Statcounter

torsdag 6. oktober 2022

Forsvar for trusfridom i Midtausten


I eit land i Nord-Afrika blei ein ung mann arrestert og skulda for fråfall frå islam. Obligatorisk straff for dette er døden. Dette er ei av sakene som Middle East Concern (MEC) har jobba med i det siste. Eg er i Aten på medlemsmøte i organisasjonen som NMS har vore medlem i sidan 1999. Saka til den nordafrikanske mannen er ei av om lag 300 saker som MEC jobbar med gjennom eit år, i samarbeid med andre organisasjonar. Nokre saker blir løyst fort, andre kan dra ut i lang tid. Heldigvis er han no i praksis ein fri mann. Det nyttar å gjera ein innsats for kristne som blir forfylgde for trua si.  

Eg skriv dette på flyplassen på veg heim. I går ettermiddag var eg turist i den greske hovudstaden eit par timar, og tok den obligatoriske turen opp på Akropolis for å sjå på ruinane av gamle tempel. Eg fekk klatra opp på Areopagos, ein fjellknaus like nedanfor, der apostelen Paulus i si tid hadde den berømte talen sin til dei atenske mennene. Han hadde rusla omkring i byen og sett på alle heilagdomane, og funne eit altar der det stod skrive: ‘For ein ukjend Gud’». Det som de tilbed utan å kjenna, er det eg forkynner dykk (Apg 17,23).

Ein av dei andre deltakarane på medlemsmøtet i MEC fortalde meg om eit tilfeldig møte han hadde hatt med ein muslimsk mann i eit anna land. Denne hadde først snakka varmt om islam som den sanne religionen, og min venn hadde ikkje sagt imot, men berre sagt at han kunne fortelja han om Jesus, som kunne gi han ekte fred. Då opna den andre seg opp og sa han hadde hatt ein draum. Fleire gonger den same draumen. Han hadde sett profeten, og han var omgitt av mørke og frykt. Så hadde han sett ein lysande skikkelse, og han forstod at det var Isa al-Masih – Jesus Kristus. «Her er me to i ein storby på fleire millionar» sa min venn. «Trur du det er tilfeldig at me møttest her i dag?» Så fekk dei ein fin åndeleg samtale om Jesus og den fred han kan gi til alle som trur på han. 

Det er mange slike og liknande møte som skjer i dag over heile verda. Sakte veks det fram ei kyrkje av nye truande mange stader, også i det som har vore kjerneområda til islam i fjorten hundre år. Det er mange grunnar til det. Evangeliet er no tilgjengeleg for folk på ein heilt annan måte enn før gjennom TV, internett og sosiale media. Ufridom og politisk undertrykking frå islamistiske retningar har gjort at mange søker eit alternativ til den religionen dei har vakse opp med. Dette ser me tydeleg både i Iran, Syria, Afghanistan og andre land.

Dei som kjem til tru på Jesus, får ofte problem, både med sin eigen familie, på arbeidsplassen og med styresmaktene. Då har dei behov for hjelp, og det er dette MEC jobbar med. Organisasjonen blei stifta for om lag 30 år sidan, på initiativ frå arabiske kyrkjer som såg behovet. Sidan den gongen har talet på menneske som har komme til tru på Jesus auka stort, og dermed er det også eit aukande behov for hjelp. Heldigvis er det ikkje alle som opplever like store problem som han som risikerte dødsstraff. Mange av sakene som MEC jobbar med, er mindre dramatiske, og dei er ikkje alltid relatert til islam.   

I Israel har MEC gitt støtte til ein messiansk organisasjon (jødar som trur Jesus er Messias) som ikkje fekk den skattefridomen dei hadde krav på, fordi ein ekstremistisk ortodoks jøde sat i ein nøkkelposisjon og nekta dei denne økonomiske støtten. Etter fleire år i ulike rettsinstansar nådde dei fram i høgsterett, og saka er avslutta.

Ei sak som ikkje er avslutta, er frå Libya, og gjeld ein mann som er dødsdømt for fråfall frå islam. Libya er eit land som blei kasta ut i kaos under den såkalla «arabiske våren» i 2011. Etter eit opprør mot president Muammar Gaddafi, gjekk NATO-styrkar – inkludert norske – til massive flyåtak mot landet, og det endte med at Gaddafi blei drepen. (Norge var altså medansvarleg for dette kaoset, som også har spreidd seg sørover til Mali.) Seinare har det vore borgarkrig og ulike forsøk på å få i gang nasjonal einskap, men det har vist seg svært vanskeleg, og lokal milits har stor makt. Ein slik milits vest i landet arresterte ein ung mann som hadde konvertert til kristendommen for fire år sidan. Den lokale domstolen har skulda han for fråfall med utgangspunkt i ei lov frå perioden 2012-2014, og ifølge denne lova er det dødsstraff for fråfall. Den nasjonale regjeringa har kansellert lovene frå denne perioden, men på grunn av interne maktkampar er domstolane frie til å velja kva lover dei vil ta utgangspunkt i.  Den unge kristne mannen blei også pålagd å kunngjera dommen i ei lokal avis og ein nærradiostasjon. Han måtte også henga oppslag utanfor huset sitt, og han fekk ikkje ha advokat under rettssaka.  

Saker som dette, og mange andre, viser kor viktig det er med organisasjonar som Middle East Concern, som kan tala minoritetane sin sak når ingen andre gjer det. MEC har ein liten stab, men brukar det dei har av ressursar til å gi støtte til dei som er forfylgde fordi dei er, eller er blitt følgjarar av Jesus. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Korleis går det med Dalia i Rafah?

Tidlegare denne våren fortalde den kristne TV-kanalen SAT-7 om 17 år gamle Dalia som hadde flykta frå Nord-Gaza til Rafah i sør . No e...