Statcounter

Masteroppgåve om NMS i Midtausten

I august 1993 reiste ein ung, idealistisk liten familie frå Stord til Egypt. Me skulle vera misjonærar for Det Norske Misjonsselskap (NMS), og oppdraget var strengt hemmeleg. Misjonsfolk og venner skulle ikkje vita kva land me hadde reist til, og i Egypt skulle ingen vita at me var misjonærar. Det var eit umogleg oppdrag, men det visste me ikkje den gongen.





NMS sitt arbeid i Midtausten tok til i 1990, og har halde fram til i dag. Hausten 2019 leverte eg ei masteroppgåve om historia til dette misjonsarbeidet. Oppgåva, som eg skreiv medan eg var prest i Giske, var avslutninga på eit deltidsstudium i faget «kulturmøte» ved Høgskulen i Volda. 

Tittelen «Det de kviskrar i einerom, skal ropast ut frå hustaka», var inspirert av nokså frie assosiasjonar rundt Jesu ord til læresveinane i Luk 12,3. Det byrja med eit hemmeleg misjonsarbeid rette mot muslimar, men utvikla seg etter kvart til eit breitt og openlyst engasjement for ulike kristne grupper i Midtausten. Gjennom heile perioden har ein dessutan både «kviskra i einerom» om einskilde delar av arbeidet, medan ein samtidig har prøvd å «ropa ut frå hustaka» den kristne bodskapen gjennom ulike former for massemedia. Hovudspørsmålet eg stilte i oppgåva var: Kva har vore NMS sin motivasjon for å engasjera seg i Midtausten og i dei ulike prosjekta og samarbeidsorganisasjonane? 

I oppgåva brukar eg ein vid definisjon av «Midtausten» som samsvarar med det som ofte blir omtalt som MENA-regionen, dvs. den arabiske verda og nokre andre land. Eg legg størst vekt på Egypt, og inkluderer dessutan litt om arbeidet mellom arabiske innvandrarar i Barcelona.
Av ulike grunnar er mange namn på medarbeidarar utelatne frå oppgåva.

Dei viktigaste kjeldene til oppgåva har eg funne i misjons- og diakoniarkivet på VID i Stavanger, med god hjelp frå medarbeidarar der og på NMS sin hovudadministrasjon.  

Lenker til masteroppgåva: 

Heile oppgåva:  http://hdl.handle.net/11250/2633253 

Einskilde kapittel: 

Forside og innhaldsliste 

Kapittel 1-2: Innleiing, kjelder og metode. 

Kapittel 3 Bakgrunn: 3.1: Einskap og mangfald i Midtausten
Kapittel 3.2: Politiske tilhøve sidan 1990
Kapittel 3.3: Kristne i det muslimske Midtausten
Kapittel 3.4: Misjonshistorie i Midtausten
Kapittel 3.5: Aukande interesse for muslimmisjon i NMS
Kapittel 3.6: Massemedia i Midtausten

Kapittel 4: NMS i Midtausten. 4.1: Hemmeleg mediemisjon
Kapittel 4.2: Openlys TV-satsing
Kapittel 4.3: Fleire bein å stå på
Kapittel 4.4: Organisering i program: Nye prosjekt på bakkenivå. 
Kapittel 4.5: Samarbeid med kyrkjer i Midtausten
Kapittel 4.6: Etter den arabiske våren
Kapittel 4.7: NMS global og seksjon migrasjon

Kapittel 5: Oppsummering

Kapittel 6: Kjelde- og litteraturliste




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Korleis går det med Dalia i Rafah?

Tidlegare denne våren fortalde den kristne TV-kanalen SAT-7 om 17 år gamle Dalia som hadde flykta frå Nord-Gaza til Rafah i sør . No e...