Statcounter

mandag 25. august 2025

Mediemisjon i Midtausten


Det siste året har eg vore så heldig at eg har fått sendetid i den kristne lokalradioen her på Sunnmøre. Radio Sunnmøre har intervjua meg om NMS sitt misjonsarbeid i Midtausten, og eg har fått delt om mykje av det me er med på i lag med våre lokale samarbeidsorganisasjonar. I det siste intervjuet kommenterer eg først den politiske situasjonen i Midtausten, før eg fokuserer på Middle East Media, som har vore til stades i denne turbulente delen av verda i 50 år. Det starta i Libanon i 1975, men flytta til eit fredelegare land då borgarkrigen braut ut same året. Dette er organisasjonen me arbeidde for då me var utsendingar for NMS til Midtausten for mange år sidan. 

 Høyr intervjuet i Radio Sunnmøre her:   Den politiske situasjonen i Midtausten 


"Borna våre er det viktigaste for oss"

Orda kjem frå ei ung mor som er syrisk flyktning. Flyktningleiren ligg i utkanten av ein av byane i  Bekaa-dalen , aust i  Libanon .   Syris...