Skapt, døypt og sendt av Gud. Ein blogg om misjon, og om kvardagslivet i havgapet utanfor Ålesund. For tidlegare innlegg: sjå presteprat.blogspot.com
Statcounter
Viser innlegg med etiketten biskop Thomas.. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten biskop Thomas.. Vis alle innlegg
mandag 20. april 2020
Kven er dei kristne i Midtausten?
Denne helga har dei kristne i Midtausten feira påske. Iallfall dei som følgjer kalenderen til dei ortodokse kyrkjene. I år blei det nok ikkje heilt som på dette bildet, som er frå kyrkja til biskop Thomas i Egypt, frå landsbyen El-Qusiyyah midt i landet. Den koptiske ortodokse kyrkja er berre eitt av mange forskjellige kyrkjesamfunn i Midtausten, og det kan vera nokså vanskeleg å få oversikt over kven dei er, alle saman, men eg har prøvd å laga ei enkel oversikt:
I masteroppgåva om NMS sitt misjonsarbeid i Midtausten sidan starten i 1990, skreiv eg eitt kapittel om dei kristne kyrkjene: Kap 3.3 Kristne i det muslimske Midtausten. Der kan du lesa meir om kven dei kristne er, og litt om korleis det er å vera kristen i eit muslimsk samfunn.
Masteroppgåva vart skriven som ein del av faget "kulturmøte" ved Høgskulen i Volda, og var ferdig hausten 2019.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
-
Ein fredagskveld i oktober tok eg meg ein tur innom Støperiet i Frikirken sine lokale i Storgata i Ålesund sentrum. Dette er Frikirken sin m...
-
«Gud bringer afghanarar og andre muslimar til oss. Dei kjem frå område i verda der misjonærane ikkje kan reisa, men no står dei ved dørsto...
-
Orda kjem frå ei ung mor som er syrisk flyktning. Flyktningleiren ligg i utkanten av ein av byane i Bekaa-dalen , aust i Libanon . Syris...
