Statcounter

lørdag 1. november 2025

Kyrkja utan veggar - når skjermen blir heilag grunn


Iranske kristne samlast til gudsteneste i heimane. SAT-7 kallar det «The Church Without Walls». Ei kyrkje som ikkje treng murar, men som finst der folk er – i stover, på mobiltelefonar, i flyktningleirar og i stille rom der bøna er det einaste håpet.

Fellesskap gjennom skjermen

I Midtausten og Nord-Afrika lever mange kristne isolert. Nokre er åleine i landsbyen sin. Andre kan ikkje gå til kyrkje av frykt for forfølging. Nokre har aldri sett ei kyrkje i det heile. Men gjennom SAT-7 sine sendingar får dei sjå, høyra og kjenna at dei høyrer til.
Programma er varierte: Undervisning, lovsong, samtalar, bøner. Alt vert sendt på lokale språk, med røyster frå regionen sjølv. Det er ikkje ein vestleg misjon som talar ovanfrå – det er truande som deler liv og tru med kvarandre.

Ei kyrkje som lyttar

SAT-7 er meir enn ein kanal. Det er eit fellesskap. Sjåarar sender inn meldingar, spørsmål og bøneemne. Dei får svar. Dei vert høyrde. I ein region der mange kjenner seg oversett, vert dette eit rom for dialog og respekt.
Ei kvinne frå Iran skriv: «Eg trudde eg var åleine. Men no veit eg at eg har sysken i trua.» Slike meldingar kjem dagleg – frå Egypt, Syria, Tyrkia, Algerie. Frå menneske som finn håp i det som vert delt.

Trua byggjer bruer

SAT-7 sitt mål er å styrka kyrkja i regionen, fremja forståing og skapa rom for fred. I ein verdsdel prega av konflikt og mistillit, vert dette arbeidet eit vitnesbyrd om at trua kan byggja bruer – ikkje berre mellom menneske, men mellom hjarte.
«The Church Without Walls» er ikkje ein draum. Det er verkelegheit. Ei kyrkje som veks – ikkje i stein, men i sjeler. Og kanskje er det nett slik kyrkja alltid har vore meint å vera.

🔗 Les originalartikkelen her: The Church without walls

Eg tenkjer ofte på kor mange som ber i det stille. Som ikkje har ei kyrkje å gå til, men som likevel held fast ved trua. SAT-7 minner oss om at kyrkja ikkje er ein bygning – ho er eit fellesskap. Og fellesskapet kan finnast der vi minst ventar det: på ein skjerm, i ei melding, i ei bøn frå ein ukjend stad.
I ei tid der mange veggar vert bygde – både fysisk og mentalt – treng vi fleire rom utan grenser. Kyrkja utan veggar er eit slikt rom. Og det gjev håp.


søndag 5. oktober 2025

På besøk i Støperiet Ålesund

Ein fredagskveld i oktober tok eg meg ein tur innom Støperiet i Frikirken sine lokale i Storgata i Ålesund sentrum. Dette er Frikirken sin møteplass for unge vaksne. Me var to godt vaksne menn som  gjekk hit i lag denne kvelden, og det har sin gode grunn i at den eine av oss er far til pastoren, og den andre er far til kveldens talar.


Denne kvelden var det litt færre unge vaksne enn normalt, for det var starten av haustferien, men det var vel ein 30-40 som hadde samla seg rundt småborda i møtelokalet. Miriam Mulelid, nytilsett leiar i Imf Ung Sunnmøre, talte om å følga etter Jesus, og delte veldig personleg rundt kvifor dette kan vera så vanskeleg. Det var lett å sjå at folk hadde det fint, både før og under møtet. Me gamle gjekk heim tidleg, men ungdommane heldt det gåande ut i dei små timar.


Det er Joakim Solbakken som er pastor for Støperiet Ålesund. Han har eit varmt engasjement for Jesus, og brenn for at unge vaksne skal ha eit varmt og nært fellesskap. Dette skal vera ei kyrkje der ein lett kan ta med venner, der ein kan bygga vennskap og dela livet med kvarandre.  «Vi ønsker at dette skal være starten på noe stort i Guds rike. Mennesker skal få komme til tro, lære å leve nær Jesus og få dele Han videre med andre!» Slik står det på Støperiet sine eigne heimesider. Joakim Solbakken blei ordinert til pastor i Den evangelisk-lutherske frikyrkja i august, på gudsteneste i Sula Frikirke. Han deler jobben sin mellom menigheten på Sula og Støperiet. 

Navnet «Støperiet» er eit konsept utvikla av FriBU (Frikirkens barn og unge), og det handlar om å bli forvandla og foredla av Jesus: «Et støperi tar inn gammelt metall i ulike former, fasonger og kvalitet. Disse smeltes, raffineres, foredles og støpes om til vakre former med ny hensikt og verdi. Prosessen går til kjernen, den tar tid, og det er kostbart. Men den forvandler.»   

Det er godt at det er eit slikt godt tilbod for unge vaksne i sentrum. Den norske kyrkja har ikkje eit liknande tilbod, men heldigvis er Guds rike større enn våre ulike kyrkjesamfunn.  


mandag 25. august 2025

Mediemisjon i Midtausten


Det siste året har eg vore så heldig at eg har fått sendetid i den kristne lokalradioen her på Sunnmøre. Radio Sunnmøre har intervjua meg om NMS sitt misjonsarbeid i Midtausten, og eg har fått delt om mykje av det me er med på i lag med våre lokale samarbeidsorganisasjonar. I det siste intervjuet kommenterer eg først den politiske situasjonen i Midtausten, før eg fokuserer på Middle East Media, som har vore til stades i denne turbulente delen av verda i 50 år. Det starta i Libanon i 1975, men flytta til eit fredelegare land då borgarkrigen braut ut same året. Dette er organisasjonen me arbeidde for då me var utsendingar for NMS til Midtausten for mange år sidan. 

 Høyr intervjuet i Radio Sunnmøre her:   Den politiske situasjonen i Midtausten 


onsdag 31. juli 2024

Sendt - kor hen?

Misjon handlar om å vera sendt. Sendt av Gud. Men ikkje berre til land langt vekke. Kyrkja er også sendt til lokalsamfunnet der me bur. Derfor må misjon vera ein del av planarbeid og strategiar i norske lokalkyrkjelydar. Det tenker eg litt på her om dagen. Det passar godt for meg som jobbar 50% i kyrkja og 50% i NMS. 

"Planarbeid er kjedeleg!" Kanskje det, men det kan vera eit nyttig verktøy for å prioritera kva me skal bruka tid, krefter og økonomi på. Når kyrkjelydane no skal laga samla plan for arbeidet og begynna å bruka planverktøyet "Kirka vår", tenkjer eg at me må sørga for at misjonstenkinga kjem inn i planane. Det har allereie ein plass både i diakoniplanen og i trusopplæringsplanen, men det er viktig at misjon ikkje berre handlar om misjonsarbeidet i utlandet.

Den norske kyrkja sentralt har gjort ein del prinsipiell tenking rundt misjon. I eit kyrkjemøtevedtak frå 2021 om "Kirkens globale oppdrag" heiter det at "Den norske kirkes oppdrag er å formidle evangeliet i ord og gjerning". Vidare slår ein fast at kyrkja er sendt av den treeinige Gud for å delta i det han gjer i verda. 

Den verdsvide kyrkja er til stades i alle lokalkyrkjelydar - sjølv den minste, monokulturelle og "blendakvite" forsamling - fordi Gud er der, og han er ikkje norsk. Og Jesus var frå Midtausten. Så blir det ei utfording for oss å visa i praksis at kyrkja vår er ein del av den verdsvide kyrkja. 

- Me seier det kvar einaste gong det er dåp. Den som er døypt blir ikkje berre medlem i Den norske kyrkja og kyrkjelyden vår, men blir også ein del av Kristi verdsvide kyrkje. Hos oss i Ålesund får dette eit synleg uttrykk i dåpskluten, som er brodert av kvinner på Madagaskar. "Alle døpte er sendt for å forkynne evangeliet i ord og handling og har medansvar for kirkens oppdrag i verden" heiter det i kyrkjemøtevedtaket ovanfor.

- Kan me også i aukande grad bruka andre språk i gudstenesta? Språk som reflekterer dei som er til stades der? No i sommar har me introdusert eit hefte med omsetting og forklaring av liturgien på engelsk og tysk. Det er ikkje godt nok, men me er iallfall på rett veg. På pinsedag hadde me tekstlesingar på ukrainsk og arabisk i tillegg til norsk. Kan me gjera det oftare?  

- Korleis passar internasjonal diakoni som t.d. fasteaksjonen inn i kyrkjelyden si tenking rundt misjon og diakoni? Og kva med internasjonalt vennskapsarbeid, interreligiøs dialog og innvandrararbeid? 

Slike ting går det an å reflektera over når ein er på arbeid midt i fellesferien. Kan me også få til å jobba vidare med det når den hektiske kvardagen er over oss? Sjølv skal eg ha ferie eit par veker til no snart, og så er eg tilbake i full jobb i NMS og i Ålesund og Volsdalen menighet igjen mot slutten av august. 


mandag 22. juli 2024

"Hadde eg venger, så ville eg fly"


"Hadde eg venger, så ville eg fly til til ein stad der eg kunne gått på skule, for her i Afghanistan får eg ikkje lov til å studera". Det er ei afghansk kvinne som seier dette til den kristne TV-kanalen SAT-7, ein viktig samarbeidsorganisasjon for NMS.        

SAT-7 melder at den farsispråklege kanalen deira no set i gang skulefjernsyn på dari, den varianten av persisk som er vanleg i Afghanistan. Dette kjem som ein respons på at Afghanistan har opplevd ei utdanningskrise etter at Taliban overtok makta for snart tre år sidan, i august 2021.  Ein reknar med at rundt 3,7 millionar born ikkje har tilgang til utdanning i Afghanistan, dette fjellandet som ligg midt mellom Midtausten, Sentral-Asia og Sør-Asia. For jenter er situasjonen aller verst, sidan Taliban legg store hindringar i vegen for dei. 

Programma som no blir laga, skal i første omgang gi grunnleggande lese- og skriveopplæring, og er retta mot små born. Dei kan også vera nyttige for eldre born og vaksne analfabetar, og ikkje minst for jenter og kvinner som må halda seg heime. Eit langsiktig mål for skuleprogramma til SAT-7 er å gi folk evne til å lesa, slik at dei også kan ta til seg dei gode nyheitene i evangeliet, seier Nader Taghizadeh, regissør for skulefjernsynet. Les meir her

Det er ikkje så lite ironisk at Taliban har medført ei utdanningskrise i Afghanistan. Då tenkjer eg på at namnet tyder "studentar". Taliban oppstod som ein maktfaktor i landet midt på 1990-talet. Dei var studentar som hadde gått på tradisjonelle islamske koranskular. I 1996 etablerte gruppa sitt første emirat i Afghanistan, og praktiserte ei streng tolking av den islamske sharia-lovgjevinga. Religiøse og etniske minoritetar blei diskriminerte, kulturelle monument blei øydelagde, det meste av musikk blei forbode og kvinner blei nekta utdanning. Etter den amerikanske invasjonen i 2001 flykta leiarskapet til Pakistan. Etter mange år med krigføring starta dei ein offensiv våren 2021, som kulminerte med den overraskande maktovertakinga i august same året.  


torsdag 13. juni 2024

Basma tok krossen sin opp


For nokre dagar sidan fekk eg høyra at Basma er død. Basma var ei kvinne som tok opp krossen sin, og som fylgde etter Jesus, sjølv om det innebar mange personlege offer, slik Jesus seier i teksten for kommande søndag, (Matt 16,24-27). Ho arbeidde i Middle East Media, ein av NMS sine samarbeidsorganiasjonar. Ho delte trua si med mange, og var med og bygde opp eit viktig mediearbeid på den arabiske halvøya. 

Basma vaks opp i ein godt utdanna muslimsk familie i eit land i Nord-Afrika. Mora lærte henne tidleg å seia «nei», og stilla spørsmål ved alt ho ikkje var overtydd om. Farens visdom lærte henne å bruka alle sansane når ho lærte og studerte. Dette var nyttig kvar veke, då ein religiøs mann kom heim til dei for å gi opplæring i trua. Ein dag sa han til Basma: «Når du døyr, blir det så trangt i grava at ribbeina dine blir knust, og de kjem alle til å enda opp i fortapinga.» Basma såg for seg dette, og reagerte umiddelbart: «Nei, nei, nei, eg vil ikkje at det skal skje med meg.» Mor henner prøvde å trøysta henne: «Om du gjer gode gjerningar så Gud blir fornøgd, kjem han til å visa meir miskunn enn nokon andre.» Men Basma visste frå Koranen at Gud også kunne vera lur og hevngjerrig, og til meir ho lærte, til reddare blei ho.

Basma hadde lært at Bibelen var blitt forandra og ikkje var til å stola på. Likevel var ho nysgjerrig på Jesus, så ho brukte fem år på å studera Bibelen, og til slutt tok ho imot trua på Jesus som Herre og Frelsar. No var ho ikkje lenger redd for Gud. Etter at ho blei døypt, kjente ho på fred og tryggleik, og ho følte at Gud var nær. Enno visste ho ikkje kva det skulle bety for henne og familien hennar at ho hadde valt eit nytt liv med Kristus.  

På denne tida var Basma gift. Mannen hennar var imam i moskeen, og dei hadde tre små born – to døtre og ein son. I det ytre praktiserte ho islam, og i all hemmelighet delte ho trua si med andre i slekta. Men då fem av dei hadde blitt kristne, blei ho oppdaga. Mannen hennar og familien hans slo henne og planla å drepa henne, så ho måtte flykta både frå landet og dei tre borna sine. Hjarta hennar var knust, men Kristus blei hennar beste venn i tida som kom.

Basma fekk ein ny heim i Persiagolfen på den arabiske halvøya. Mange år seinare gifta ho seg med ein som delte trua hennar. Ho møtte folk frå MEM (Middle East Media), og fekk hjelp både til å komma gjennom alt det vonde og vanskelege ho hadde opplevd, og til å få ny jobb. Hos MEM fekk Basma åndeleg vegleiing, og opplæring i massemedia. Ho brukte evnene sine, særleg innan videoproduksjon, til å dela trua si meir og meir.

Så ein dag, fleire år seinare, fekk ho ei melding på Facebook frå sonen. Han hadde ikkje lov til å kontakta henne, og var med i ei radikal islamsk gruppe, og likte ikkje dei kristne, men han hadde behov for å vita kvifor mora hadde måtta reisa. Ho klarte å få til å møta sonen, og like etterpå blei han også kristen. Då slo faren han så hardt at han blei liggande i koma lenge. Han også opplevde mykje vondt, og havna i fengsel på grunn av trua si, men no er han ute, og har delt trua si på Jesus med andre. Både han og den eine søstera flytta til byen der mora budde.

Eksmannen og familien hans gjorde det dei kunne for å hevna seg endå meir. Sonen og dottera som hadde tatt imot Jesus, fekk falske skuldingar mot seg, og havna i fengsel. Der fekk dei det veldig vanskeleg, og Basma følte seg overvelda av motløyse. Men ho bad trufast om at borna ikkje måtte gi opp den kristne trua si.

Då dei slapp ut, la Basma ut på ei farleg reise heim til dei. Då dei møtte, sa dottera Layla: «Då eg vart døypt før dei sette ut skuldingar mot meg, kjente eg Jesus på ein måte, men i fengselet møtte han meg og viste kjærleik mot meg. Han var der med meg kvar stund og kvar dag. Nokon bibel hadde eg ikkje, heller ingen songar å lytta til, men hans Ånd inni meg var nok.» Sonen hadde også blitt trøysta og hatt fred og glede medan han var fengsla.

Tilbake på den arabiske halvøya heldt Basma fram med å arbeida for MEM og dela evangeliet gjennom ein plattform på sosiale media for isolerte kvinner i Golfen.

For eit par år sidan fekk Basma kreft, og den siste tida har vore vanskeleg. Heilt til det siste var ho aktivt med og delte trua på Jesus gjennom massemedia, og fekk leda mange til Jesus, særleg kvinner på den arabiske halvøya. Basma sitt jordiske liv tok slutt, men livet med Jesus, det tar aldri slutt. Basma tok krossen sin opp og fylgde Jesus heile livet.

torsdag 25. april 2024

Korleis går det med Dalia i Rafah?


Tidlegare denne våren fortalde den kristne TV-kanalen SAT-7 om 17 år gamle Dalia som hadde flykta frå Nord-Gaza til Rafah i sør. No er eg spent på korleis det går med henne, når den Israelske hæren står klar til det siste angrepet mot Hamas i den tett befolka byen på grensa mot Egypt.  

Det er hjarteskjerande å tenka på alle dei fortvilte menneska som ikkje har nokon stad å søka tilflukt når bomberegnet kjem over dei. Dei siste dagane har det komme meldingar om at Israel i samarbeid med Egypt har førebudd ei masse-evakuering frå Gaza til store teltleirar litt lengre nord, og me kan berre håpa og be om at dette kan skje på ein nokolunde forsvarleg måte. Men når me veit kor lite respekt dei krigande partane har for menneskeliv, er eg ikkje veldig optimistisk.  

Huset til Dalia sin familie i den nordlege delen av Gaza blei øydelagd av krigshandlingane. Derfor flykta dei sørover til onkelen hennar i Rafah. Der har ho, mora og søskena henner opphalde seg i lag med 30 andre slektningar. “Me var heldige”, seier ho, for i andre hus kunne det bu mellom 50 og 100 menneske. Vil dei no klara å komma seg ut av Rafah og i nokolunde sikkerhet utanfor den verste krigssona?  

Dalia gjekk siste året på vidaregåande, og hadde håp om å begynna å studera i utlandet før krigen braut laus. Kva skjer no? Alle universiteta inne i Gaza er utbomba. “Eg vil gjerne læra, og eg vil komma tilbake for å bygga landet mitt”, seier ho. “Alle jenter på min alder har håp. Sjølv har eg lyst til å studera markedsføring”. At ho har forretningstalent, det har Dalia allereie vist. I to år dreiv ho ei nettbedrift som selde klær. Forretningen gjekk bra fram til krigen, men alt blei øydelagd då huset brant ned. Likevel har ho håp: “Om me ikkje har håp, korleis kan me fortsetta å leva? Me skal komma tilbake betre enn før, bygga opp igjen og læra. Sjølv om eg misser dette året, har eg enno tid, og eg kan studera neste år. Me skal bygga opp igjen skulane og universiteta våre. Så lenge det er liv, er det håp!”  

I skrivande stund veit eg ikkje korleis det går med Dalia. Eg kan berre håpa og be om at den komande delen av krigen ikkje må føra til store sivile lidingar.  

Eg har mykje meirhjarta om konflikten mellom israelarar og palestinarar, men det må bli ein annan gong.  


Kyrkja utan veggar - når skjermen blir heilag grunn

Iranske kristne samlast til gudsteneste i heimane. SAT-7 kallar det «The Church Without Walls». Ei kyrkje som ikkje treng murar, men som fin...