Statcounter

torsdag 15. desember 2022

Bok: Roman om egyptisk TV-predikant


Sist eg var i Kairo gjekk eg inn i ein bokhandel på Zamalek som ligg i 26. juli-gata. Det var ein kveld i slutten av oktober, eg var ferdig med arbeidet for dagen, og hadde litt tid til å slappa av. Eg likar å sjå meg om i bokhandlar, men eg er veldig kresen med kva eg kjøper med meg. Denne kvelden fall augo mine på ei bok med tittelen «The Televangelist», og eg blei nysgjerrig. På vaskesetelen las eg at romanen handla om ein berømt egyptisk TV-predikant som var beundra av så vel husmødre som politikarar for måten han underviste islam til folket på. Men når han blir kontakta av ein mann som står presidenten nær, blir han dradd inn i eit nett av politiske intriger.

«The Televangelist» er ein litt rar tittel, for det får oss til å tenka på amerikanske kristne TV-predikantar, medan dette er ein muslimsk sheikh. Etter kvart som me får bli kjent med Sheikh Hatem, forstår eg at han strevar med ein del av dei same tinga som prestar i Norge også må tenka på: Folk er slett ikkje alltid interessert i dei grundige forklaringane, men vil ha dei enkle svara. Derfor seier ikkje Sheikh Hatem alltid alt det han eigentleg tenkjer. Dessutan må han som TV-predikant tenkja på kva produsentane vil ha, kva som generer inntekter til kanalen – og kva styresmaktene vil tolerera.

Det som gjer boka særleg interessant for meg, er dei ulike tema som forfattaren tar opp undervegs. Me får ein grundig diskusjon om muslimar som konverterer til kristendommen, eller vise versa, om diskusjonen mellom tradisjonalistar og «liberale» musliar, om tilhøvet til sufiordenar og shiamuslimar, og me får innblikk i korleis styresmaktene kontrollerer all offentleg religion og overvaker alle viktige aktørar. Boka er ikkje den enklaste å forstå – til dømes når forfattaren brukar mange sider på å diskutera «mu’tazila»-retninga, ei rørsle frå tidleg islamsk historie som utvikla ein eigen form for islamsk rasjonalisme.  

Samstundes er romanen ei bok om kjærleik og svik, om løgn og bedrag på mange plan, og boka har ein overraskande slutt som eg ikkje kan avsløra her.

Forfattaren, Ibrahim Essa, er ein kontroversiell og kjent egyptisk journalist og TV-kjendis som har vore nokså frittalande, og vore med å starta ulike aviser og vekeblad. Han har ein klar front mot muslimbrørne og andre islamistiske rørsler, som t.d. i dette innlegget.   

Konvertering er eit viktig tema i boka til Ibrahim Essa. Sjølv om han diskuterer dette grundig, til dømes ved å gjenfortelja historia til Mohamed Mansour, Azhar-sheikhen som blei kristen på slutten av 1800-talet, føler eg ikkje at han verkeleg klarar å komma på innsida av sjela til dei som byrjar å tru på Jesus i dag. Det blir noko overflatisk ved det, og alt kokar ned til sosiologiske og psykologiske forklaringar.

Alt i alt kan eg anbefala boka – iallfall til dei som er litt over gjennomsnittet interessert i arabisk og egyptisk kultur og samtid.  Boka er tilgjengeleg t.d. frå Amazon både i paperback og kindle e-versjon. 

 

The Televangelist

Fofattar: Ibrahim Essa

Cairo, The American University in Cairo Press, 2016

Arabisk utgåve: Mawlana 2012 

https://www.amazon.com/Televangelist-Novel-Hoopoe-Fiction-ebook/dp/B01DYHXXK4

Korleis går det med Dalia i Rafah?

Tidlegare denne våren fortalde den kristne TV-kanalen SAT-7 om 17 år gamle Dalia som hadde flykta frå Nord-Gaza til Rafah i sør . No e...