Korleis kan me som kristne tenka om landløftene til Israel i Bibelen? Her er eit perspektiv frå ein teolog som bur og arbeider i Libanon:
Baptistane sitt teologiske seminar i Beirut, Arab Baptist Theological Seminary, har ein blogg med ulike bidragsytarar. Ein av dei er NT-Professor Dustin W. Ellington. Han fokuserer her på Paulus, og skriv at apostelen les Det gamle testamentet i lys av Jesus Kristus. Lovnadene til Abraham blir utvida frå eit bestemt geografisk område til å gjelda heile verda og alle som trur på Kristus. Derfor bør kristne vera varsame med å overføra bibelske landløfter direkte til politiske krav som staten Israel har i dag.
Ellington viser på ein overtydande måte korleis Paulus sitt fokus ikkje lenger er landet, men heile verda og alle folkeslag. Jødar og heidningar tilber Gud i lag som eitt Israel i heile verda. Eg kan anbefala alle å lesa heile artikkelen hans: The Apostle Paul and the Promised Land.
Dustin W. Ellington har presbyteriansk bakgrunn og har tidlegare undervist m.a ved det evangeliske teologiske seminaret i Kairo.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar