Statcounter

onsdag 19. januar 2022

Iran: Pastor Mattias fengsla igjen.

 To veker i fridom.  Det var alt iranske pastor Mattias fekk etter tre år i fengsel. 

I eit tidlegare innlegg stilte me spørsmålet om ein dom i iransk høgsterett varsla meir fridom for iranske huskyrkjer. Det var sjølvsagt for godt til å vera sant. Likevel må me halda fram med å be om endring. 

I dag fekk eg E-post frå Middle East Concern igjen, NMS sin partnar for menneskerettar i Midtausten. Dei skriv at pastor Mattias, ein av dei som slapp ut av fengsel ved nyttår, er fengsla igjen.   Abdolreza Ali Haghnejad, som er det offisielle namnet hans, vart arrestert saman med fleire andre i februar 2019 fordi dei involverte seg i huskyrkjer for konvertittar frå islam, og vart såleis rekna som ein trussel mot rikets sikkerhet. Les meir på
MEC sine eigne heimesider

Middle East Concern er ein kristen menneskerettsorganisasjon som NMS har støtta økonomisk sidan 1999. Organisasjonen vart starta i 1991 som svar på behov som kristne leiarar i MENA-regionen hadde gitt uttrykk for. MEC støttar menneske i MENA-regionen som er marginaliserte, diskriminerte eller forfylgde for å vera kristne eller for å bli kristne. 

torsdag 13. januar 2022

Mann (58) dømt til døden

 


I dag fekk eg ein E-post som fekk meg til å tenka på ei krimbok som eg held på å lesa, om ein ung mann som sit på dødscella og ventar på å bli avretta, sjølv om han veit han var uskuldig. Berre at no er det ikkje fiksjon, men eit ekte menneske det handlar om.

Ein av NMS sine samarbeidspartnarar i Pakistan er menneskerettsorganisasjonen CLAAS. Bokstavane står for Center for Legal Aid Assistance and Settlement. Dei sendte oss ei melding i dag om at Zafar Bhatti, ein kristen mann frå Rawalpindi, vart dømd til døden for blasfemi. For ti år sidan vart han fengsla, skulda for å ha sendt blasfemiske tekstmeldingar. Han har heile tida nekta for dette, men vart først dømt til livsvarig fengsel. Den 3. januar vart denne dommen omgjort til dødsstraff av ein rett i Rawalpindi.

Pakistan har omstridde blasfemilover, som dei har hatt sidan den britiske kolonitida. Desse vart mykje strengare under militærstyret til president Zia ul-Haqq. Frå 1980-talet styrte han landet i ei sterkare islamsk retning, og religiøse minoritetar fekk det vanskelegare. Blasfemilovene blir ofte misbrukt for å løysa personlege konfliktar, og når nokon har fått ei skulding om blasfemi mot seg, er det ofte svært vanskeleg å bli frikjend. Fleire dommarar som har frikjend ein tiltalt i blasfemisaker, er blitt drepne. Tidlegare guvernør i delstaten Punjab, Salman Taseer blei myrda fordi han hadde uttalt seg til fordel for den kjende kristne kvinna Asia Bibi, som etter mange års kamp klarte å bli frikjend, og no bur i utlandet.    

CLAAS har tatt på seg å føra saka til Zafar Bhatti, og dei tar seg også av kona hans, Nawab Bibi, som er barnlaus og utan midlar til å livnæra seg. Menneskerettsorganisasjonen brukar mykje tid og pengar på å hjelpa folk som Zafar og andre som kjempar mot urettferd. NMS har finansiert mykje av aktiviteten til CLAAS gjennom eit Noradstøtta prosjekt.

Krimboka eg les i desse dagar, «Tilståelsen» av John Grisham, er frå ein heilt annan kontekst, nemleg Texas i USA, ein stat som framleis er sterkt rasedelt, og der mange svarte føler dei blir urettferdig behandla i rettssystemet. Eg veit enno ikkje korleis det går til slutt. Vil sanninga komma for ein dag før me kjem til siste sida av boka? Får helten vår dødssprøyta, eller slepp han ut til slutt? Det er ikkje mindre spennande for dei som kjenner Zafar Bhatti, og som ber og kjempar for at retten skal vinna fram i det pakistanske rettssystemet.  

tirsdag 4. januar 2022

Meir fridom for kristne i iranske huskyrkjer?

 


Ni iranske kristne blei nyleg sett fri frå fengsel etter at høgsterett i landet har slått fast det å delta i huskyrkjer ikkje skal reknast som eit lovbrot som trugar nasjonal tryggleik. 

Dette melder Middle East Concern, ein av NMS sine samarbeidsorganisasjonar i Midtausten. I går var første arbeidsdagen min i NMS, og eg har lenge sett fram til å byrja å jobba med det NMS gjer i regionen.

Situasjonen for kristne i Midtausten, Nord-Afrika og andre muslimsk-dominerte land varierer svært mykje. Mange kristne har stor fridom til å samlast til gudsteneste og til å dela evangeliet, medan andre lever under eit stadig press både frå styresmakter og ekstremistiske grupper. NMS har mange samarbeidspartnarar i regionen som arbeider på ulike måtar med å dela trua på Jesus, kjempa mot urettferd og utrydda fattigdom. Middle East Concern er ein av organisasjonane me samarbeider med, og deira hovudfokus er menneskerettar.  

Pastor Mattias blei sett fri 30. desember og åtte andre slapp ut av fengsel i går, den 3. januar. No skal sakene deira vurderast på nytt. Med det har iransk høgsterett førebels slått fast retten til å samlast i huskyrkjer. Saka er ikkje avgjort enno - ein høgsterettsdom i Iran betyr ikkje nødvendigvis det same som i Norge - og mange andre iranske kristne med islamsk bakgrunn opplever ulik grad av forfølging eller press.

MEC oppfordrar til forbøn for pastor Mattias og dei åtte andre som no er sett fri:

  •          At gjennomgangen av sakene deira skal føra til at dei blir frifunne for anklagane
  •          At høgsterettdommen skal føra til at andre tilsvarande dommar skal bli tatt opp til ny vurdering.
Les meir om kristne i muslimske land i denne artikkelen frå masteroppgåva om NMS i Midtausten. 

Korleis går det med Dalia i Rafah?

Tidlegare denne våren fortalde den kristne TV-kanalen SAT-7 om 17 år gamle Dalia som hadde flykta frå Nord-Gaza til Rafah i sør . No e...