 |
| Pastor John Samy, Maher Rizkallah og underteikna ved tomten. |
«Du er ein gal prest! Vil du begynna på nytt ein ny plass no
når du har brukt ein mannsalder på å bygga opp denne store kyrkjelyden frå
ingenting? Du kunne slappa av og ha det trygt resten av livet, og så tar du ein
ny jobb med ein brøkdel av inntekta du har no?» Slik reagerte dei i kyrkja då
pastor John Samy bestemte seg for å planta ny kyrkjelyd i Kairo. Kanskje kan me
vera med på å realisera draumen hans.
Eg kjenner pastor John frå den tida han var ung pastor i
Omraniyya, ein folkerik bydel i storbyen ved Nilen. Eg møtte han i samband med
arbeidet mitt i ungdomsbladet «Magalla», der han var med som frivillig
rådgjevar for redaksjonen, og han inviterte meg til å preika i kyrkja hans eit
par gonger.
No har 55-åringen doktorgrad i teologi, og har vore leiar
for kyrkjeplantingsavdelinga i Nilsynoden, Den evangeliske kyrkja i Egypt. Etter
27 år i same kyrkjelyd valde han å bli hyrde for ein mindre kyrkjelyd i Maadi,
sør i byen, og dei tar no sikte på nybrottsarbeid i Zahraa el-Maadi, ein ny
bydel like ved ørkenen. Området har lenge vore tilhaldsstad for zabalinane,
søppelhentarane, som lever av å samla og resirkulera det andre kastar. Då me
budde i Kairo for mange år sidan, var det zabalinane frå Zahraa el-Maadi som henta
søppelet vårt med eselkjerre kvar veke. I dag er området blitt ein ny bydel der
mange frå middelklassen kjøper leilighet. Pastor John sin draum er å bygga opp ein
kyrkjelyd med plass for alle samfunnsklassar, der dei som har meir kan hjelpa
dei aller fattigaste, slik at livet blir betre for dei.
Staten har gitt kyrkjetomt

I dag er den vesle kyrkjelyden utan eige kyrkjebygg, og har
inntil vidare fått låna lokale i den katolske kyrkja. Men dei har fått beskjed
om at dei snart må ut derfrå, og treng ein eigen stad å samlast. Heldigvis har
dei fått tildelt eit mål jord til å bygga kyrkje på, men det er langt opp og
fram før eit bygg står på plass. Landmålarar frå Kairo by var ute og målte opp tomten
og skreiv ut eit målebrev tidlegare i år. Dette er ein del av politikken til
regjeringa til president Sisi, som er ganske positiv til kyrkja, og opptatt av at
det skal vera kyrkjer i nye bydelar, ikkje berre moskear. Planen til pastor John og kyrkjelyden hans er
at så snart alle papir og planar er i orden, skal dei gå i gang med å bygga ein
mur rundt tomten og få ein vaktmann til å bu der. Det må til for å sikra at
ingen andre tar seg til rette og bygger noko på tomten. Så vil dei så snart dei
har midlar til det, begynna å bygga, noko enkelt til å byrja med, og så vil dei
utvida etter som kyrkjelyden veks.
Folk er viktigare enn kyrkjebygget
Likevel er det ikkje sjølve kyrkjebygningen som er det
viktigaste for pastor John, men folket som dei kan tena gjennom å vera til
stades i drabantbyen. Her er det mange behov, særleg overfor dei fattigaste, og
dei ønskjer å ha ei heilskapleg tilnærming til kyrkjelydsbygginga. Dei som har
midlar, skal lærast opp til å gi, og dei som har behov for hjelp, skal få det. Dei
fattige treng undervisning helse og personleg hygiene, skulegang for borna. Og
alle treng det åndelege budskapet frå evangeliet om Jesus. Men, som pastor John
seier det, Jesus var også opptatt av å dekka dei fysiske behova til folket han
møtte.
Hundre frivillige
Eg kjem akkurat frå «Use Your Talents»-konferanse i Kamerun,
og det fortalde eg pastor John om – korleis kyrkjene i Sentral- og Vest-Afrika
var samla for å dela erfaringar om korleis dei kan bruka dei lokale ressursane
sine for å utvikla lokalsamfunna sine. Så me snakka litt om kva talent dei har
i kyrkjelyden. Dei har no rundt hundre frivillige. Det er t.d. songarar og
musikarar, søndagsskulelærarar og barne- og ungdomsleiarar og folk med
diakonale oppgåver som er med i besøksteneste. Det er eit godt utgangspunkt for
å bygga vidare på kyrkjelyden, men enno er det langt igjen til at dei har råd
til å betala det som er gjennomsnittsløna til ein pastor, og pastor John må
enno ei stund klara seg med ein god del mindre enn han hadde før han slutta i
kyrkjelyden han bygde opp i Omraniyya. «Eg ville ut av komfortsona», seier han,
og slik har det blitt.
Eg håpar at nokre norske kyrkjelydar som har
misjonsavtale med NMS om Midtausten, kan vera interesserte i å etablera
venskapsband med denne kyrkja, og kanskje kan me få til eit samarbeidsprosjekt
med NMS. Personleg vil eg iallfall vera interessert i å følgja med i korleis
det går med nybrottsarbeidet ikkje langt frå der me budde for 20-30 år sidan.