Tidlegare denne våren fortalde den kristne TV-kanalen SAT-7 om 17 år gamle Dalia som hadde flykta frå Nord-Gaza til Rafah i sør. No er eg spent på korleis det går med henne, når den Israelske hæren står klar til det siste angrepet mot Hamas i den tett befolka byen på grensa mot Egypt.
Det er hjarteskjerande å tenka på alle dei fortvilte menneska som ikkje har nokon stad å søka tilflukt når bomberegnet kjem over dei. Dei siste dagane har det komme meldingar om at Israel i samarbeid med Egypt har førebudd ei masse-evakuering frå Gaza til store teltleirar litt lengre nord, og me kan berre håpa og be om at dette kan skje på ein nokolunde forsvarleg måte. Men når me veit kor lite respekt dei krigande partane har for menneskeliv, er eg ikkje veldig optimistisk.
Huset til Dalia sin familie i den nordlege delen av Gaza blei øydelagd av krigshandlingane. Derfor flykta dei sørover til onkelen hennar i Rafah. Der har ho, mora og søskena henner opphalde seg i lag med 30 andre slektningar. “Me var heldige”, seier ho, for i andre hus kunne det bu mellom 50 og 100 menneske. Vil dei no klara å komma seg ut av Rafah og i nokolunde sikkerhet utanfor den verste krigssona?
Dalia gjekk siste året på vidaregåande, og hadde håp om å begynna å studera i utlandet før krigen braut laus. Kva skjer no? Alle universiteta inne i Gaza er utbomba. “Eg vil gjerne læra, og eg vil komma tilbake for å bygga landet mitt”, seier ho. “Alle jenter på min alder har håp. Sjølv har eg lyst til å studera markedsføring”. At ho har forretningstalent, det har Dalia allereie vist. I to år dreiv ho ei nettbedrift som selde klær. Forretningen gjekk bra fram til krigen, men alt blei øydelagd då huset brant ned. Likevel har ho håp: “Om me ikkje har håp, korleis kan me fortsetta å leva? Me skal komma tilbake betre enn før, bygga opp igjen og læra. Sjølv om eg misser dette året, har eg enno tid, og eg kan studera neste år. Me skal bygga opp igjen skulane og universiteta våre. Så lenge det er liv, er det håp!”
I skrivande stund veit eg ikkje korleis det går med Dalia. Eg kan berre håpa og be om at den komande delen av krigen ikkje må føra til store sivile lidingar.
Eg har mykje meir på hjarta om konflikten mellom israelarar og palestinarar, men det må bli ein annan gong.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar