Statcounter

mandag 20. juli 2020

Frå Vågøy til Vågstranda


Legg du turen frå Vågøy i Hustadvika, via Tingvoll, Sunndal, Eidsvåg og Åndalsnes, kan du kjøra innom mellom 20 og 30 kyrkjer. Det gjorde me sist helg, mi kjære kone og eg. Litt vel mange, vil du kanskje seia, men eg er veldig glad for den rundturen. På turen vår stoppa me ved kvar kyrkje me kom til, me tok bilde og gjekk ein runde rundt kyrkja medan me bad ei bøn for bygda og dei som samlast i huset. Bildet er frå Voll kyrkje, ei av dei ti kyrkjene i Rauma kommune, og ei av dei siste på turen vår. Då var me altså innom rundt ein fjerdedel av alle kyrkjene i Møre bispedøme. Kvifor? 

Når eg jobbar på bispekontoret har eg med alle kyrkjene i bispedømet vårt å gjera. Som misjonsrådgjevar har eg mellom anna ansvaret for å oppdatera lista over alle misjonsavtalane i bispedømet. Då er det viktig for meg å sjå bygdene for meg, så dei skal vera meir enn namn på ei liste. No har eg iallfall sett landskapet kyrkjene ligg i. No veit eg kor Straumsnes kyrkje ligg.  Eller Øksendal. Eg ser for meg Eid kyrkje høgt oppe på åssida, eller den vesle, vakre kyrkja på Ålvundeid, ved porten til Innerdalen. Bilde frå alle kyrkjene me var innom, har eg lagt ut på Instagram, og du kan sjå dei her

Det eg ikkje veit noko om, er livet innanfor veggene i desse kyrkjene. Kven er det som kjem hit når det er gudsteneste? Kven er det som har sine kjære på gravplassen? Kven har arbeidsplassen sin her? Det håpar eg å få vita meir om etter kvart. Då eg starta i jobben i Molde i februar, hadde eg planane klare for besøk i fleire kyrkjelydar utover våren. Slik blei det jo ikkje. Berre eit par kyrkjelydar fekk eg komma innom før korona-pandemien stengde ned landet, og som så mange andre, blei eg stort sett sitjande på heimekontoret. 

Sjølv om me ikkje kom inn dørene på nokon av kyrkjene - med unntak av Gaustad kapell i Hustadvika, var det artig å sjå eit par lokale tiltak: I Hustadvika hadde dei laga til "Kirketur" med ein rebus. Her skulle dei som besøkte kyrkjene setta saman ord frå kvar kyrkje til eit bibelvers. I Rauma hadde dei laga ein eigen "Kirke Stikk UT!", med eit klippekort over alle dei ti kyrkjene i kommunen. Kanskje ein ide for fleire kommunar i bispedømet vårt? 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Korleis går det med Dalia i Rafah?

Tidlegare denne våren fortalde den kristne TV-kanalen SAT-7 om 17 år gamle Dalia som hadde flykta frå Nord-Gaza til Rafah i sør . No e...