Statcounter

onsdag 16. september 2026

Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik?

 


Mauritania ligg like vest for Mali. I vår blei tre kristne menn i dette landet fengsla etter å ha blitt utsett for eit sverdangrep i kyrkjelyden, fortel vår partnar Middle East Concern.  Eg skriv om dette og meir i NMS sitt siste nyhetsbrev frå MidtaustenMidt i all motstand opplever dei kristne at «ingenting kan skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre». Det er også godt for dei å vita at kristne i andre land er med og ber for dei.

Er du interessert i nyhetsbrev frå andre land som NMS har arbeid i, kan du finna dei her: https://nms.no/engasjer-deg/nyhetsbrev-til-menigheter  

Eg er no tilbake i hundre prosent jobb for NMS etter å ha hatt ei deltidsstilling dei tre siste åra. Då jobba eg resten av tida som prest i Ålesund og Volsdalen menighet. No har eg framleis kontor i Noregs objektivt sett finaste by, med utsikt over vakre Brosundet frå NMS sitt regionkontor i Kongens gate. Det vil sei, akkurat i dag er det ikkje så mykje utsikt å skryta av, for det regnar så mykje at me berre så vidt skimtar øyane ute i Giske kommune, der eg bur. 

I NMS skal eg framleis vera rådgjevar for Midtausten og følga opp partnarane og nokre av prosjekta våre der. Men halve tida mi skal brukast i avdeling Frivillighet her i region Møre. Då skal eg i hovudsak arbeida med forkynning, formidling av misjonsinformasjon og rekruttering av frivillige. No på søndag er eg så heldig at eg får ha gudsteneste i Vigra kyrkje i lag med karane i den lokale mannsforeninga for NMS i Giske kommune. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik?

  Mauritania ligg like vest for Mali. I vår blei tre kristne menn i dette landet fengsla etter å ha blitt utsett for eit sverdangrep i kyrk...