Iranske kristne samlast til gudsteneste i heimane. SAT-7 kallar det «The Church Without Walls». Ei kyrkje som ikkje treng murar, men som finst der folk er – i stover, på mobiltelefonar, i flyktningleirar og i stille rom der bøna er det einaste håpet.
Skapt, døypt og sendt av Gud. Ein blogg om misjon, og om kvardagslivet i havgapet utanfor Ålesund. For tidlegare innlegg: sjå presteprat.blogspot.com
Statcounter
lørdag 1. november 2025
Kyrkja utan veggar - når skjermen blir heilag grunn
mandag 25. august 2025
Mediemisjon i Midtausten
Det siste året har eg vore så heldig at eg har fått sendetid i den kristne lokalradioen her på Sunnmøre. Radio Sunnmøre har intervjua meg om NMS sitt misjonsarbeid i Midtausten, og eg har fått delt om mykje av det me er med på i lag med våre lokale samarbeidsorganisasjonar. I det siste intervjuet kommenterer eg først den politiske situasjonen i Midtausten, før eg fokuserer på Middle East Media, som har vore til stades i denne turbulente delen av verda i 50 år. Det starta i Libanon i 1975, men flytta til eit fredelegare land då borgarkrigen braut ut same året. Dette er organisasjonen me arbeidde for då me var utsendingar for NMS til Midtausten for mange år sidan.
Høyr intervjuet i Radio Sunnmøre her: Den politiske situasjonen i Midtausten
torsdag 13. juni 2024
Basma tok krossen sin opp
For nokre dagar sidan fekk eg høyra at Basma er død. Basma var ei kvinne som tok opp krossen sin, og som fylgde etter Jesus, sjølv om det innebar mange personlege offer, slik Jesus seier i teksten for kommande søndag, (Matt 16,24-27). Ho arbeidde i Middle East Media, ein av NMS sine samarbeidsorganiasjonar. Ho delte trua si med mange, og var med og bygde opp eit viktig mediearbeid på den arabiske halvøya.
Basma vaks opp i ein godt utdanna muslimsk
familie i eit land i Nord-Afrika. Mora lærte henne tidleg å seia «nei», og
stilla spørsmål ved alt ho ikkje var overtydd om. Farens visdom lærte henne å
bruka alle sansane når ho lærte og studerte. Dette var nyttig kvar veke, då ein
religiøs mann kom heim til dei for å gi opplæring i trua. Ein dag sa han til
Basma: «Når du døyr, blir det så trangt i grava at ribbeina dine blir knust, og
de kjem alle til å enda opp i fortapinga.» Basma såg for seg dette, og reagerte
umiddelbart: «Nei, nei, nei, eg vil ikkje at det skal skje med meg.» Mor henner
prøvde å trøysta henne: «Om du gjer gode gjerningar så Gud blir fornøgd, kjem
han til å visa meir miskunn enn nokon andre.» Men Basma visste frå Koranen at
Gud også kunne vera lur og hevngjerrig, og til meir ho lærte, til reddare blei
ho.
Basma hadde lært at Bibelen var blitt
forandra og ikkje var til å stola på. Likevel var ho nysgjerrig på Jesus, så ho
brukte fem år på å studera Bibelen, og til slutt tok ho imot trua på Jesus som Herre
og Frelsar. No var ho ikkje lenger redd for Gud. Etter at ho blei døypt, kjente
ho på fred og tryggleik, og ho følte at Gud var nær. Enno visste ho ikkje kva det
skulle bety for henne og familien hennar at ho hadde valt eit nytt liv med Kristus.
På denne tida var Basma gift. Mannen
hennar var imam i moskeen, og dei hadde tre små born – to døtre og ein son. I
det ytre praktiserte ho islam, og i all hemmelighet delte ho trua si med andre
i slekta. Men då fem av dei hadde blitt kristne, blei ho oppdaga. Mannen hennar
og familien hans slo henne og planla å drepa henne, så ho måtte flykta både frå
landet og dei tre borna sine. Hjarta hennar var knust, men Kristus blei hennar
beste venn i tida som kom.
Basma fekk ein ny heim i Persiagolfen på
den arabiske halvøya. Mange år seinare gifta ho seg med ein som delte trua
hennar. Ho møtte folk frå MEM (Middle East Media), og fekk hjelp både til å
komma gjennom alt det vonde og vanskelege ho hadde opplevd, og til å få ny
jobb. Hos MEM fekk Basma åndeleg vegleiing, og opplæring i massemedia. Ho
brukte evnene sine, særleg innan videoproduksjon, til å dela trua si meir og
meir.
Så ein dag, fleire år seinare, fekk ho ei
melding på Facebook frå sonen. Han hadde ikkje lov til å kontakta henne, og var
med i ei radikal islamsk gruppe, og likte ikkje dei kristne, men han hadde behov
for å vita kvifor mora hadde måtta reisa. Ho klarte å få til å møta sonen, og
like etterpå blei han også kristen. Då slo faren han så hardt at han blei
liggande i koma lenge. Han også opplevde mykje vondt, og havna i fengsel på
grunn av trua si, men no er han ute, og har delt trua si på Jesus med andre. Både
han og den eine søstera flytta til byen der mora budde.
Eksmannen og familien hans gjorde det dei
kunne for å hevna seg endå meir. Sonen og dottera som hadde tatt imot Jesus, fekk
falske skuldingar mot seg, og havna i fengsel. Der fekk dei det veldig
vanskeleg, og Basma følte seg overvelda av motløyse. Men ho bad trufast om at
borna ikkje måtte gi opp den kristne trua si.
Då dei slapp ut, la Basma ut på ei farleg
reise heim til dei. Då dei møtte, sa dottera Layla: «Då eg vart døypt før dei sette
ut skuldingar mot meg, kjente eg Jesus på ein måte, men i fengselet møtte han
meg og viste kjærleik mot meg. Han var der med meg kvar stund og kvar dag.
Nokon bibel hadde eg ikkje, heller ingen songar å lytta til, men hans Ånd inni
meg var nok.» Sonen hadde også blitt trøysta og hatt fred og glede medan han
var fengsla.
Tilbake på den arabiske halvøya heldt Basma
fram med å arbeida for MEM og dela evangeliet gjennom ein plattform på sosiale
media for isolerte kvinner i Golfen.
For eit par år sidan fekk Basma kreft, og den
siste tida har vore vanskeleg. Heilt til det siste var ho aktivt med og delte
trua på Jesus gjennom massemedia, og fekk leda mange til Jesus, særleg kvinner på
den arabiske halvøya. Basma sitt jordiske liv tok slutt, men livet med Jesus,
det tar aldri slutt. Basma tok krossen sin opp og fylgde Jesus heile livet.
torsdag 25. mai 2023
Nye vegar og bruer
«Trivest du i Suez?» spør eg drosjesjåfør Shukri, som kjører oss heim frå ein utflukt til Raudehavet. «Ja, det er mykje betre enn Kairo», svarar han. «Der er det så bråkete og så trangt om plassen. Her er det fint og roleg.» Suez er ein «småby» med ikkje stort meir enn 750 tusen innbyggarar, som ligg ved det sørlege innløpet til kanalen som byen har gitt namnet sitt til.
Dette blogginnlegget kan du lytta til på Radio Sunnmøre.
Kvar gong eg er ute og reiser i
Kairo, blir eg forundra over kor mykje som har endra seg på dei siste par og
tjue åra etter at me flytta til Norge. Byen blir stadig større i utstrekning,
og nye bydelar skyt opp som paddehattar i alle retningar. Det er ein enorm
byggeaktivitet med nye vegar og bruer overalt. Då me budde her på nittitalet,
var me overraska over kor liten byen var i utstrekning i forhold til det store
folketalet. Den gongen var ikkje byen stort større i utstrekning enn øya Stord som
eg kjem frå. Og der var det pressa saman atten millionar menneske. No er det
eit samanhengande storbyområde frå aust til vest på hundre kilometer.
Dette opphaldet i Egypt har også vist meg at Gud er i ferd med å bygga mange nye bruer og vegar for å nå menneske i den arabiske verda med evangeliet. Me har besøkt fleire kristne organisasjonar og møtt folk som har fortalt spennande ting om kva dei er med på no, og korleis menneske kjem til tru på Jesus her i Midtausten i våre dagar. Mellom anna besøkte me ein organisasjon som har eit arabisk namn som betyr «bruer». Dei bygger bruer til menneske som ikkje kjenner Jesus, og deler Guds kjærleik med dei. Dei jobbar aktivt i lag med dei evangeliske kyrkjene i Midtausten for å inspirera dei til å driva misjon. Mellom anna har dei vore med på å senda ut misjonærar til Barcelona i Spania. Der driv misjonærane frå Egypt eit viktig og godt arbeid mellom arabiske innvandrarar, og etter kvart har det vakse fram ei arabisktalande kyrkje der i Barcelona. Dette arbeidet er NMS med og støttar.
Eg snakka også med ein mann som
har drive med massemedia i mange år. Han fortalde meg at no opnar det seg nye
vegar inn til land som tidlegare har vore stengde. Saudi-Arabia, for eksempel, no
er dei akkurat inne i ein fase der dei opnar seg for veldig mykje vestlig, og
det berykta moralpolitiet som før banka opp folk for den minste feil, er ikkje
lenger å sjå i gatene, sa han. I Saudi-Arabia har det jo tidlegare vore strengt
forbudt å ta med biblar inn i landet. Og så tok han fram mobiltelefonen sin.
«Sjå her, skal du sjå, seier han», og så viste han meg eit bilde av to
svartkledde damer med slør framfor ansiktet. Dei heldt ein stor bibel opp
framfor seg og las interessert i den. Han kunne fortelja at no hadde organisasjonen
hans vore med på bokmesse like utanfor profetens by Medina, og der hadde dei
heilt ope kunna selja biblar, og det var stor interesse for dei.
«Arbeid, for natten kommer» syng
me i ein gammal misjonssalme. Og Jesus seier i Johannes 9,4 «Så lenge det er
dag, må vi gjera hans gjerningar som har sendt meg.» No er det dagslys til å
arbeida i den muslimske verda. No er det ein opning for å la lyset frå Jesus
skina. Men det gjeld like mykje her
heime og. Kanskje kan det som skjer i Midtausten i dag vera til inspirasjon for
oss her i Norge?
tirsdag 14. april 2020
Den norske (medie-)kyrkja og norsk mediemisjon
![]() |
(Bildet over er henta frå Møre bispedøme si facebook-side.
Finst det unådde folkeslag 2000 år etter Jesus?
Det var flott å delta på Unåddkonferansen på IMI Forum i Stavanger i lag med meir enn 600 menneske som ivrar for misjon. Unådd 2026 blei ...
-
«Gud bringer afghanarar og andre muslimar til oss. Dei kjem frå område i verda der misjonærane ikkje kan reisa, men no står dei ved dørsto...
-
Korleis kan me som kristne tenka om landløftene til Israel i Bibelen? Her er eit perspektiv frå ein teolog som bur og arbeider i Libanon: Ba...
-
Misjon handlar om å vera sendt. Sendt av Gud. Men ikkje berre til land langt vekke. Kyrkja er også sendt til lokalsamfunnet der me bur. Derf...




