Statcounter

torsdag 19. mars 2020

Skapt, døypt, sendt - og innestengt


Korleis vera sendt når me er innestengde heime?

«Skapt, døypt og sendt» er eit slagord som ofte blir brukt i kyrkja. Gud Fader har skapt oss, Sonen har frelst oss og Anden sender oss ut i verda med evangeliet. Tanken er at Jesus kallar alle døypte til å tru på han og følgja han, og dela trua med andre. «Som Far har sendt meg, sender eg dykk», sa han til læresveinane sine då han var stått opp frå dei døde (Joh 20,21).  Seinare har kristne til alle tider møtt Den oppstadne i gudstenesta. Der tok me ein gong imot han i dåpen. Me har høyrt ordet, sunge salmar i lag, bede bøner, og dei fleste søndagar kan me ta imot Jesus i nattverden, i brødet som er hans kropp, og vinen som er hans blod. Og så sender Jesus oss ut i verda for å leva ut trua og dela den med andre – i ord og gjerning. Det er idealet.

Men så er alt blitt annleis. Gudstenester og andre møtepunkt er avlyste, og me er bedne om å halda avstand til kvarandre. Prestar skal unngå besøk hos eldre og pleietrengande. Til og med misjonærane reiser no heim frå landa dei er utsende til. Korleis kan me då vera sendt?

Heldigvis er det også mange kyrkjer som er kreative, og bruker internett til å dela gudstenester, musikkandaktar og tilbod for born og unge på sosiale media. Vår eigen lokale prest her i Giske, Benjamin Anda, har allereie gjort ein god jobb i så måte. 


Kanskje tida no er inne for å komma nær til Han som sender oss. Bruka denne tida når me er ufrivillig innestengde, til å ta oss tid til å lytta til Guds ord og be. Som t.d. på førstkommande søndag, når Norges Kriste Råd inviterer til felles bønnedag.  Når me ikkje kan komma saman lokalt på same måten som før, kan me likevel vera i lag med kristne over heile verda. Og saman kan me be til vår himmelske Far om at han skal føra oss gjennom denne vanskelege tida. Og kanskje vil han kviskra deg i øyra korleis du kan vera sendt til nokon likevel? 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Korleis går det med Dalia i Rafah?

Tidlegare denne våren fortalde den kristne TV-kanalen SAT-7 om 17 år gamle Dalia som hadde flykta frå Nord-Gaza til Rafah i sør . No e...