det me treng av dette, og det meste av møblar kunne me la stå i det gamle kontoret. 

Inngangen til det nye kontoret ligg på sjøsida av huset me ser her på det øverste bildet, ved sida av gullsmedbutikken. Kontoret ligg i 3. etasje med utsikt til både Brosundet og gågata. 

Sjølv jobbar eg som misjonsrådgivar i Møre bispedøme no, men til nyttår byrjar eg i NMS som rådgivar for Midtausten og Pakistan. Då passar det jo godt at bispedømet og NMS deler kontor, så eg slepp å reisa langt til den nye jobben. Det er forresten ikkje heilt sant, for det blir sjølvsagt ein del reising til dei prosjekta som eg skal følgja opp - i den grad korona-situasjonen gjer det mogleg å reisa. Akkurat no held me på å planlegga ein tur til Kairo i januar og eg håpar me skal kunna gjennomføra den turen. Akkurat no kan det sjå ut til at det kan vera litt usikkert, med tanke på "omikron-varianten" av korona-viruset. 



torsdag 24. september 2020

Koronaviruset og den verdsvide kyrkja

 Det er torsdag morgon. Eg sit her i Molde på bispedømekontoret, og samtidig er eg i Brasil og på Madagaskar - eg er på webinar om korleis koronaviruset påverkar den verdsvide kyrkja. Det er sterkt å lytta til korleis lokale kyrkjeleiarar som Bebeto i Brasil, landdirektøren for Misjonsalliansen, fortelja kva dei gjer i slummane for å organisera helsefremjande arbeid, eller Toromaree på Madagaskar, assisterande generalsekretær for ei kyrkje som har mista både den noverande og ein tidlegare kyrkjepresident for koronaviruset. 

Arild Bakke, som har vore misjonær for NMS på Madagaskar i mange år, seier at den offisielle statistikken for Madagaskar, nok er svært mykje lågare enn den faktiske situasjonen. Det som har ramma samfunnet hardast på Madagaskar, er sjølve nedstenginga, og det går mest ut over dei fattige. Kyrkjene har også vore stengde i periodar. Men bøna lever vidare, og familieandakten har fått ein renessanse. 

Rune Rasmussen, som var med i komiteen for aksjonen "Saman som kyrkje i heile verda", som gjekk i vekene mellom pinse og jonsok, fortalde om stor respons: 185 kyrkjelydar over heile landet registrerte seg, og til saman kom det inn meir enn 2 millionar kroner til koronaramma kristne over heile verda. I Møre bispedøme var det 11-12 kyrkjelydar som var med på aksjonen. Her hos oss kom det inn 52162 kroner. 

torsdag 11. juni 2020

Innsats for korona-råka Nepal

Foto: Ellen Wahlström
Mange kyrkjelydar i Møre har misjonsprosjekt i Nepal, der misjonærane Ellen og Calle Wahlström står midt oppe i arbeidet med å hjelpa dei som er hardast råka av korona-krisa. Ellen kjem frå Valderøya, og mannen Calle er frå Sverige. Dei er utsendingar for Himalpartner, og arbeider no ved Okhaldhunga sjukehus.

Då Korona-pandemien braut ut, valde Ellen og Calle å bli verande i hovudstaden Kathmandu i staden for å reisa heim. No er dei sende opp i fjella til sjukehuset som ligg ved foten av Mount Everest i Okhaldhunga-distriktet. Paraplyorganisasjonen United Mission to Nepal, som driv sjukehuset, har bede Himalpartner om å hjelpa til der nauda er størst. Ellen og Calle jobbar no i administrasjonen i sjukehuset og hjelper til med effektivisering av prosessar og kommunikasjon mellom UMN og Okhaldhunga sjukehus. «Vi er heilt avhengige av at folk vil støtte arbeidet vårt. Det gjelder alt frå privatpersonar til kyrkjer og store organisasjonar», seier Ellen i eit intervju med Øy-Blikk, lokalavisa for Giske, 11. juni i år.
Foto: Carl Anton Wahlström
Folk i Møre og Romsdal veit kor viktig det er med eit lokalsjukehus. Endå viktigare er det i det fattige  fjellandet Nepal, der dårleg infrastruktur gjer at dei fleste reisene blir lange, og det gjerne er fleire dagsmarsjar til næraste sjukehus. No under korona-pandemien er dette blitt endå vanskelegare. Transport er nesten ikkje tillete, folk må halda seg innandørs og sjukehusa slit med å finansiera arbeidet. Ellen fortel om stor auke i dødstala mellom dei fødande, om fleire sjølvmord og at folk døyr av svolt. Dersom sjukehusa blir nøydd til å seia opp folk av di dei manglar pengar til løn, vil krisa bli enorm, seier ho.

Nepal har opplevd krise før, og dei har kome seg gjennom det verste. HimalPartner har vore med på å bygga opp skular og infrastruktur etter det store jordskjelvet for fem år sidan (sjå video). Dette har kyrkjelydar i Møre vore med på. 
  
Femten sokn i Møre bispedøme har misjonsavtalar med Himalpartner. I tillegg er det nokre kyrkjelydar som har avtale med Normisjon eller Misjonsalliansen, som også driv arbeid i Nepal. Normisjon har i mange år hatt utsendingar til sjukehuset i Okhaldunga, der Ellen og Calle er no. Gjennom aksjonen «Saman som kyrkje i heile verda» (lenke) kan me løfta fram dette viktige arbeidet. Slik kan me gi ei handsrekning til våre kristne søsken i Nepal, som ønskjer å vera med på å føra landet sitt gjennom denne krisa også. 

Dei som ønskjer å gi ei gåve til arbeidet i Nepal, kan gjera det gjennom Valderøy kyrkjelyd sin facebook-aksjon for HimalPartner. 

Finst det unådde folkeslag 2000 år etter Jesus?

Det var flott å delta på Unåddkonferansen på IMI Forum i Stavanger i lag med meir enn 600 menneske som ivrar for misjon.   Unådd 2026 blei ...