Statcounter

fredag 3. juni 2022

Midtausten: Misjonsseminar inspirert av Paulus


 Ein av partnarane til NMS gir gode tilbakemeldingar frå eit seminar om misjon ein stad i Midtausten i mai. Seminaret var det første steget mot å etablera ein misjonsskule for nyetablerte kyrkjer i området. Visjonen er at kyrkja skal vera utrusta til å nå ut med evangeliet i samarbeid med lokale misjonærar, og at nye kyrkjer skal veksa fram.

Meir enn femti deltakarar frå mange ulike etniske og religiøse bakgrunnar, både kristen, muslimsk og annan bakgrunn, var med på dette kurset, og ifølge arrangørane er  det første gongen eit liknande arrangement har samla folk med så variert bakgrunn. På kurset gjekk dei gjennom 12 leksjonar om ulike tema: Personleg kall, misjonskall til kyrkja, bibelsk og teologisk grunnlag for misjon, lokal misjonshistorie, apostelen Paulus sine misjonsreiser og anna. Det var også sett av god tid til gruppesamtalar.

Deltakarane, både pastorar og lekfolk, vart oppmuntra til å reisa heim og velsigna andre med den undervisninga dei hadde fått.

Det skjer altså mykje spennande i Midtausten. Samtidig som fleire av dei lokale, gamle kyrkjene opplever tilbakegang på grunn av migrasjon, så skjer det ny tilvekst på andre område. Dette er også ein del av det store bildet. Tidlegare i vår møtte eg ein av leiarane i ein lokal misjonsorganisasjon som kunne fortelja meir om kva dei gjer og kor dei arbeider, men det kan ikkje formidlast via nettet. Be for dei som deler Guds kjærleik med folkeslaga i Midtausten! 

Som kristne i Vesten skal me ikkje gløyma dei gamle, etablerte kyrkjene i Midtausten. NMS samarbeider til dømes godt med den koptiske ortodokse kyrkja, og ønskjer å gjera det i framtida også. Organisasjonen har ikkje noko målsetting om å etablera nye kyrkjer i området. Samstundes ser ein at det ofte er vanskeleg for nye truande som ikkje har kristen bakgrunn å finna ein plass i dei etablerte kyrkjesamfunna. Dette er det mange grunnar til, ikkje minst sosiologiske og kulturelle. Derfor veks det no fram mindre grupper av nye små kyrkjefellesskap mange stader. Dei opplever ofte motgang. Det er som regel umogleg for nye kristne med muslimsk bakgrunn å endra offisiell religion på ID-korta sine; dei har vanskar med å finna ektefelle; borna deira blir offisielt rekna som muslimar; husforsamlingar blir mange stader ikkje tillatne - for å nemna nokre av utfordringane deira. Derfor treng dei også vår støtte og forbøn. Den gode sida ved dette, er at desse gruppene også er ivrige i vitnesbyrdet om Jesus, slik at Guds kjærleik blir delt med fleire. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Korleis går det med Dalia i Rafah?

Tidlegare denne våren fortalde den kristne TV-kanalen SAT-7 om 17 år gamle Dalia som hadde flykta frå Nord-Gaza til Rafah i sør . No e...