For nokre dagar sidan fekk eg høyra at Basma er død. Basma var ei kvinne som tok opp krossen sin, og som fylgde etter Jesus, sjølv om det innebar mange personlege offer, slik Jesus seier i teksten for kommande søndag, (Matt 16,24-27). Ho arbeidde i Middle East Media, ein av NMS sine samarbeidsorganiasjonar. Ho delte trua si med mange, og var med og bygde opp eit viktig mediearbeid på den arabiske halvøya.
Basma vaks opp i ein godt utdanna muslimsk
familie i eit land i Nord-Afrika. Mora lærte henne tidleg å seia «nei», og
stilla spørsmål ved alt ho ikkje var overtydd om. Farens visdom lærte henne å
bruka alle sansane når ho lærte og studerte. Dette var nyttig kvar veke, då ein
religiøs mann kom heim til dei for å gi opplæring i trua. Ein dag sa han til
Basma: «Når du døyr, blir det så trangt i grava at ribbeina dine blir knust, og
de kjem alle til å enda opp i fortapinga.» Basma såg for seg dette, og reagerte
umiddelbart: «Nei, nei, nei, eg vil ikkje at det skal skje med meg.» Mor henner
prøvde å trøysta henne: «Om du gjer gode gjerningar så Gud blir fornøgd, kjem
han til å visa meir miskunn enn nokon andre.» Men Basma visste frå Koranen at
Gud også kunne vera lur og hevngjerrig, og til meir ho lærte, til reddare blei
ho.
Basma hadde lært at Bibelen var blitt
forandra og ikkje var til å stola på. Likevel var ho nysgjerrig på Jesus, så ho
brukte fem år på å studera Bibelen, og til slutt tok ho imot trua på Jesus som Herre
og Frelsar. No var ho ikkje lenger redd for Gud. Etter at ho blei døypt, kjente
ho på fred og tryggleik, og ho følte at Gud var nær. Enno visste ho ikkje kva det
skulle bety for henne og familien hennar at ho hadde valt eit nytt liv med Kristus.
På denne tida var Basma gift. Mannen
hennar var imam i moskeen, og dei hadde tre små born – to døtre og ein son. I
det ytre praktiserte ho islam, og i all hemmelighet delte ho trua si med andre
i slekta. Men då fem av dei hadde blitt kristne, blei ho oppdaga. Mannen hennar
og familien hans slo henne og planla å drepa henne, så ho måtte flykta både frå
landet og dei tre borna sine. Hjarta hennar var knust, men Kristus blei hennar
beste venn i tida som kom.
Basma fekk ein ny heim i Persiagolfen på
den arabiske halvøya. Mange år seinare gifta ho seg med ein som delte trua
hennar. Ho møtte folk frå MEM (Middle East Media), og fekk hjelp både til å
komma gjennom alt det vonde og vanskelege ho hadde opplevd, og til å få ny
jobb. Hos MEM fekk Basma åndeleg vegleiing, og opplæring i massemedia. Ho
brukte evnene sine, særleg innan videoproduksjon, til å dela trua si meir og
meir.
Så ein dag, fleire år seinare, fekk ho ei
melding på Facebook frå sonen. Han hadde ikkje lov til å kontakta henne, og var
med i ei radikal islamsk gruppe, og likte ikkje dei kristne, men han hadde behov
for å vita kvifor mora hadde måtta reisa. Ho klarte å få til å møta sonen, og
like etterpå blei han også kristen. Då slo faren han så hardt at han blei
liggande i koma lenge. Han også opplevde mykje vondt, og havna i fengsel på
grunn av trua si, men no er han ute, og har delt trua si på Jesus med andre. Både
han og den eine søstera flytta til byen der mora budde.
Eksmannen og familien hans gjorde det dei
kunne for å hevna seg endå meir. Sonen og dottera som hadde tatt imot Jesus, fekk
falske skuldingar mot seg, og havna i fengsel. Der fekk dei det veldig
vanskeleg, og Basma følte seg overvelda av motløyse. Men ho bad trufast om at
borna ikkje måtte gi opp den kristne trua si.
Då dei slapp ut, la Basma ut på ei farleg
reise heim til dei. Då dei møtte, sa dottera Layla: «Då eg vart døypt før dei sette
ut skuldingar mot meg, kjente eg Jesus på ein måte, men i fengselet møtte han
meg og viste kjærleik mot meg. Han var der med meg kvar stund og kvar dag.
Nokon bibel hadde eg ikkje, heller ingen songar å lytta til, men hans Ånd inni
meg var nok.» Sonen hadde også blitt trøysta og hatt fred og glede medan han
var fengsla.
Tilbake på den arabiske halvøya heldt Basma
fram med å arbeida for MEM og dela evangeliet gjennom ein plattform på sosiale
media for isolerte kvinner i Golfen.
For eit par år sidan fekk Basma kreft, og den
siste tida har vore vanskeleg. Heilt til det siste var ho aktivt med og delte
trua på Jesus gjennom massemedia, og fekk leda mange til Jesus, særleg kvinner på
den arabiske halvøya. Basma sitt jordiske liv tok slutt, men livet med Jesus,
det tar aldri slutt. Basma tok krossen sin opp og fylgde Jesus heile livet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar