Statcounter

Viser innlegg med etiketten NMS. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten NMS. Vis alle innlegg

torsdag 29. oktober 2026

Finst det unådde folkeslag 2000 år etter Jesus?



Det var flott å delta på Unåddkonferansen på IMI Forum i Stavanger i lag med meir enn 600 menneske som ivrar for misjon. 

Unådd 2026 blei halden for 8. gang, og dei siste åra har NMS vore ein av dei nesten 50 organisasjonane eller kyrkjesamfunna som arrangerer konferansen. Nytt av året var det såkalte "menighetssporet", som eg deltok på.

Viktigaste "takeaway": 

- Meir enn halvparten av alle folkegrupper i verda er meir eller mindre unådde av misjon.

- Leiinga i kyrkjelydane er heilt sentrale i å gjera misjonsavtalen synleg.

- Det må vera samanheng mellom misjon lokalt og globalt. 

Underteikna og leiar i Møre bispedømeråd, Arnt Ove Tennfjord på Unådd 2026

Kva vil det eigentleg seia å vera unådd? 

Omgrepet kan absolutt diskuterast. Finst det i det heile tatt noko menneske på jorda som ikkje er nådd av Gud? "Han er då ikkje langt borte frå ein einaste ein av oss. For i han er det vi lever og rører oss og er til", seier Paulus i den berømte talen på Areopagos i Aten. Men i denne samanhengen handlar det om land eller folkegrupper med få kristne, eller der folk ikkje har tilgang til evangeliet. 

Kva med Italia, med over 80 % kristne?  Nokre organisasjonar reknar berre med dei evangeliske kristne i eit land eller ei folkegruppe, og inkluderer ikkje katolske eller ortodokse kristne i statistikkane. Dermed vil nokre også rekna Italia som eit "unådd" land fordi det har så få evangeliske kristne. For meg blir det smått absurd. Dette treng likevel ikkje bety at ein aldri skal driva misjon i land som har ei lang kristen historie.  

Er for eksempel Egypt eit unådd land? Kristendommen kom dit med evangelisten Markus mindre enn ti år etter at Jesus sendte ut apostlane, og landet har fleire millionar kristne. Men i praksis kan likevel mange grupper i landet vera unådd av evangeliet.  JoshuaProject, som kartlegger unådde folkeslag, opererer med 46 ulike folkegrupper i Egypt, og dei reknar 33 av desse som unådde, dvs. at det er ein svært liten prosentandel kristne i desse gruppene, sjølv om landet har sterke og livskraftige kyrkjesamfunn. NMS samarbeider både med den evangeliske kristne og med den koptisk-ortodokse kyrkja. 

Totalt i heile verda reknar Joshua Project med at det er mellom 10 000 og 16 000 folkegrupper i verda, alt etter korleis ein tel dei, og at meir enn halvparten av desse er meir eller mindre unådde av evangeliet. Sjølv om det går an å vera uenig med måten Joshua Project tel kristne på, så har dei samla ganske mange ressursar som det kan vera nyttig for oss å sjå på, og samanlikna med den informasjonen me sit på i vårt eige arbeid rundt om i verda. 


Generalsekretær Helge Gaard i "sofaprat" med Rune Edvardsen.
Menighet og misjon. 

Det som var nytt på Unådd dette året, var at det var eit eige "spor" for menighet og misjon, og det deltok eg på. Der diskuterte me korleis me kan få heile menigheten til å engasjera seg for misjon, og ikkje berre nokre få eldsjeler. Dette var veldig nyttig og inspirerande for meg, sidan ein del av jobben min i NMS handlar om å styrka misjonsavtalane i kyrkjelydane. For det er jo ein veldig variasjon i kor stort engasjement det er for misjon i dei menighetane som har misjonsavtale. Det var inspirerande å delta på, sjølv om det naturleg nok var prega av ulike frimenighetar, som har ein annan struktur enn i Den norske kyrkja. NMS har misjonsavtalar med 600 av kyrkjelydane, og i år blei det også underskrive ein sentral avtale mellom NMS og Den norske kyrkja. 

Det viktigaste som eg tok med meg frå Unådd 26: Det blei endå meir tydeleg for meg kor viktig det er at leiinga i kyrkjelydane, dvs. sokneråd, og stab, er heilt sentral i det å bruka misjonsavtalen i menigheten, og at det må vera samanheng mellom misjon i nærmiljøet og misjon i utlandet. Og så fekk eg innblikk i ein del av misjonsarbeidet i Midtausten som skjer i regi av andre kristne kyrkjer.

Eg veit jo av eigen erfaring som menighetsprest at det kan vera vanskeleg nok å halda fokus på misjonsavtalen, til og med for dei som er motiverte.  Det kan lett bli til at misjon druknar i alt anna arbeid, iallfall viss det blir berre ein av mange aktivitetar. Men dersom me kan sjå korleis alt heng saman, så kan menigheten bli misjonal på den måten at me ser at alt me gjer, har ein samanheng med at Jesus sender oss ut, både i lokalmenigheten og i det globale arbeidet.



onsdag 16. september 2026

Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik?

 


Mauritania ligg like vest for Mali. I vår blei tre kristne menn i dette landet fengsla etter å ha blitt utsett for eit sverdangrep i kyrkjelyden, fortel vår partnar Middle East Concern.  Eg skriv om dette og meir i NMS sitt siste nyhetsbrev frå Midtausten. Midt i all motstand opplever dei kristne at «ingenting kan skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre». Det er også godt for dei å vita at kristne i andre land er med og ber for dei.

Er du interessert i nyhetsbrev frå andre land som NMS har arbeid i, kan du finna dei her: https://nms.no/engasjer-deg/nyhetsbrev-til-menigheter  

Eg er no tilbake i hundre prosent jobb for NMS etter å ha hatt ei deltidsstilling dei tre siste åra. Då jobba eg resten av tida som prest i Ålesund og Volsdalen menighet. No har eg framleis kontor i Noregs objektivt sett finaste by, med utsikt over vakre Brosundet frå NMS sitt regionkontor i Kongens gate. Det vil sei, akkurat i dag er det ikkje så mykje utsikt å skryta av, for det regnar så mykje at me berre så vidt skimtar øyane ute i Giske kommune, der eg bur. 

I NMS skal eg framleis vera rådgjevar for Midtausten og følga opp partnarane og nokre av prosjekta våre der. Men halve tida mi skal brukast i avdeling Frivillighet her i region Møre. Då skal eg i hovudsak arbeida med forkynning, formidling av misjonsinformasjon og rekruttering av frivillige. No på søndag er eg så heldig at eg får ha gudsteneste i Vigra kyrkje i lag med karane i den lokale mannsforeninga for NMS i Giske kommune. 


onsdag 26. november 2025

"Borna våre er det viktigaste for oss"

Orda kjem frå ei ung mor som er syrisk flyktning. Flyktningleiren ligg i utkanten av ein av byane i Bekaa-dalen, aust i Libanon. 


Syrisk flyktning, ansiktet gjort ugjenkjenneleg vha. KI.

 Grensa til Syria er berre ein kort kjøretur unna. Utanfor ein konteiner like ved vegen står ei som eg trur er ei tenåringsjente og ventar på oss. Ho inviterer oss inn i konteineren, som viser seg å vera heimen til ein syrisk familie. Dei har det betre enn mange andre, som må ta til takke med telt. Konteineren er delt inn i fleire rom: Ein gang, eit lite kjøken og eit kombinert soverom og stove. Me tar respektfullt av oss skorne og blir leda gjennom gangen og inn i stova. Den er overraskande fin og ryddig. Golvet er teppelagt, og vegger og tak er dekka av stoff. I eine hjørnet står ei dobbeltseng, og elles er det madrasser langs veggene. Midt på golvet står ein oljeovn. Den blir god å ha når vinteren set inn. Me set oss ned på madrassene og får servert ein kopp krutsterk arabisk kaffi, og høyrer korleis det står til med dei. 

«Tenåringsjenta» viser seg å vera eldre enn eg trudde, kanskje midt i tjueåra. Eg får høyra at ho er mor til fem barn, og at ho er gravid med den sjette. Søster hennar, som sit attmed henne, har også fleire born. Dei har gifta seg tidleg, slik det er vanleg der dei kjem frå. Nokre kanskje heilt ned i 13-årsalderen.  

Me som besøker denne heimen er, utanom meg, eit team frå organisasjonen Jossour: Eit egyptisk ektepar med den halvtår gamle sonen deira, og ei ung syrisk flyktningkvinne. Ho har vore i Libanon eit par år og er blitt kjent med Jesus og den kristne trua gjennom arbeidet til Jossour. Misjonærane frå Egypt, Kero og Merit, driv senteret «Hayat» (Liv) der unge kvinner får læra seg praktiske skills, som t.d. å sy, slik at dei kan få litt inntekter. «Nora» fortel at ho følte seg heilt forlaten av Gud då ho flykta. Men på Hayat-senteret fekk ho ny tru på at Gud var glad i henne, og at ho hadde verdi som menneske. Det er berre kort tid sidan ho fortalde at ho ville tru på Jesus, men ho går framleis med hijab, som andre med muslimsk bakgrunn.

Medan me drikk kaffi, fortel flyktningane korleis dei har det. Livet er ikkje så lett, og dei er redde for å frysa no når vinteren snart set inn. Dei har lite pengar til å kjøpa fyringsolje for.  Om natta må dei stå opp og kosta snø av taket, så det ikkje skal rasa saman, for konteineren har ikkje skikkeleg tak.

Det er eit år sidan den forhatte presidenten Bashar al-Assad blei styrta, etter mange år med borgarkig, og Syria vender gradvis tilbake til ein slags normalitet. «Er det nokon som har reist tilbake til Syria?» spør me. «Ja, nokre har gjort det, men dei angra, for det er ingenting for oss der lenger,» svarar mor i huset. Nokre av flyktningane som har returnert til Syria har tatt seg tilbake illegalt over grensa igjen for å finna arbeid, men det er dyrt å betala grenselosane, og mange må bli verande i Syria og prøva å gjera det beste ut av situasjonen. 

Flyktningane er ikkje populære i Libanon. Sidan borgarkrigen braut ut i 2011, har det vesle landet, som er mindre enn Møre og Romsdal fylke, tatt imot minst halvannan million syrarar. Det er mykje, med tanke på at landet i seg sjølv har eit folketal på litt over 4 millionar. Libanon har sjølv vore gjennom ei stor økonomisk krise dei siste 5-6 åra. Det har ein svak sentralregjering og er sterkt fragmentert etter mange år med borgarkrig.

«Kva er det viktigaste for dykk akkurat no? Korleis kan me be til Gud for dykk?» spør Kero. «Borna våre er det viktigaste», svarar den eine unge kvinna. Så fortel ho at tanta hennar nett har mista yngste sonen sin. Han blei påkjørt av ein bil. Etter at me har bedt for dei og velsigna heimen deira, blir me inviterte med til heimen som er i sorg. Der tar kona imot oss. Ho er full av sorg og resignasjon, og fortel oss kva som har skjedd. Det vesle rommet er no fullt av familiemedlemmer, og me blir igjen servert nokre dråpar kaffi i små koppar. Me spør kor mange ungar ho har, og ho svarar at om ho hadde hatt hundre born, hadde sorga vore like stor. Eg blir minna om det Jesus fortalde om den eine sauen og dei nittini, og den tanken grip Kero tak i. Han gjenfortel likninga, og seier at så høgt elskar Gud oss, at kvar enkelt er dyrebar i hans auge. Det viser oss kor stor Guds kjærleik er. Så får han lov til å be ei bøn der også, og velsigna familien, før me tar avskil med dei.      


onsdag 31. juli 2024

Sendt - kor hen?

Misjon handlar om å vera sendt. Sendt av Gud. Men ikkje berre til land langt vekke. Kyrkja er også sendt til lokalsamfunnet der me bur. Derfor må misjon vera ein del av planarbeid og strategiar i norske lokalkyrkjelydar. Det tenker eg litt på her om dagen. Det passar godt for meg som jobbar 50% i kyrkja og 50% i NMS. 

"Planarbeid er kjedeleg!" Kanskje det, men det kan vera eit nyttig verktøy for å prioritera kva me skal bruka tid, krefter og økonomi på. Når kyrkjelydane no skal laga samla plan for arbeidet og begynna å bruka planverktøyet "Kirka vår", tenkjer eg at me må sørga for at misjonstenkinga kjem inn i planane. Det har allereie ein plass både i diakoniplanen og i trusopplæringsplanen, men det er viktig at misjon ikkje berre handlar om misjonsarbeidet i utlandet.

Den norske kyrkja sentralt har gjort ein del prinsipiell tenking rundt misjon. I eit kyrkjemøtevedtak frå 2021 om "Kirkens globale oppdrag" heiter det at "Den norske kirkes oppdrag er å formidle evangeliet i ord og gjerning". Vidare slår ein fast at kyrkja er sendt av den treeinige Gud for å delta i det han gjer i verda. 

Den verdsvide kyrkja er til stades i alle lokalkyrkjelydar - sjølv den minste, monokulturelle og "blendakvite" forsamling - fordi Gud er der, og han er ikkje norsk. Og Jesus var frå Midtausten. Så blir det ei utfording for oss å visa i praksis at kyrkja vår er ein del av den verdsvide kyrkja. 

- Me seier det kvar einaste gong det er dåp. Den som er døypt blir ikkje berre medlem i Den norske kyrkja og kyrkjelyden vår, men blir også ein del av Kristi verdsvide kyrkje. Hos oss i Ålesund får dette eit synleg uttrykk i dåpskluten, som er brodert av kvinner på Madagaskar. "Alle døpte er sendt for å forkynne evangeliet i ord og handling og har medansvar for kirkens oppdrag i verden" heiter det i kyrkjemøtevedtaket ovanfor.

- Kan me også i aukande grad bruka andre språk i gudstenesta? Språk som reflekterer dei som er til stades der? No i sommar har me introdusert eit hefte med omsetting og forklaring av liturgien på engelsk og tysk. Det er ikkje godt nok, men me er iallfall på rett veg. På pinsedag hadde me tekstlesingar på ukrainsk og arabisk i tillegg til norsk. Kan me gjera det oftare?  

- Korleis passar internasjonal diakoni som t.d. fasteaksjonen inn i kyrkjelyden si tenking rundt misjon og diakoni? Og kva med internasjonalt vennskapsarbeid, interreligiøs dialog og innvandrararbeid? 

Slike ting går det an å reflektera over når ein er på arbeid midt i fellesferien. Kan me også få til å jobba vidare med det når den hektiske kvardagen er over oss? Sjølv skal eg ha ferie eit par veker til no snart, og så er eg tilbake i full jobb i NMS og i Ålesund og Volsdalen menighet igjen mot slutten av august. 


mandag 22. juli 2024

"Hadde eg venger, så ville eg fly"


"Hadde eg venger, så ville eg fly til til ein stad der eg kunne gått på skule, for her i Afghanistan får eg ikkje lov til å studera". Det er ei afghansk kvinne som seier dette til den kristne TV-kanalen SAT-7, ein viktig samarbeidsorganisasjon for NMS.        

SAT-7 melder at den farsispråklege kanalen deira no set i gang skulefjernsyn på dari, den varianten av persisk som er vanleg i Afghanistan. Dette kjem som ein respons på at Afghanistan har opplevd ei utdanningskrise etter at Taliban overtok makta for snart tre år sidan, i august 2021.  Ein reknar med at rundt 3,7 millionar born ikkje har tilgang til utdanning i Afghanistan, dette fjellandet som ligg midt mellom Midtausten, Sentral-Asia og Sør-Asia. For jenter er situasjonen aller verst, sidan Taliban legg store hindringar i vegen for dei. 

Programma som no blir laga, skal i første omgang gi grunnleggande lese- og skriveopplæring, og er retta mot små born. Dei kan også vera nyttige for eldre born og vaksne analfabetar, og ikkje minst for jenter og kvinner som må halda seg heime. Eit langsiktig mål for skuleprogramma til SAT-7 er å gi folk evne til å lesa, slik at dei også kan ta til seg dei gode nyheitene i evangeliet, seier Nader Taghizadeh, regissør for skulefjernsynet. Les meir her. 

Det er ikkje så lite ironisk at Taliban har medført ei utdanningskrise i Afghanistan. Då tenkjer eg på at namnet tyder "studentar". Taliban oppstod som ein maktfaktor i landet midt på 1990-talet. Dei var studentar som hadde gått på tradisjonelle islamske koranskular. I 1996 etablerte gruppa sitt første emirat i Afghanistan, og praktiserte ei streng tolking av den islamske sharia-lovgjevinga. Religiøse og etniske minoritetar blei diskriminerte, kulturelle monument blei øydelagde, det meste av musikk blei forbode og kvinner blei nekta utdanning. Etter den amerikanske invasjonen i 2001 flykta leiarskapet til Pakistan. Etter mange år med krigføring starta dei ein offensiv våren 2021, som kulminerte med den overraskande maktovertakinga i august same året.  


torsdag 13. juni 2024

Basma tok krossen sin opp


For nokre dagar sidan fekk eg høyra at Basma er død. Basma var ei kvinne som tok opp krossen sin, og som fylgde etter Jesus, sjølv om det innebar mange personlege offer, slik Jesus seier i teksten for kommande søndag, (Matt 16,24-27). Ho arbeidde i Middle East Media, ein av NMS sine samarbeidsorganiasjonar. Ho delte trua si med mange, og var med og bygde opp eit viktig mediearbeid på den arabiske halvøya. 

Basma vaks opp i ein godt utdanna muslimsk familie i eit land i Nord-Afrika. Mora lærte henne tidleg å seia «nei», og stilla spørsmål ved alt ho ikkje var overtydd om. Farens visdom lærte henne å bruka alle sansane når ho lærte og studerte. Dette var nyttig kvar veke, då ein religiøs mann kom heim til dei for å gi opplæring i trua. Ein dag sa han til Basma: «Når du døyr, blir det så trangt i grava at ribbeina dine blir knust, og de kjem alle til å enda opp i fortapinga.» Basma såg for seg dette, og reagerte umiddelbart: «Nei, nei, nei, eg vil ikkje at det skal skje med meg.» Mor henner prøvde å trøysta henne: «Om du gjer gode gjerningar så Gud blir fornøgd, kjem han til å visa meir miskunn enn nokon andre.» Men Basma visste frå Koranen at Gud også kunne vera lur og hevngjerrig, og til meir ho lærte, til reddare blei ho.

Basma hadde lært at Bibelen var blitt forandra og ikkje var til å stola på. Likevel var ho nysgjerrig på Jesus, så ho brukte fem år på å studera Bibelen, og til slutt tok ho imot trua på Jesus som Herre og Frelsar. No var ho ikkje lenger redd for Gud. Etter at ho blei døypt, kjente ho på fred og tryggleik, og ho følte at Gud var nær. Enno visste ho ikkje kva det skulle bety for henne og familien hennar at ho hadde valt eit nytt liv med Kristus.  

På denne tida var Basma gift. Mannen hennar var imam i moskeen, og dei hadde tre små born – to døtre og ein son. I det ytre praktiserte ho islam, og i all hemmelighet delte ho trua si med andre i slekta. Men då fem av dei hadde blitt kristne, blei ho oppdaga. Mannen hennar og familien hans slo henne og planla å drepa henne, så ho måtte flykta både frå landet og dei tre borna sine. Hjarta hennar var knust, men Kristus blei hennar beste venn i tida som kom.

Basma fekk ein ny heim i Persiagolfen på den arabiske halvøya. Mange år seinare gifta ho seg med ein som delte trua hennar. Ho møtte folk frå MEM (Middle East Media), og fekk hjelp både til å komma gjennom alt det vonde og vanskelege ho hadde opplevd, og til å få ny jobb. Hos MEM fekk Basma åndeleg vegleiing, og opplæring i massemedia. Ho brukte evnene sine, særleg innan videoproduksjon, til å dela trua si meir og meir.

Så ein dag, fleire år seinare, fekk ho ei melding på Facebook frå sonen. Han hadde ikkje lov til å kontakta henne, og var med i ei radikal islamsk gruppe, og likte ikkje dei kristne, men han hadde behov for å vita kvifor mora hadde måtta reisa. Ho klarte å få til å møta sonen, og like etterpå blei han også kristen. Då slo faren han så hardt at han blei liggande i koma lenge. Han også opplevde mykje vondt, og havna i fengsel på grunn av trua si, men no er han ute, og har delt trua si på Jesus med andre. Både han og den eine søstera flytta til byen der mora budde.

Eksmannen og familien hans gjorde det dei kunne for å hevna seg endå meir. Sonen og dottera som hadde tatt imot Jesus, fekk falske skuldingar mot seg, og havna i fengsel. Der fekk dei det veldig vanskeleg, og Basma følte seg overvelda av motløyse. Men ho bad trufast om at borna ikkje måtte gi opp den kristne trua si.

Då dei slapp ut, la Basma ut på ei farleg reise heim til dei. Då dei møtte, sa dottera Layla: «Då eg vart døypt før dei sette ut skuldingar mot meg, kjente eg Jesus på ein måte, men i fengselet møtte han meg og viste kjærleik mot meg. Han var der med meg kvar stund og kvar dag. Nokon bibel hadde eg ikkje, heller ingen songar å lytta til, men hans Ånd inni meg var nok.» Sonen hadde også blitt trøysta og hatt fred og glede medan han var fengsla.

Tilbake på den arabiske halvøya heldt Basma fram med å arbeida for MEM og dela evangeliet gjennom ein plattform på sosiale media for isolerte kvinner i Golfen.

For eit par år sidan fekk Basma kreft, og den siste tida har vore vanskeleg. Heilt til det siste var ho aktivt med og delte trua på Jesus gjennom massemedia, og fekk leda mange til Jesus, særleg kvinner på den arabiske halvøya. Basma sitt jordiske liv tok slutt, men livet med Jesus, det tar aldri slutt. Basma tok krossen sin opp og fylgde Jesus heile livet.

mandag 8. januar 2024

Gløymde kriser i Midtausten

Foto: Voice of America News (Wikimedia Commons).

Krigen i Gaza er grusom, og har naturleg nok verda si merksemd. Men det må ikkje føra til at me gløymer dei andre krisene i Midtausten. Lokale kyrkjer i fleire land gjer mykje for å ta imot flyktningar. I Libanon samarbeider NMS med egyptiske misjonærar og ein lokal kyrkjelyd for å hjelpa syriske flyktningar.

Verda var i ferd med å gløyma Palestinarane. Saudi-Arabia og Israel var godt i gang med fredsforhandlingar. Så slo Hamas til med det grusomme angrepet inne i Israel den 7. oktober. Dei første dagane viste heile den vestlege verda sympati med Israel, men me visste korleis det ville gå: Israel måtte slå tilbake. Det ville bli ein stygg krig med mange uskuldige offer. Så blei det endå styggare enn nokon hadde forestilt seg. Ein grusom krig med tusenvis av offer og eit heilt folk fordrive frå heimane sine. Denne artikkelen skal ikkje handla om Gaza, men om dei andre konfliktane som no er gløymde.

Kven som har overtaket i krigen på bakken, mellom Israel og Hamas, er tydeleg, men krigen om verda sin sympati er det folket i Gaza som har vunne. Slik sett brukar Hamas den same strategien som PLO brukte på 1970-talet, då dei brukte terror og flykapringar for å få merksemd for saka til det palestinske folket. Folket i Gaza lir, men Hamas har nok lukkast med strategien sin.   

Så til dei grader har dei lukkast, at verda gløymer andre kriser og krigar. Krigen mellom Ukraina og Russland er ikkje lenger førstesidestoff, når frontane mellom dei to landa ser ut til å vera fastlåste, og støtten frå Vesten ser ut til å tørka ut. Men også i Midtausten er det fleire kriser som verda har gløymt, og som framleis inneber eit vedvarande flyktningproblem. Krigen i Yemen, mellom den shiamuslimske houthi-militsen alliert med Iran, og regjeringsstyrkane som er støtta av Saudi-Arabia, har påført folket på sørspissen av den arabiske halvøya ufattelege lidingar sidan konflikten blussa opp igjen for ti år sidan. Borgarkrigen i Sudan har vart mykje kortare, men har ført til ein stor flyktningstraum ut av landet. Kyrkjene i Midtausten spelar ei viktig rolle i å ta imot flyktningane, og NMS støttar no eit prosjekt i Libanon som gir ei hjelpande hand til syriske flyktningar.

Syriske flyktningar i Libanon

Sidan borgarkrigen i Syria starta i 2011, har Libanon tatt imot minst halvannan million syriske flyktningar. Det er svært mykje for eit land med like mange menneske som Norge, men som med sine 10452 kvadratkilometer ikkje er stort større enn Rogaland fylke. Då den moderne staten blei etablert i 1920 i kjølvatnet av første verdskrigen, hadde landet eit kristent fleirtal. I dag er dei demografiske tilhøva endra, men religon spelar framleis ei viktig rolle i politikken, og dannar bakgrunn for borgarkrigen som starta i 1975, etter at PLO hadde etablert seg i Sør-Libanon og forårsaka sterke spenningar mellom ulike folkegrupper i landet.

Det er Bekaa-dalen aust i Libanon som har flest syriske flyktningar samanlikna med folketalet. Der utgjer flyktningane nesten 40% av all innbyggarane. Naturleg nok skapar dette gnisningar mellom libanesarar og flyktningar, sjølv om mange har same religiøs bakgrunn. Syrarane er lite populære i Libanon, sidan Syria okkuperte landet i mange år. Dessverre er ikkje alle kyrkjeleiarane heller like imøtekommande. Den maronittiske (katolske) patriarken Bechara Boutros al-Rai bad t.d. politikarane sørga for å senda dei tilbake. Sist påske sa han i ein tale at dei syriske flyktningane «tappar statens ressursar, forstyrrer den sosiale tryggleiken og konkurrerer med libanesarane om levebrødet». Men ein del lokale kyrkjer prøver å ta imot flyktningane og hjelpa dei til å finna seg til rette i samfunnet. Med utgangspunkt i ei av desse kyrkjene i Bekaa-dalen arbeider to egyptiske misjonærar. Dei er sendt til Libanon av misjonsorganisasjonen Jossour («Bruer»). Dette er ein organisasjon med tilknytning til Puente i Barcelona («Puente» tyder «bru» på spansk).  

Mange i NMS kjenner til kultursenteret Puente i Barcelona, det kristne arbeidet mellom arabiske innvandrarar i Spania. Frå og med 2024 blir arbeidet i Barcelona formelt overført frå NMS sin seksjon Vest-Afrika og Midtausten til Europa og Brasil. Men dei egyptiske misjonærane som driv dette arbeidet er med i eit større misjonsnettverk som driv arbeid i andre land, og frå 2024 vil altså NMS gi støtte til eit liknande prosjekt i Libanon.

Illustrasjonsbilde generert med kunstig intelligens.

I samarbeid med ei lokal evangelisk kyrkje driv dei egyptiske misjonærane eit senter for ungdommar. Dette er eit viktig tilbod for ungdommar frå flyktningfamiliar, særleg for jenter, som føler seg som ei bør for familiane sine. Foreldrene er ofte opptatt av å få gifta dei vekk så snart som mogleg. På senteret får dei til dømes læra seg å sy, slik at dei kan få ei inntekt for familien. I møte med dei kristne som driv dette arbeidet, får dei også oppleva Guds kjærleik.

torsdag 2. november 2023

Sæle dei som skapar fred

Det er lite som engasjerer folk i Midtausten meir enn krigen i Gaza for tida. Det gjeld også dei kristne. Og sjølv om mange forstår sinnet til israelarane på grunn av terrorangrepet frå Hamas den 7. oktober, overskyggar no den omfattande bombinga av Gaza dette. Tusenvis av sivile – mange av dei born, kvinner, eldre og sjuke – er blitt offer for den israelske krigføringa, og fortvilinga er no stor.

Av NMS sine ulike partnarar i Midtausten, er det Sat-7 som er nærast til å bidra direkte med noko positivt inn i dagens krigssituasjon. Heilt sidan konflikten blussa opp, har Sat-7 hatt aktualitetsprogram der dei tar opp konflikten, og legg vekt på å formidla håp midt i ein umogleg situasjon.

Den 20. oktober hadde studioa i Kairo og Beirut ei felles to timar lang live-sending over fleire kanalar, inkludert Facebook og YouTube.  «Formålet med programmet var å vera ei motstemme mot dei massive negative nyhetene, løgnene, all døden og smerten som gjennomsyrar media i dag» sa Marianne Awaraji frå Libanon. «I staden ville me styrka livet, håpet og freden som me berre finn i Jesus Kristus».

Kvar tirsdag kveld sender den arabiske SAT-7-kanalen aktualitetsprogrammet «Different Angle». Der tar dei opp nokre av dei viktigaste nyhetshendingane i veka før, eller det som rører seg i sosiale media, og gir sjåarane ein mulighet til å reflektera rundt desse sakene. Naturleg nok er det krigen i Gaza som har prega desse sendingane dei siste vekene.   

Sat-7 har også eitt av studioa sine i Beirut i Libanon, eit land som står i stor fare for å bli dratt inn i krigen dersom Hizbollah utvidar angrepa sine mot Israel. Dei fleste politikarane i Libanon prøver det dei kan å få Hizbollah til å avstå frå krigshandlingar, men Hizbollah er sterkare enn sentralstyresmaktene.  

Elles er det andre arabiske røyster som også er svært krasse i sin kritikk mot Hamas. Til dømes sa den egyptiske journalisten og TV-kjendisen Ibrahim Essa på at Hamas er ein forbrytar mot det palestinske folket. I programmet «Al-Qahira wal-nas» («Kairo og folket») den 18. oktober sa han følgande: «Hamas har kontrollert og styrt Gaza sidan 2007. På desse 16 åra har Hamas bygd to Gaza-striper: Det Gaza som ligg over jorda, som me kjenner, og det Gaza som ligg under jorda, lagd av tunnellar. Tenkte de ikkje på å bygga bomberom? Berre eitt bomberom? Eitt! Tusenvis av kilometer med tunnellar har de bygd, men denne organisasjonen har unngått å gi det palestinske folket eit einaste bomberom. På 16 år har de engasjert det palestinske folket i 7-8 krigar, og de har ikkje laga eitt einaste bomberom til dei. De kunne ha berga familiar og born frå døden. Så kven er det som utfører brotsverk mot det palestinske folket?»

Terence Ascott, grunnleggaren av Sat-7 som har budd og arbeidd 50 år i Midtausten skriv i eit innlegg om krigen i Gaza at sjølv om me kan ha gode grunnar til å vera sinte, både på Hamas og på Israel, så må me læra å elska fiendane våre. «Sinne, skuffelse og ønske om hemn (særleg i ærekulturane i Midtausten) er normale svar på den smerten og lidinga me ser på begge sider av denne konflikten. Men som truande og som etterfølgarar av vår Herre Jesus Kristus, er me kalla til å reagera annleis. Galatarane 5,22 fortel oss at «Andens frukt i våre liv er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin. Slike ting er ikkje lova imot!» Dette er vår modell for korleis me skal leva i slike tider.»

Mange vanskelege spørsmål

Palestina-spørsmålet er utruleg komplisert. Jødane har rett på eit trygt land der dei har sine kulturelle røter. Men palestinarane føler seg med rette pressa ut av landet dei har budd i gjennom hundrevis av år, nokre med røter tilbake til dei første kristne. Dei kristne palestinarane reknar seg også som Abrahams born, og som greiner på Israels vintre, og kjenner like sterk tilknytning til landet. I Gaza er det rundt 1100 kristne, av ein befolkning på over 2 millionar. Dei ønskjer å leva i fred der dei bur, og samlast i kyrkjene sine. Men det er ekstremistane på både jødisk og arabisk side som hissar til krig. 

Dei siste vekene har mange tatt til orde for ein tostatsløysing igjen. Men er det realistisk, når det er så lite land igjen til palestinarane? Og vil det vera realistisk for jødiske israelarar å gå med på ei demokratisk einstatsløysing der dei risikerer å komma i mindretal dersom palestinske flyktningar får rett til å venda tilbake?

Kan Israel gå med på våpenkvile før terrororganisasjonen er nedkjempa? Etter folkeretten har dei rett til å nedkjempa Hamas, men dei har også plikt til å ta vare på sivilbefolkninga mens dei krigar, og det ser me er ikkje lett. Dei sivile tapa i denne krigen ser ut til å vera mykje større enn då allierte styrkar nedkjempa IS i Mosul og i Raqqa for nokre år sidan. Hamas er feige og gøymer seg mellom sivile, men gir det Israel rett til å drepa hundrevis av sivile for å få has på éin Hamas-leiar? Dei kristne har søkt tilflukt i kyrkjene, men ikkje ein gong der er dei trygge for bombene.

Som kristne kan me ikkje la vera å arbeida for fred i Det heilage landet, som elles i verda. Det er farleg å demonisera den eine folkegruppa og tru at den einaste løysinga ligg i å fjerna dei frå kartet. Me er etterfølgjarar etter ein som me kallar Fredsfyrsten, som me trur ein dag skal komma tilbake for å etablera evig fred. Men i mellomtida er det han som kallar oss til å leva i fred med alle og elska vår neste:

«Sæle dei som skapar fred, dei skal kallast Guds born» (Matt 5,9).


 

tirsdag 31. oktober 2023

Terence Ascott om konflikten i Gaza

Dr Terence Ascott er godt kjend av alle som er glad i den kristne TV-kanalen SAT-7, som han grunnla i 1996, og som NMS har vore med å støtta sidan starten. Han har også i mange år vore engasjert i MEM, Middle East Media, som er den første misjonsorganisasjonen NMS fekk eit  samarbeid med i Midtausten for meir enn 30 år sidan. Han er engelsk, men har budd i Midtausten det meste av livet, både i Jerusalem, Beirut, Kairo og på Kypros, der SAT-7 har hovudadministrasjonen sin. 

Denne veka fekk eg høve til å lytta til han, og her deler han med oss tankane sine om konflikten i Gaza: 

Hamas sine grusomme drap og bortføringar av hundrevis av israelarar den 7. oktober kan ikkje på nokon måte forsvarast. Men kvifor det hende, det er forståeleg og føreseieleg, om me tenkjer på dei siste femti åra med konflikt, og okkupasjonen og konfiskeringa av palestinsk land, heimar og forretningar, noko som er blitt ignorert så lenge.  


Sameleis kan me forstå at israelarane reagerer med sinne på dei skrekkelege hendingane den 7. oktober. Likevel kan ikkje Israel sitt svar forsvarast. Israelske luftangrep har drepe og såra tusenvis av born, i tillegg til alle andre sivile, inkludert kvinner. Om ikkje forsyningar av vatn, mat, medisin, elektrisitet og drivstoff blir brakt inn raskt, og om det ikkje blir ein slutt på bombinga, vil mange, mange fleire sivile døy – menn, kvinner og born.  

Dagens situasjon er ei kollektiv avstraffing av 2,3 millionar palestinarar. Mange av dei var allereie flyktningar og budde i leirar i Gaza. La oss vera tydelege: Dette er, som mange av verdas leiarar har sagt, eit krigsbrot.

Og kor er det håp om ein slutt på denne valden, når begge sider vil ha hevn – og vil ha eit hovud for eit auge, ein arm for ein finger? Held denne spiralen fram, vil det berre bli meir død, smerte og tap … og endå meir sinne, som i sin tur fører til fleire terrorhandlingar og nye terrororganisasjonar.

Det kan ikkje bli fred for Israel eller for deira okkuperte palestinske område før det er ein rettferdig og gjennomgripande avtale om å etablera ein uavhengig palestinsk stat.

Jesus var fødd i det okkuperte Palestina!

Det kan vera ei betimeleg påminning for oss å reflektera over det faktum at Jesus var fødd i det okkuperte Palestina, i Betlehem på den okkuperte Vestbreidda – der Jødar levde under romersk okkupasjon og ofte opplevde urettferd og brutal kollektiv avstraffing. Det var den romeske okkupasjonsmakta som til slutt skulle piska, slå og krossfesta Jesus.    

Dei fleste av oss gløymer dette når me les det Jesus lærte oss:

-        Elsk din neste som deg sjølv (Mt 19:19 og 22:39; Mark 12,31 og Lk 10,27)

-        Elsk fiendane dykkar og be for dei som forfølgjer dykk (Matt 5,44)

Verkeleg? Korleis kunne Jesus seia noko slikt når landet hans var under militær okkupasjon og undertrykt av framande? Elska romarane? Elska romerske soldatar? Gjera godt mot dei? Gå ei ekstra mil for å hjelpa dei? Gi dei skjorta også, om dei ber om å få kappa di?

I ein slik kontekst, kan det Jesus seier, berre omtalast av jødiske nasjonalistar som forræderi! Kan me sjå kor radikal Jesu lære var, og kor relevant den er i dag? Og det er messianske og palestinske kristne i dag som prøver å leva ut Jesu lære i denne urolege delen av verda.

Kva gjer me med sinnet vårt? 

Sjølvsagt er folk sinte, og med god grunn, på grunn av det som skjer i det såkalla Heilage Landet. Jesus var også sint på korrupsjon og urettferd – til den grad at han med vald velta borda til pengevekslarane i tempelet.      

Men sinnet vårt mot urettferda må ikkje føra oss inn i synd, inn i hat og ønske om hemn. Til og med den 85 år gamle kvinna som nyleg blei frigitt av Hamas sa til pressa etterpå at «hat er ikkje svaret». Me er kalla til å hata synda men elska syndaren!

Dei seier at det første offeret i krig, er sanninga. Me treng å innsjå at begge sider i den pågåande konflikten kjempar for hjarte og tanke internasjonalt. Sjølvagt har den israelske staten og den jødiske lobbyen i Nord-Amerika enorme ressursar og brukar dei til å kjøpa alle mulig PR i media, medan palestinarane i Gaza ikkje ein gong har skikkeleg internett-tilgang, og ingen internasjonale nyhetsbyrå har fått tilgang til enklaven.

På grunn av dette må me vera svært forsiktige. Til dømes, kvifor seier alle at bombinga av ein overfylt landsbykafe i Ukraina er eit krigsbrot, medan bombing av sjukehus, skular og kyrkjer i Gaza blir unnskyldt med at «Israel forsvarar seg sjølv»? Før kvart folkemord i historia har alltid offera blitt dehumaniserte. I Nazi-Tyskland før krigen var det jødane som var slike offer. I dag er det palestinarane, og den kollektive avstraffinga me ser i Gaza blir fort ei form for folkemord.

Sinne, skuffelse og ønske om hemn (særleg i ærekulturane i Midtausten) er normale svar på den smerten og lidinga me ser på begge sider av denne konflikten. Men som truande og som etterfølgarar av vår Herre Jesus Kristus, er me kalla til å reagera annleis.

Galatarane 5,22 fortel oss at «Andens frukt i våre liv er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin. Slike ting er ikkje lova imot!»

Dette er vår modell for korleis me skal leva i slike tider.

 Korleis kan me be for denne situasjonen?

 La oss be om at Gud vil vera nær og openberra seg for dei som sørgjer, er såra og vansira, og som sørger over å ha mista sine kjære.

2.     At Jesu radikale lære om kjærleik og tilgjeving vil bli godt mottatt av alle; og at truande med arabisk og jødisk bakgrunn må ha visdom, mot og høve til å tala inn i situasjonen.

3.     At folk overalt som står opp for sanning og rettferd, må bli høyrde, og ikkje bli sensurerte.

4.     At den globale agendaen ikkje berre vil fokusera på å få ein slutt på valden og dei umiddelbare humanitære behova, men sjå dette som eit vekkarrop for å gå til rota av den pågåande valden, og prøva å finna ei rettferdig og langsiktig løysing på Israel-Palestina-konflikten.     

Innlegget til Dr. Terence Ascott er også delt på NMS sin Midtøstenblogg. 

mandag 2. oktober 2023

Sendt - til Ålesund?

 

Denne hausten har mykje endra seg. Eg har frivillig gått ned til 50% stilling i NMS og jobbar no deltid som prest i Ålesund. Samstundes er eg valt inn i soknerådet i Vigra, der eg bur. Dessutan er eg ektemann, far og bestefar, og eg er aktiv i eitt av dei lokale musikk-korpsa. Korleis i alle dagar skal eg klara å sjonglera alle desse rollene?

Mange har det på same måten. Me har ulike roller på ulike stader, og ofte samtidig, i yrkeslivet, i familien og i kyrkje og misjonsarbeid. Det hjelper å tenka at i alle desse rollene er me sendt av Gud. Ikkje berre til heile verda, men også til lokalsamfunnet.  

Den moderne norske misjonsrørsla som vaks fram for eit par hundre år sidan, var opptatt av å senda misjonærar til land langt borte. Det er ikkje noko gale i det. Trass alt sa Jesus at disiplane skulle gå ut i heile verda og forkynna evangeliet for alt som Gud har skapt (Mk 16,15). Då må nokon reisa ut, slik dei gjorde, dei første apostlane. Men dei reiste ut frå ein lokalkyrkjelyd som sende dei. Slik var det også med dei norske misjonærane. Dei fekk misjonærkallet med utgangspunkt i den lokale kyrkja dei høyrde til i. Dei var ein del av ei åndeleg vekking, og dei hadde fått ein nød for å dela evangeliet med andre.   

Kyrkja er alltid både lokal og global. Det høyrer me faktisk kvar gong nokon er blitt døypt og skal presenterast for kyrkjelyden: «Dette er NN, døypt inn i vår kyrkjelyd og i Kristi verdsvide kyrkje». Derfor har kyrkjelyden også sitt misjonsprosjekt. For Ålesund og Volsdalen sin del støttar me
Himalpartner sitt arbeid i Nepal. Det gjeld også Vigra sokn, der eg er i soknerådet.  

Men kan me vera misjonærar i Ålesund? Eg håpar no inderleg det. Det er derfor eg er prest. For å vitna om Jesus og det håpet me har i han. Men det er ein heilt annan kontekst enn misjonsarbeidet i Kairo eller i Katmandu. Her går eg inn i ein kyrkjelyd med ein lang historie og med sine eigne tradisjonar og sosiale nettverk. Mange har lagt ned ein stor innsats her i tidlegare tider. Eg er klar over at eg berre er ein liten brikke i eit arbeid som er mykje større enn meg sjølv.

Likevel trur eg at me skal tenka stort om det arbeidet me er med på – uansett kva rolle me har. Dei møta me får med menneske gjennom ein dag eller ei veke, dei kan få stor betydning. Kan du få peika på Jesus i møte med konfirmantar, med dåpsforeldre, med menneske i sorg, med eldre og sjuke, då er du misjonær. Det gjeld alle kristne.

På konfirmantleir tidlegare i haust brukte eg «misjonstauet». Alle konfirmantane fekk halda i tauet. Ein var Jesus, ein annan apostelen Peter, nokre representerte dei 3000 som vart døypte på pinsedagen i Jerusalem. Slik gjekk det vidare gjennom historia fram til vår tid. Men enno var det meir tau å halda i. Kven skal ta utfordringa vidare? Kallet gjeld alle døypte: Me er kalla av Jesus til å følga han og sendt for å vera hans vitne.

Ålesund og Volsdalen menighet har sine utfordringar. Kyrkjene her har vore fullare før, det kan me ikkje legga skjul på. Men den korte tida eg har vore her, har eg møtt på gode og dedikerte medarbeidarar i stab, sokneråd og frivillige. Dei er uvurderlege. Saman er me sendt av Jesus. Til byen. 



mandag 22. mai 2023

Bibelen på hjartespråket - til nye generasjonar

 






I muslimske land blir alle dei ulike versjonane av Bibelen ofte brukt som eit argument for at dei kristne har forandra det opphavlege evangeliet som Jesus kom med. Heldigvis gjer Bibelselskapet i Egypt ein god jobb for å visa at Bibelen som me har i dag, den er faktisk til å stola på, sjølv om den er omsett til ulike språk. Dei har no laga ein flyttbar versjon av den populære "Bibelverda" i Kairo, slik at endå fleire born kan læra om dei gamle håndskriftene som Bibelen blei skriven på.   

Sist veke var eg på lufta i Radio Sunnmøre med nokre program om NMS i Midtausten. Her er eit blogginnlegg lagd rundt ein av episodane:

Det blir fortalt at ein gong dei spurde ei gammal dame på landsbygda om ho ikkje ville stemma for å innføra nynorsk liturgi i gudstenesta, så skal ho ha svart at nei, det er nok «best å ha høyra evangeliet på Herrens eige språk», slik ho var vand med, altså det gamle riksmålet. Me kan humra litt av dette, men bibelspråket er alvorlege saker for mange, og Norge er ikkje det einaste landet der det blir diskusjon når det gjeld korleis Bibelen skal omsetjast.

I muslimske land blir alle dei ulike versjonane av Bibelen ofte brukt som eit argument for at dei kristne har forandra det opphavlege evangeliet som Jesus kom med. Heldigvis gjer Bibelselskapet i Egypt ein god jobb for å visa at Bibelen som me har i dag, den er faktisk til å stola på, sjølv om den er omsett til ulike språk. På arabisk er det ei standard omsetting av Bibelen som blir brukt nesten overalt i dei fleste kyrkjene, den såkalla «Van Dyck-omsetjinga» frå 1865, laga av ein amerikansk misjonær i Libanon. Problemet med den omsetjinga, er at ho er vanskeleg å forstå for folk flest. Ho er skriven på eit klassisk arabisk som er veldig forskjellig frå dagligspråket til dei fleste som snakkar arabisk i dag. Derfor skulle det jo vera logisk å laga ei ny, moderne omsetjing som folk kan forstå, ikkje sant? Men så lett er det ikkje.

I kyrkjene er det ofte stor motstand mot å innføra nye arabiske omsetjingar av Bibelen. Og det heng saman med den arabiske kulturen. For Koranen, muslimane si heilage bok, den finst jo berre i ein versjon. Koranen kan i prinsippet ikkje omsetjast, berre tolkast. Og då er mange kristne redde for at folk skal tru Bibelen er mindre truverdig enn Koranen dersom dei har mange ulike versjonar.

Men me veit jo at det ikkje er slik. Guds ord skal nå ut til alle språk og tungemål. Det viste Gud på pinsedagen, då apostlane forkynte evangeliet på nye tunger. «Då vart dei alle fylte av Den heilage ande og tok til å tala på andre språk etter som Anden gav dei å forkynna,» står det i Apg 2,4. Gud vil at hans ord skal bli forstått av alle menneske, men me treng ikkje læra oss hebraisk eller gresk av den grunn. Men alle dei nye omsetjingane, anten det er til arabisk eller til norsk, dei er jo omsett frå dei tidlegaste manuskripta som finst. Det veit dei godt, dei som jobbar i det egyptiske Bibelselskapet, og. Då me var på besøk i hovudkontoret deira like før påske, fekk me sjå korleis dei jobbar for å læra egyptiske barn at dei kan stola på at den Bibelen som dei har i dag, den er ikkje forandra. Den er verkeleg til å stola på. Der har Bibelselskapet sett av ein heil etasje til noko dei kallar for Bibel-verda. Der kjem det tusenvis av born kvart år på besøk for å gå på oppdagingsferd i Bibelen. Ein av aktivitetane der, går ut på å leita etter gamle manuskript. Dei har laga eit rom som skal forestilla holer i fjellet, og der får ungane finna kopiar av gamle papyrushåndskrifter av Bibelen. Slik får dei læra at alle nye omsetjingar av Bibelen, dei byggjer på desse eldgamle håndskriftene.

Her kan du sjå ein film om 11 år gamle Marina sitt besøk i Bibelverda.

Denne våren har dei også tatt Bibelverda med ut på landsbygda, for å la endå fleire born oppleva kor mykje Bibelen er til å stola på. Meir enn atten tusen born fekk leika seg gjennom spennande eventyr i Bibelverda, i fem store, oppblåsbare telt. Det er litt av ein jobb som skal gjerast for å setta dei opp – heile dagen tar det, og alle dei lokalt tilsette i Bibelselskapet er med på jobben. Men det er verdt strevet, når dei ser kor glade borna blir, og veit kor mykje det betyr, det dei lærer.

Her er ein film (med engelsk tale) om den flyttbare Bibelverda :

Samtidig jobbar Bibelselskapet med å gjera Guds ord meir tilgjengeleg. Når den klassiske arabisken er vanskeleg å forstå, då må det omsetjast til moderne arabiske dialektar. Lenge har det vore vanskeleg å få gehør for dette, men no er det fleire kristne organisasjonar som driv eit slikt viktig omsetjingsarbeid over heile den arabiske verda. For det viktigaste er at me har Guds ord tilgjengeleg på hjartespråket – anten det er nynorsk, bokmål eller arabisk!


tirsdag 2. mai 2023

Opplæring gir håp om arbeid

 







Her er nokre pakistanske jenter frå Peshawar som er så heldige at dei får gå på eit kurs som gir dei grunnleggande helseopplæring. Når dei har fullført dette kurset, kan dei søka jobb på eit lokalt sjukehus. På den måten kan dei hjelpa til med litt inntekt til familiane sine.

I Pakistan er dei kristne ein fattig minoritet på berre litt over ein prosent. Dei blir ofte diskriminerte, og har ikkje så lett for å få seg jobb. Derfor prøver kyrkja å hjelpa dei til å få seg utdanning, slik at dei lettare skal komma inn på arbeidsmarknaden. Dei siste åra har NMS støtta Peshawar bispedøme med å gi opplæringsprosjekt som dette, eller innan andre fagfelt. Les meir på Midtøsten-bloggen til NMS:  


torsdag 2. mars 2023

Iran feirar revolusjonen - gir amnesti til kristne

 


Middle East Concern (MEC) melder at fleire kristne slapp ut av iranske fengsel i februar, som del av eit generelt amnesti for mange politiske fangar i samband med 44-årsfeiringa av den islamske revolusjonen. Presset mot dei kristne er likevel ikkje mindre.

MEC er ein av NMS sine partnarar i Midtausten. Organisasjonen jobbar særleg for kristne som blir forfylgde på grunn av trua si. På heimesidene sine deler dei informasjon om nokre av dei som er lauslatne den siste tida.

Den 8. februar slapp Saman (Saheb) Fadaye ut av Evin-fengselet i Iran. Han vart arrestert i mai 2016 i lag med fleire andre konvertittar. Han vart dømd til 80 piskeslag for å ha drukke vin under feiring av nattverd, og seinare fekk han ti års fengselsstraff for å ha «handla mot nasjonal tryggleik ved å utbreia huskyrkjer og sionistisk kristendom», som det heiter.

Ei veke etter, blei konvertitten Hadi (Moslem) Rahimi (33) lauslaten frå Evin-fengselet. Moslem vart arrestert for tre år sidan i lag med andre medlemmer av ein husmenighet i Rasht, nord i Iran. I august 2020 blei dei alle tildelt fengselsstraffar på mellom to og fem år for «handlingar mot nasjonal tryggleik». Moslem sjølv fekk ein dom på fire år. Han vart først lauslaten mot kausjon, men har no sete i fengsel sidan januar 2022.

Pastor Yousef Nadarkhani slapp ut 26. februar i år. Han blei arrestert i mai 2016 saman med kona si, Tina, og tre andre konvertittar. Ein av dei var Saman (Saheb) Fadaye, som slapp ut av fengsel 8. februar. Ifølge organisasjonen «For the Martyrs var Nadarkhani 19 år gammal då han konverterte frå islam. Han blei medlem i den evangeliske kyrkja i Iran og er pastor for ein husmenighet med rundt 400 medlemer. Pastoren er blitt arrestert minst fem gonger, er blitt dømd til døden i minst 8 år no, og er blitt forsøkt pressa fleire gonger til å forsaka trua si på Jesus, men har alltid nekta.    

Amnestiet, som omfattar tusenvis av opposisjonelle, er ein del av feiringa av 44-årsjubileet til den islamske revolusjonen. Det folkelege opprøret tok til i januar 1978 og kulminerte i januar og februar 1979 med at Shahen av Iran flykta. Seinare same våren erklærte Ayatollah Khomeini Iran som islamsk republikk. Revolusjonen i Iran vart ein inspirasjon for islamistiske rørsler over heile verda, og utløyste viktige endringar i geopolitiske alliansar som er tydelege enno i dag, 44 år etterpå.  

Sjølv om fleire kristne er lauslatne den siste tida, betyr det ikkje at presset mot kristne iranarar er blitt mindre. Anahita (Anna) Khademi, som slapp ut av fengsel mot ein kausjon på om lag 40 tusen kroner den 28. januar, er framleis skulda for «propaganda mot systemet» og for å ha «forstyrra den offentlege opinionen». Ho er gift med pastor Abdolreza (Mattias) Hagnedjad, som framleis sit fengsla i Lakan-fengselet i byen Rasht, etter å ha blitt arrestert i lag med to andre konvertittar under ei julefeiring den 26. desember. Han sonar ein dom frå 2014, og blei kalla «ein statsfiende» av dommaren under ei rettssak tidlegare same året.   

Amnestiet i Iran er også blitt kritisert av menneskerettsorganisasjonar. Hadi Ghaemi, direktør ved Center for Human Rights in Iran, seier at «den såkalla ‘benådinga’ ikkje er anna enn eit skamlaust PR-stunt som viser kor fullstendig tilfeldig rettferda er i den islamske republikken, der arrestasjonar og lauslatingar skjer etter innfall frå staten».   

«Her må dei heilage halda ut, dei som held seg til Guds bod og trua på Jesus» (Opb 14,12). 

Bloggartikkelen er også publisert på NMS sin Midtøstenblogg. 

torsdag 23. februar 2023

Bølla som ville ha Bibelen



Ein svær, kraftig kar med store musklar kom inn i ein av bibelselskapet sine bokhandlar i Egypt ein dag. Han oppførte seg uhøfleg og prøvde å skremma butikkpersonalet til å gi han ein gratis bibel. 

Dei sa til han at det ikkje gjekk an, og viste han biblane dei hadde til sals. Men han heldt fram med å kreva ein gratis bibel. Til slutt seier ein av dei til han at dersom han vil ha ei personleg gåve, kan han komma tilbake etter arbeidstid dagen etter, så vil butikkmannen gi han ein bibel som ei gåve frå han personleg. Det gjorde mannen. Dagen etter kom han tilbake og fekk Bibelen. Ei veke etter kjem bølla tilbake til bokhandelen, som ein heilt annan person. Han var audmjuk, høfleg og snill og ba om unnskyldning igjen og igjen, og insisterte på å betala for Bibelen. Men butikkmannen nekta å ta imot pengar. «Dette var ei personleg gåve frå meg til deg», sa han. Det endte med at mannen bestemte seg for å gi ei gåve som takk til Bibelselskapet.

Denne historia finn me i Bibelselskapet i Egypt sin årsrapport for 2022. Organisasjonen har no 19 slike bokhandlar spreidde omkring i landet. Dei fungerer som viktige støttepunkt for lokalkyrkjene og er eit viktig kristent nærvær i samfunnet. Med utgangspunkt i desse butikkane distribuerte Bibelselskapet i Egypt meir enn 2,5 millionar trykte bibeldelar i 2022. Meir enn halvparten av desse er for born, og det var ein auke på 54% samanlikna med året før. 215 tusen heile biblar og nesten 90 tusen nytestament vart distribuerte, saman med meir enn 2 millionar studiehefte og ulikt materiell for born. I tillegg kjem digitale bibelversjonar, som også har mange brukarar.

Ein 71 år gammal mann fortalde kor viktig lydbibelen var for han. «Dei første 69 åra av livet mitt, las eg nesten aldri i Bibelen. Eg las litt her og litt der, men eg kom meg aldri gjennom nokon av skriftene. Men dei siste to åra, etter at eg mista synet, har eg lytta meir enn eg las nokon gong på 69 år. Eg har fullført Det nye testamentet, og no les eg Det gamle testamentet. Omtrent annan kvar dag legg eg lydboka ut i sola for å lada batteriet. Å ha MegaVoice-Bibelen i handa er som å vera i kyrkja!»  

I tillegg til bokhandlane, driv Bibelselskapet i Egypt eit eige bibel- og aktivitetssenter for born, og dei skipar til mange lokale arrangement for å skapa blest om Guds ord. Alt dette bidrar til Bibelselskapet sitt mål om at Bibelen skal brukast av folk i Egypt. Bibelen skal vera lett tilgjengeleg, til ein pris folk kan betala, og i relevante format som gjer det kjekt å lesa og lett å forstå. Bibelselskapet er ein organisasjon som har tillit på tvers av kyrkjene i Egypt, og NMS har støtta organisasjonen sidan 2008. Støtta vår er med på å gi økonomisk grunnlag til å drifta to bokhandlar i Kairo.

Teksten ovanfor vart først publisert på NMS sin "Midtøstenblogg".  

Neste månad planlegg kona mi og eg eit månadsopphald i Egypt for å følgja opp NMS sine ulike partnarar i landet, og mellom dei er Bibelselskapet. Me gler oss!

mandag 22. august 2022

Ny bokhandel i Nye Kairo?

 

I Bibelselskapet i Egypt drøymer dei om å opna ein bokhandel i den nye hovudstaden som er under bygging aust for Kairo. Dei vil i så fall få eit strategisk bibelsenter plassert midt i handlesenteret i Nye Kairo, ein bydel på størrelse med Singapore.  

Eg fekk nylig tilsendt eit nyhetsbrev frå det egyptiske bibelselskapet. Der skriv dei at dei no går mot trenden når dei opnar fleire bokhandlar når mange elles i verda må stenga ned. Nedanfor er teksten til eit innlegg som er lagt ut på NMS sin Midtøstenblogg: 

I Egypt er Bibelselskapet sine bokhandlar mykje meir enn ein stad å kjøpa bøker. Dei er viktige senter som gjer Bibelen synleg og tilgjengeleg i det offentlege rommet. Derfor har dei no nyleg opna bokhandel nr 18 i ein by sør i Egypt, og har planar om å opna ei ny avdeling i den nye hovudstaden som er under utbygging 40-50 kilometer aust for sentrum av Kairo. Ein investor som svært gjerne vil ha ein bibelbutikk i kjøpesenteret sitt, har gitt dei eit svært godt tilbod om ein stad midt i handlesenteret i den nye bydelen.

Nye Kairo – stormannsgalskap eller framtidsretta planlegging?

Etter at president Sisi tok makta i Egypt for snart 10 år sidan, sette han snart i gang stortstilte planar for utbygging. Ikkje berre gravde dei eit nytt løp i Suez-kanalen, men han begynte også å planlegga bygginga av ein ny hovudstad i ørkenen mellom Kairo og Suez. Ein kan sjølvsagt setta spørsmålteikn ved desse planane. Er det uttrykk for ein president som ønskjer å skapa seg eit namn i historiebøkene, eller er det for å letta presset på den tett befolka storbyen ved Nilen?

Den egyptiske hovudstaden har blitt utvida fleire gonger gjennom historia, sidan den arabiske erobraren Amr ibn el-As etablerte hovudstaden Fustat i år 641 e.Kr, like ved festninga Babylon. Denne bydelen blir kalla «Det koptiske Kairo» på grunn av dei mange kyrkjene som ligg på eit lite område.

Godt og vel 300 år seinare erobra dei nordafrikanske shiamuslimske fatimidane Egypt, og grunnla ein ny hovudstad for kalifatet i nærleiken av den gamle. Den nye bydelelen fekk namnet al-Qahira, som tyder «Den sigrande». Det er dette som er det offisielle namnet på hovudstaden den dag i dag, sjølv om egyptarar flest kallar både landet og byen for Masr – eit namn som tyder «garnisonsby». Det har for øvrig same rot som det hebraiske Mitserajim, som er det namnet på Egypt me finn i den hebraiske Bibelen. Det er i denne fatimide-hovudstaden me finn alle dei kjende moskeane i «Islamic Cairo», som t.d. den verdskjende al-Azhar-moskeen.

Seinare er byen utvida i alle retningar og sentrum er blitt modernisert fleire gonger, til altså president Sisi no er i gang med å bygga «Nye Kairo». Den nye hovudstaden blir på størrelse med Singapore, og skal husa om lag seks millionar menneske. Her er lenke til ein film på YouTube om byggeplanane.

Bygginga har ikkje vore utan problem, men arbeidet er godt i gang, og den nye hovudstaden har også fått plass til ei kyrkje. Framleis er det mange kristne rundt om i Egypt som ventar på ein stad der dei kan halda gudsteneste, men presidenten ønskjer å demonstrera eit godt samhald mellom muslimar og kristne, og har aktivt støtta bygging av kyrkjer mange stader. I Nye Kairo fekk han dermed bygd ein ny katedral for den koptisk-ortodokse kyrkja – Kristi fødsels-katedral, eller Cathedral of the Nativity of Christ. Denne blei opna i januar 2019, og er den største kyrkja i Midtausten, med plass til 8000 menneske. Like ved ligg den endå større Al-Fattah al-Alim-moskeen. 


Den offisielle gode tonen mellom staten og den koptiske ortodokse kyrkja står likevel i sterk kontrast til den manglande fridomen til alle som er i opposisjon. Ytringsfridomen har endå dårlegare kår i dag enn før «den arabiske våren» som tok til i 2011, og staten slår hardt ned på meiningsmotstandarar.

NMS si støtte til Bibelselskapet i Egypt går til drift av to butikkar i Kairo sentrum. Dei er som sagt viktige senter for å gjera evangeliet tilgjengeleg for folk. Ein mann kom inn i ein slik butikk ein dag. Han kjende ikkje til kristendomen frå før, men fekk sjå eit vakkert hefte med Bergpreika, med tittelen «Ord som endra verda». Han kjøpte det og tok det med heim for å lesa det. Ei veke seinare kom han tilbake og kjøpte 100 eksemplar for å gi til naboar og venner!


onsdag 29. juni 2022

Fagopplæring mot fattigdom


 Abid frå Peshawar i Pakistan gjekk på kurs for å læra seg å reparera mobilar. No er han i praksis for å læra meir, og snart kan han og dei andre på kurset sjå fram til jobb med fast inntekt.

Denne våren har NMS gitt støtte til eit arbeidstreningskurs for unge kvinner og menn i Pakistan for å hjelpa dei ut av fattigdom. Det er Peshawar bispedøme i Den pakistanske kyrkja som har ansvar for gjennomføringa av kurset, som hadde 21 deltakarar, sju menn og fjorten kvinner. Halvparten av kvinnene gjekk på sykurs og resten lærte seg skjønnheitspleie, medan mennene fekk opplæring i mobilreparasjon.

Les meir på Midtøstenbloggen til NMS 

onsdag 16. mars 2022

Endeleg tilbake til Egypt!

Foto: Maria Indrøy Risanger

Det er to og eit halvt år sidan NMS besøkte arbeidet som me støttar i Egypt. No når koronasituasjonen gjer det mogleg å reisa igjen, fekk eg og fire andre høve til å opphalda oss i landet i over ei veke i byrjinga av mars, og fekk god tid til å treffa personleg dei menneska som me elles berre har møtt elektronisk i det siste. Eg håpar også det kan leggast til rette for eit lengre opphald i Egypt seinare i år. 


Eitt av høgdepunkta på denne turen var besøk hos Bibelselskapet i Egypt. Sjølv om det ikkje var nokre barn her den dagen, kunne me levande forestilla oss korleis det var for borna som kjem hit for å oppleva og læra om korleis Bibelen vart til. Ei vanleg innvending frå mange i Egypt er at dei kristne har endra Bibelen. Men når borna lærer korleis den Bibelen dei har i dag stemmer heilt overeins med dei gamle grunntekstane, blir dei tryggare i trua si og kan svara på innvendingane. Her er ein video om korleis det er når borna besøker Bibelverda. 

Med meg på turen til Egypt denne gongen var Nils Endre Eikeland, Sonja Küspert, Emily Phuti Mogase og Maria Indrøy Risanger. Nils Endre er leiar for seksjon "WAMENA" i NMS, dvs. Vest-Afrika og MENA-regionen, inkludert Pakistan. Sonja har ansvar for å følgja opp NMS sine prosjekt på det koptisk-ortodokse senteret Anafora, og var der ei veke for å delta på eit seminar for kvinner som er utsett for vald og overgrep. Phuti er NMS sin rådgjevar for gender, altså kjønnsrelaterte spørsmål, og hadde møte med ein lokal organisasjon som brukar massemedia og gruppeseminar i arbeidet for å betra den mentale helsa til folk. Maria høyrer til i "KomInn", dvs. avdelinga for kommunikasjon og innsamling.  På bildet under er me på Anafora saman med biskop Thomas og Sara Hanna. 

Foto: Maria Indrøy Risanger. Frå venstre: Sara Hanna, Sonja Küspert, Nils Endre Eikeland, biskop Thomas, Geir Sakseid, Emily Phuti Mogase og Maria Indrøy Risanger. 

Det viktigaste med dette besøket no, var å pleia relasjonane med partnarane våre i Egypt, der me har fleire prosjekt enn dei som er nemnde her. Det er svært viktig å kunna møtast ansikt til ansikt av og til, og ikkje berre via ein skjerm. Personlege relasjonar betyr også svært mykje i den arabiske kulturen. Det gir oss også ein betre forståelse for arbeidstilhøva og levekåra til dei me samarbeider med for å vera med på å forkynna evangeliet, kjempa mot urettferd og utrydda fattigdom i denne delen av verda. 

Finst det unådde folkeslag 2000 år etter Jesus?

Det var flott å delta på Unåddkonferansen på IMI Forum i Stavanger i lag med meir enn 600 menneske som ivrar for misjon.   Unådd 2026 blei ...