Ein fredagskveld i oktober tok eg meg ein tur innom Støperiet i Frikirken sine lokale i Storgata i Ålesund sentrum. Dette er Frikirken sin møteplass for unge vaksne. Me var to godt vaksne menn som gjekk hit i lag denne kvelden, og det har sin gode grunn i at den eine av oss er far til pastoren, og den andre er far til kveldens talar.
Denne kvelden var det litt færre unge vaksne enn normalt, for det var starten av haustferien, men det var vel ein 30-40 som hadde samla seg rundt småborda i møtelokalet. Miriam Mulelid, nytilsett leiar i Imf Ung Sunnmøre, talte om å følga etter Jesus, og delte veldig personleg rundt kvifor dette kan vera så vanskeleg. Det var lett å sjå at folk hadde det fint, både før og under møtet. Me gamle gjekk heim tidleg, men ungdommane heldt det gåande ut i dei små timar.
Det er Joakim Solbakken som er pastor for Støperiet Ålesund. Han har eit varmt engasjement for Jesus, og brenn for at unge vaksne skal ha eit varmt og nært fellesskap. Dette skal vera ei kyrkje der ein lett kan ta med venner, der ein kan bygga vennskap og dela livet med kvarandre. «Vi ønsker at dette skal være starten på noe stort i Guds rike. Mennesker skal få komme til tro, lære å leve nær Jesus og få dele Han videre med andre!» Slik står det på Støperiet sine eigne heimesider. Joakim Solbakken blei ordinert til pastor i Den evangelisk-lutherske frikyrkja i august, på gudsteneste i Sula Frikirke. Han deler jobben sin mellom menigheten på Sula og Støperiet.
Navnet «Støperiet» er eit konsept utvikla
av FriBU (Frikirkens barn og unge), og det handlar om å bli forvandla og
foredla av Jesus: «Et støperi tar inn gammelt metall i ulike former, fasonger
og kvalitet. Disse smeltes, raffineres, foredles og støpes om til vakre former
med ny hensikt og verdi. Prosessen går til kjernen, den tar tid, og det er
kostbart. Men den forvandler.»
Det er godt at det er eit slikt godt tilbod
for unge vaksne i sentrum. Den norske kyrkja har ikkje eit liknande tilbod, men
heldigvis er Guds rike større enn våre ulike kyrkjesamfunn.

