Statcounter

torsdag 30. juni 2022

Møte med dei transkjønna i Pakistan

 

Noko av det meir spesielle eg opplevde i Pakistan denne våren, var møtet med dei transkjønna. Eg har aldri hatt sansen for Pride og alt det står for, og du vil neppe sjå meg viftande med regnbogeflagget, men alle menneske må få lov til å leva livet sitt slik dei meiner er rett, utan å bli utsette for vald eller hatefulle angrep. Etter møtet med denne gruppa, har eg prøvd å finna ut meir om kva som er så spesielt med transkjønna i Pakistan og andre land i Sør-Asia.

Gruppa som står rundt meg på dette bildet, er ein «familie» av transkjønna. Dei bur i lag i eit fellesskap som blir leia av to guruar, dei to eldste i gruppa. Guruen si rolle er å ta vare på dei yngre og gi dei opplæring, medan dei får ein del av inntekta til dei yngre i gruppa. Dei fleste transkjønna i Pakistan er fattige, og dei lever av dansing, tigging og prostitusjon. Det siste vil dei helst unngå, men det kan ofte vera den einaste løysinga når livet er vanskeleg. Dei som livnærer seg av sal av sex, er svært utsette for kjønnssjukdomar eller vald.

Eg møtte denne «familien» på kontoret til CLAAS, den kristne menneskerettsorganisasjonen som NMS samarbeider med: Centre for Legal Aid Assistance and Settlement. Dei ivaretar rettane til menneske som er utsette for ulike typar overgrep. Det kan vera kvinner som blir slått av ektemannen, born som blir utsette for seksuelle overgrep, folk som må i fengsel på grunn av grunnlause skuldingar for blasfemi – eller desse transkjønna, som står aller nederst på samfunnsstigen.  

Det som CLAAS i første omgang har gjort overfor denne gruppa, er å gi dei litt pengestøtte, men framfor alt er det den personlege kontakten som har betydd mest for dei. Til dømes blei gruppa invitert på julefest saman med ei større gruppe menneske. Då fekk dei høyra at dette var første gongen dei var blitt invitert til å sitta på stolar i lag med andre folk. Då eg sjølv møtte dei, var eg veldig nøye med å ta kvar og ein av dei i handa og helsa venleg på dei. Slike «småting» er dei ikkje vane med, men for meg og for vennene i CLAAS er det viktig å visa at alle har den same verdien som menneske, uansett kven dei er eller kva dei opplever seg å vera – og uansett om me er enige om val av livsstil eller ikkje.

Overraskande

Då eg først høyrde om dei transkjønna i Pakistan, blei eg overraska. Eg hadde ikkje venta at denne gruppa skulle stå fram så openlyst i eit samfunn som er så sterkt prega av islam – og det i ein ganske konservativ og på mange måtar intolerant form. Men det viser seg at fenomenet har ei lang historie i Sør-Asia, også innan det islamske mogulriket som rådde over store delar av India mellom 1500-talet og 1800-talet. På den tida var det ikkje uvanleg at evnukkar hadde framståande posisjonar i hoffet til stormogulen, i hæren eller i administrasjonen. Då det britiske imperiet koloniserte India, blei det derimot forbode å framstå som transkjønna, og i dag er det også store grupper som er sterke motstandarar mot gruppa.  

Ein annan ting som overraska meg, var at pakistanske transkjønna er offisielt anerkjent som eit «tredje kjønn». Dette skjedde i 2018, då parlamentet i Pakistan vedtok «The Transgender Persons (Protection of) Rights Act». Lova stadfestar dei transkjønna sine grunnleggande rettar, lar dei velja kva kjønn dei skal registrerast som på offisielle dokument, gir dei stemmerett og arverett i tråd med det kjønnet dei har valt. Lova seier også at staten skal etablera trygge hus for transkjønna, og bygga eigne fengsel for dei. Likevel er det ikkje mange som har registrert seg offisielt som transkjønna. Med eit folketal på over 220 millionar, er det berre litt over ti tusen transkjønna, altså 0,005%. Det er mogleg at det reelle talet er høgare.  

Islam og dei transkjønna

Det kan virka som at det er lettare for muslimske samfunn å anerkjenna transkjønna menneske, enn homoseksualitet, som er direkte forbode både i Koranen og i islamsk tradisjon. Til dømes har framståande muslimske leiarar både innan sunni- og shia-islam akseptert kjønnskifte. Leiaren for Shia-muslimane, Ayatollah Khomeini erklærte kjønnsskifteoperasjonar lovlege innan islam i 1987, og året etter gjorde det anerkjente Sunni-universitetet al-Azhar det same.

I Pakistan blei det i 2018 offentleggjort ein fatwa som gir transkjønna visse rettar, inkludert det å gifta seg – rett nok med visse forbehold. Dersom t.d. ei transkvinne ikkje har «fysiske teikn» på begge kjønn, kan ho gifta seg med ein mann.

Elles er det mykje eg ikkje veit om dei transkjønna i Pakistan. Det eg skriv her, skrapar berre litt på overflata av fenomenet. Dei som har lyst til å vita meir, kan søka på «khwaja sira» eller «hijra community», så finn ein mykje lesestoff. For meg er i grunnen det viktigaste at vennene våre i CLAAS gjer noko for å verna denne sårbare gruppa mot overgrep og gir dei verdi som menneske.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Korleis går det med Dalia i Rafah?

Tidlegare denne våren fortalde den kristne TV-kanalen SAT-7 om 17 år gamle Dalia som hadde flykta frå Nord-Gaza til Rafah i sør . No e...