I kveld hadde NMS sitt første direktesendte misjonsmøte som blei overført på video via Microsoft-programmet Teams. Misjonen har alltid vore tidleg ute med å tilpassa seg nye tider og ny teknologi. For meir enn hundre år sidan viste misjonærane lysbilde ved hjelp av parafin.
No er det korona-viruset som tvingar misjonen til å finna nye samværsformer, når dei fellesskapa me er vane med, ikkje er mogleg å gjennomføra lenger.
Kva slags fellesskap er misjonen? "Forestilte fellesskap" er eit uttrykk som er blitt kjent gjennom ei bok av Benedict Anderson. Kort fortalt skreiv han om at nasjonalisme utviklar seg i eit land når folk føler seg som eit fellesskap. Når me i kveld sat i stova vår og såg skjermane, så hjelpte det oss nok til å føla eit fellesskap. Bildet på datamaskin og fjernsyn gjorde at me kom nærare kvarandre. Samtidig er me noko meir enn eit forestilt fellesskap. Gud har kalla oss inn i eit fellesskap som er noko reelt. Me høyrer saman som brør og søstre i eit verdsvidt fellesskap i Kristus.
Dette verdsvide fellesskapet kom også nærare oss gjennom skjermane i kveld, når Frode Brügger Sætre viste oss bilde frå Mali og fortalde om misjonsarbeidet der, og arbeidet med konfliktløysing mellom bufaste bønder i sør og kvegdrivarar frå nord som flyttar sørover. Frode kjenner me personleg frå tida vår i Bergen International Church for ein del år sidan. Han var aktivt med i kyrkjelyden, og blei ordinert som misjonær frå St. Markus kirke der kyrkjelyden held hus. No er han nett blitt evakuert frå Mali. Takk, Frode, for di trufaste teneste i Mali!
Skapt, døypt og sendt av Gud. Ein blogg om misjon, og om kvardagslivet i havgapet utanfor Ålesund. For tidlegare innlegg: sjå presteprat.blogspot.com
Statcounter
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
NMS Nyhetsbrev Midtausten 1/2026
Pavebesøk og fredshåp i Libanon Det vesle landet nord for Israel har fått sin del av problemer gjennom mange tiår, men i noen dager i be...
-
Ein fredagskveld i oktober tok eg meg ein tur innom Støperiet i Frikirken sine lokale i Storgata i Ålesund sentrum. Dette er Frikirken sin m...
-
Misjon handlar om å vera sendt. Sendt av Gud. Men ikkje berre til land langt vekke. Kyrkja er også sendt til lokalsamfunnet der me bur. Derf...
-
«Gud bringer afghanarar og andre muslimar til oss. Dei kjem frå område i verda der misjonærane ikkje kan reisa, men no står dei ved dørsto...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar