Orda kjem frå ei ung mor som er syrisk flyktning. Flyktningleiren ligg i utkanten av ein av byane i Bekaa-dalen, aust i Libanon.
![]() |
| Syrisk flyktning, ansiktet gjort ugjenkjenneleg vha. KI. |
Me som besøker denne heimen er, utanom meg, eit team frå organisasjonen Jossour: Eit egyptisk ektepar med den halvtår gamle sonen deira, og ei ung syrisk flyktningkvinne. Ho har vore i Libanon eit par år og er blitt kjent med Jesus og den kristne trua gjennom arbeidet til Jossour. Misjonærane frå Egypt, Kero og Merit, driv senteret «Hayat» (Liv) der unge kvinner får læra seg praktiske skills, som t.d. å sy, slik at dei kan få litt inntekter. «Nora» fortel at ho følte seg heilt forlaten av Gud då ho flykta. Men på Hayat-senteret fekk ho ny tru på at Gud var glad i henne, og at ho hadde verdi som menneske. Det er berre kort tid sidan ho fortalde at ho ville tru på Jesus, men ho går framleis med hijab, som andre med muslimsk bakgrunn.
Medan me drikk kaffi, fortel flyktningane
korleis dei har det. Livet er ikkje så lett, og dei er redde for å frysa no når
vinteren snart set inn. Dei har lite pengar til å kjøpa fyringsolje for. Om natta må dei stå opp og kosta snø av
taket, så det ikkje skal rasa saman, for konteineren har ikkje skikkeleg tak.
Det er eit år sidan den forhatte presidenten Bashar al-Assad blei styrta, etter mange år med borgarkig, og Syria vender gradvis tilbake til ein slags normalitet. «Er det nokon som har reist tilbake til Syria?» spør me. «Ja, nokre har gjort det, men dei angra, for det er ingenting for oss der lenger,» svarar mor i huset. Nokre av flyktningane som har returnert til Syria har tatt seg tilbake illegalt over grensa igjen for å finna arbeid, men det er dyrt å betala grenselosane, og mange må bli verande i Syria og prøva å gjera det beste ut av situasjonen.
Flyktningane er ikkje populære i Libanon. Sidan borgarkrigen braut ut i 2011, har det vesle landet, som er mindre enn Møre og Romsdal fylke, tatt imot minst halvannan million syrarar. Det er mykje, med tanke på at landet i seg sjølv har eit folketal på litt over 4 millionar. Libanon har sjølv vore gjennom ei stor økonomisk krise dei siste 5-6 åra. Det har ein svak sentralregjering og er sterkt fragmentert etter mange år med borgarkrig.
«Kva er det viktigaste for dykk akkurat no?
Korleis kan me be til Gud for dykk?» spør Kero. «Borna våre er det viktigaste»,
svarar den eine unge kvinna. Så fortel ho at tanta hennar nett har mista yngste
sonen sin. Han blei påkjørt av ein bil. Etter at me har bedt for dei og
velsigna heimen deira, blir me inviterte med til heimen som er i sorg. Der tar
kona imot oss. Ho er full av sorg og resignasjon, og fortel oss kva som har
skjedd. Det vesle rommet er no fullt av familiemedlemmer, og me blir igjen
servert nokre dråpar kaffi i små koppar. Me spør kor mange ungar ho har, og ho
svarar at om ho hadde hatt hundre born, hadde sorga vore like stor. Eg blir
minna om det Jesus fortalde om den eine sauen og dei nittini, og den tanken
grip Kero tak i. Han gjenfortel likninga, og seier at så høgt elskar Gud oss,
at kvar enkelt er dyrebar i hans auge. Det viser oss kor stor Guds kjærleik er.
Så får han lov til å be ei bøn der også, og velsigna familien, før me tar
avskil med dei.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar