Statcounter

mandag 22. juli 2024

"Hadde eg venger, så ville eg fly"


"Hadde eg venger, så ville eg fly til til ein stad der eg kunne gått på skule, for her i Afghanistan får eg ikkje lov til å studera". Det er ei afghansk kvinne som seier dette til den kristne TV-kanalen SAT-7, ein viktig samarbeidsorganisasjon for NMS.        

SAT-7 melder at den farsispråklege kanalen deira no set i gang skulefjernsyn på dari, den varianten av persisk som er vanleg i Afghanistan. Dette kjem som ein respons på at Afghanistan har opplevd ei utdanningskrise etter at Taliban overtok makta for snart tre år sidan, i august 2021.  Ein reknar med at rundt 3,7 millionar born ikkje har tilgang til utdanning i Afghanistan, dette fjellandet som ligg midt mellom Midtausten, Sentral-Asia og Sør-Asia. For jenter er situasjonen aller verst, sidan Taliban legg store hindringar i vegen for dei. 

Programma som no blir laga, skal i første omgang gi grunnleggande lese- og skriveopplæring, og er retta mot små born. Dei kan også vera nyttige for eldre born og vaksne analfabetar, og ikkje minst for jenter og kvinner som må halda seg heime. Eit langsiktig mål for skuleprogramma til SAT-7 er å gi folk evne til å lesa, slik at dei også kan ta til seg dei gode nyheitene i evangeliet, seier Nader Taghizadeh, regissør for skulefjernsynet. Les meir her

Det er ikkje så lite ironisk at Taliban har medført ei utdanningskrise i Afghanistan. Då tenkjer eg på at namnet tyder "studentar". Taliban oppstod som ein maktfaktor i landet midt på 1990-talet. Dei var studentar som hadde gått på tradisjonelle islamske koranskular. I 1996 etablerte gruppa sitt første emirat i Afghanistan, og praktiserte ei streng tolking av den islamske sharia-lovgjevinga. Religiøse og etniske minoritetar blei diskriminerte, kulturelle monument blei øydelagde, det meste av musikk blei forbode og kvinner blei nekta utdanning. Etter den amerikanske invasjonen i 2001 flykta leiarskapet til Pakistan. Etter mange år med krigføring starta dei ein offensiv våren 2021, som kulminerte med den overraskande maktovertakinga i august same året.  


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Sendt - kor hen?

Misjon handlar om å vera sendt. Sendt av Gud. Men ikkje berre til land langt vekke. Kyrkja er også sendt til lokalsamfunnet der me bur. Derf...