Statcounter

Viser innlegg med etiketten solidaritetsaksjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten solidaritetsaksjon. Vis alle innlegg

onsdag 1. september 2021

Vellukka aksjon for søsterkyrkjer

 

Foto: Margit L. Holte

Aksjonen «Saman som kyrkje i heile verda» var vellukka i år som i fjor. Dette året var det tre gonger så mange sokn i Møre bispedøme som deltok i aksjonen, samanlikna med 2020, og meir enn tre hundre tusen kroner er samla inn på nokre få veker. Det er seks gonger så mykje som i fjor! Truleg blir aksjonen ei årviss hending.  

Margit Lovise Holte er sokneprest i Ulstein på Søre Sunnmøre. Hausten 2019 var ho med på bispedømet sin studietur til Egypt, der ho fekk sjå nærare misjonsprosjektet som kyrkjelyden støttar. Mellom anna var ho på besøk til Anafora, der ho møtte søster Theodora. Dette skriv Margit på Ulstein kyrkje si Facebook-side:

«Anafora er ein retreatstad, dagsenter, skule og heim for ungdom. Mange familier er så fattig at dei må sende frå seg ungdom som vert overlatt heimlause til kriminalitet og overgrep. Ved Anafora får dei hus, mat, skulegang, arbeidstrening og hjelp til å bearbeide traume etter overgrep.  Søster Theresa er eit vidunderleg menneske som gjorde sterk inntrykk. Ho kom ein gong hit som forkomen ungdom, no leier ho nonnene sitt arbeid og er ei kjelde av glede og visdom. Eg har sett at arbeidet vi støttar forandrar liv og gjev ungdom utan håp framtid og tryggleik. Det er bra meiningsfullt!»

Solidaritetsaksjonen for søsterkyrkjer og kristne over heile verda gjekk frå Kristi himmelfartsdag til Sankthans. 34 sokn i Møre bispedøme melde seg på til aksjonen, mot berre 11 i fjor. Totalt har Møre samla inn over tre hundre tusen kroner. Dei 32 sokna som har sendt inn rapport så langt, har i gjennomsnitt samla inn rundt 9500 kroner kvar til misjonsprosjekta sine i aksjonsperioden, det vil seia om lag 60% av det som normalt blir samla inn gjennom eit heilt år (ca seksten tusen). Det er dermed grunn til å tru at kyrkjelydane i Møre totalt vil samla inn meir enn normalt dette året. På landsplan er det per i dag rapportert inn meir enn 1,5 million kroner.

«Saman som kyrkje i heile verda» har vore eit vinn-vinn-prosjekt for alle involverte. Det betyr mykje for kristne søstre og brør i andre land å vita at andre står saman med dei i ein vanskeleg situasjon. For kyrkjelydane her hos oss har aksjonen gjort det lettare å nå innsamlingsmåla. Til dømes har Sykkylven kyrkje eit innsamlingsmål på tjuefem tusen i året, men berre under aksjonen samla dei inn nesten tjuefire tusen til dei kristne i Thailand.

Aksjonen har også gjort kyrkjelydane sine misjonsavtalar meir synlege. Gjennom sosiale medium, heimesider og lokalaviser har mange fleire fått vita kva kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt går ut på. Gjennom paraplyorganisasjonen SMM – «Samarbeid menighet og misjon» - kan norske kyrkjelydar velja mellom sju ulike misjonsorganisasjonar, som arbeider på ulik måte for å bygga levande kyrkjelydar over heile verda. På denne måten hjelper organisasjonane lokalkyrkjelydane våre til å gjennomføra kyrkja sitt globale oppdrag.

Kyrkjelydane i Møre bispedøme har vore med og samla inn pengar til prosjekt i Estland, England, Bolivia, Midtausten, Etiopia, Madagaskar, Nepal, Kina og Thailand. Dei fleste av desse prosjekta er i regi  av NMS (Det Norske Misjonsselskap), men også Stefanusalliansen, Misjonsalliansen, Himalpartner og Areopagos har kanalisert midlar frå Møre.


tirsdag 13. april 2021

Saman som kyrkje i heile verda


 

Eg er spent. No er me i gang igjen med aksjonen «Saman som kyrkje i heile verda», som skal gå frå Kristi himmelfartsdag til Sankthans. 

Eg er spent på kor mange fleire sokn me får med oss frå Møre i år. Kor mange lokalkyrkjelydar som vil laga ein digital innsamling og visa fram misjonsprosjektet sitt på nettet. I fjor var det berre 11 av 95 sokn som rakk å bli med, for aksjonen kom litt seint i gang. I år har me betre tid på oss, og me har fått ut informasjon ein god del breiare, så eg har tru på at det blir mange fleire kyrkjelydar med dette året.

Denne aksjonen er meir enn ei pengeinnsamling. Det hjelper oss også til å sjå at me er ein del av ein mykje større samanheng. Me høyrer saman med kristne over heile verda. Kvar for oss er me ein liten kvist på det store treet som er Guds rike, det som ein gong var eit frø som blei lagt i jorda ein stad i Midtausten, og som no breier greinene sine ut over alle kontinent. Misjonsavtalane er ein reiskap for å knyta oss saman med kristne i andre delar av verda.

Som misjonsrådgivar i Møre bispedøme er dette ei av dei viktigaste arbeidsoppgåvene mine. Å hjelpa lokalkyrkjelydar til å løfta fram misjonsavtalane sine. Og å inspirera fleire sokn til å få slik avtale. Me ligg faktisk litt under snittet her i Møre. Berre rundt 70% av sokna har misjonsavtale, mot 80% i heile landet. Kanskje denne aksjonen kan få fleire sokn til å få lyst til å inngå avtale?

torsdag 24. september 2020

Koronaviruset og den verdsvide kyrkja

 Det er torsdag morgon. Eg sit her i Molde på bispedømekontoret, og samtidig er eg i Brasil og på Madagaskar - eg er på webinar om korleis koronaviruset påverkar den verdsvide kyrkja. Det er sterkt å lytta til korleis lokale kyrkjeleiarar som Bebeto i Brasil, landdirektøren for Misjonsalliansen, fortelja kva dei gjer i slummane for å organisera helsefremjande arbeid, eller Toromaree på Madagaskar, assisterande generalsekretær for ei kyrkje som har mista både den noverande og ein tidlegare kyrkjepresident for koronaviruset. 

Arild Bakke, som har vore misjonær for NMS på Madagaskar i mange år, seier at den offisielle statistikken for Madagaskar, nok er svært mykje lågare enn den faktiske situasjonen. Det som har ramma samfunnet hardast på Madagaskar, er sjølve nedstenginga, og det går mest ut over dei fattige. Kyrkjene har også vore stengde i periodar. Men bøna lever vidare, og familieandakten har fått ein renessanse. 

Rune Rasmussen, som var med i komiteen for aksjonen "Saman som kyrkje i heile verda", som gjekk i vekene mellom pinse og jonsok, fortalde om stor respons: 185 kyrkjelydar over heile landet registrerte seg, og til saman kom det inn meir enn 2 millionar kroner til koronaramma kristne over heile verda. I Møre bispedøme var det 11-12 kyrkjelydar som var med på aksjonen. Her hos oss kom det inn 52162 kroner. 

mandag 11. mai 2020

Saman som kyrkje over heile verda



I desse dagar blir det lansert ein stor solidaritetsaksjon for søsterkyrkjer i land som er hardt råka av korona-pandemien. Me i Møre bispedøme ønskjer å henga oss på denne aksjonen, som har utgangspunkt i Agder og Telemark bispedøme. Aksjonen er eit samarbeid mellom kyrkja og dei misjonsorganisasjonane som er med i SMM - Samarbeid menighet og misjon. 

Me oppfordrar alle kyrkjelydar i Møre til å bli med på denne tidsavgrensa aksjonen frå no og til jonsok i år. Gåver kan kanaliserast gjennom kyrkjelyden sitt eige misjonsprosjekt, eller ein kan senda gåvene direkte til ein av dei sju organisasjonane som er med. 

På denne sida kan ein finna informasjon om ulike prosjekt knytt til solidaritetsaksjonen

Hovudsida for aksjonen er her: https://kirken.no/AGDsammen 

SAT-7 ser håp midt i alle krisene i Midtausten

Her er ein halvårsrapport frå SAT-7: