Statcounter

torsdag 25. mai 2023

Nye vegar og bruer

 


«Trivest du i Suez?» spør eg drosjesjåfør Shukri, som kjører oss heim frå ein utflukt til Raudehavet. «Ja, det er mykje betre enn Kairo», svarar han. «Der er det så bråkete og så trangt om plassen. Her er det fint og roleg.» Suez er ein «småby» med ikkje stort meir enn 750 tusen innbyggarar, som ligg ved det sørlege innløpet til kanalen som byen har gitt namnet sitt til.

Dette blogginnlegget kan du lytta til på Radio Sunnmøre

Kvar gong eg er ute og reiser i Kairo, blir eg forundra over kor mykje som har endra seg på dei siste par og tjue åra etter at me flytta til Norge. Byen blir stadig større i utstrekning, og nye bydelar skyt opp som paddehattar i alle retningar. Det er ein enorm byggeaktivitet med nye vegar og bruer overalt. Då me budde her på nittitalet, var me overraska over kor liten byen var i utstrekning i forhold til det store folketalet. Den gongen var ikkje byen stort større i utstrekning enn øya Stord som eg kjem frå. Og der var det pressa saman atten millionar menneske. No er det eit samanhengande storbyområde frå aust til vest på hundre kilometer.

Dette opphaldet i Egypt har også vist meg at Gud er i ferd med å bygga mange nye bruer og vegar for å nå menneske i den arabiske verda med evangeliet. Me har besøkt fleire kristne organisasjonar og møtt folk som har fortalt spennande ting om kva dei er med på no, og korleis menneske kjem til tru på Jesus her i Midtausten i våre dagar. Mellom anna besøkte me ein organisasjon som har eit arabisk namn som betyr «bruer». Dei bygger bruer til menneske som ikkje kjenner Jesus, og deler Guds kjærleik med dei. Dei jobbar aktivt i lag med dei evangeliske kyrkjene i Midtausten for å inspirera dei til å driva misjon. Mellom anna har dei vore med på å senda ut misjonærar til Barcelona i Spania. Der driv misjonærane frå Egypt eit viktig og godt arbeid mellom arabiske innvandrarar, og etter kvart har det vakse fram ei arabisktalande kyrkje der i Barcelona. Dette arbeidet er NMS med og støttar.

Eg snakka også med ein mann som har drive med massemedia i mange år. Han fortalde meg at no opnar det seg nye vegar inn til land som tidlegare har vore stengde. Saudi-Arabia, for eksempel, no er dei akkurat inne i ein fase der dei opnar seg for veldig mykje vestlig, og det berykta moralpolitiet som før banka opp folk for den minste feil, er ikkje lenger å sjå i gatene, sa han. I Saudi-Arabia har det jo tidlegare vore strengt forbudt å ta med biblar inn i landet. Og så tok han fram mobiltelefonen sin. «Sjå her, skal du sjå, seier han», og så viste han meg eit bilde av to svartkledde damer med slør framfor ansiktet. Dei heldt ein stor bibel opp framfor seg og las interessert i den. Han kunne fortelja at no hadde organisasjonen hans vore med på bokmesse like utanfor profetens by Medina, og der hadde dei heilt ope kunna selja biblar, og det var stor interesse for dei.

«Arbeid, for natten kommer» syng me i ein gammal misjonssalme. Og Jesus seier i Johannes 9,4 «Så lenge det er dag, må vi gjera hans gjerningar som har sendt meg.» No er det dagslys til å arbeida i den muslimske verda. No er det ein opning for å la lyset frå Jesus skina.  Men det gjeld like mykje her heime og. Kanskje kan det som skjer i Midtausten i dag vera til inspirasjon for oss her i Norge?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Korleis går det med Dalia i Rafah?

Tidlegare denne våren fortalde den kristne TV-kanalen SAT-7 om 17 år gamle Dalia som hadde flykta frå Nord-Gaza til Rafah i sør . No e...